tirsdag 6. desember 2016

Rillejakke, i str alt for stor for pinne nr.3!

Som eg har nevnt tidlegare var eg ute å reiste jorda rundt høsten 2015, ja, eg er faktisk så treig med blogginga at eg framleis har noko eg strikka då som eg ikkje har lagt ut! Dei siste nøsta eg hadde i sekken var nokre møster med Baby Alpakka Silk som eg hadde planlagt til ei rillejakke. Eg fann då ut at eg skulle strikke denne i størrelse 1 år. Det var ikkje noko spesiel grunn til dette, då den ikkje var tiltenkt nokon spesiell, men slik blei det nå. Når jakka strikkast i riller, på pinne 3, ja då angrar du fort på størrelse 1 år! Det var ei lokka at det var dei siste nøsta eg hadde i sekken, for ellers hadde den aldri blitt ferdig! Men skulle eg strikke, så var det kun den eg kunne strikke på. Så denne jakka blei ferdig i løpet av dei siste dagane i Thailand før me vendte nasen mot Norge igjen. Så ferdig blei den!


Rillejakke
Av restegarnet fekk eg også laga ei lue: 
Rillejakke og lettstrikka lue


Rillejakke og lettstrikka lue
Rillejakke og lettstrikka lue


Mønster: Rillejakke med snoninger
Hefte: Babystrik på pinde 3
Garn: Baby Alpakka Silk
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: 138g
Lua som blei strikka til er inspirert av den britiske kongefamilien. Eg strikka nøstebarn si lettstrikka lue med "snoninger" i sidene. Passa godt til jakka syns eg. 

Mønster: Lettstrikka lue med egen vri
Bok:  Strikk til nøstebarn
Garn: Baby Alpakka Silk
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: 27g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)