lørdag 10. desember 2016

Little Edith's Romper

Har du vore å sett på nettsida Little Edith's Knit? Dama bak nettsida lagar dei søtaste romparane, og favoritten er uten tvil Little Edith's Romper. Eg har strikka denne ein gong før også (sjå innlegget her).

Fargevalet havna denne gong på den fine lys grå-blå-grønne fargen frå Drops, ein farge eg syns er utrolig fin. Det gjekk akkurat å strikke den på kun eit nøste!

Mønster: Little Edith's Romper
Nettside: littleedithsknit.com
Garn: Babymerino frå Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbuk: 48g

God match saman med rillejakka frå forrige innlegg. 

Rillejakke og Edith's Romper møter høst

Kva med søte små tøfler til? 
Og ei kvit strømpebukse frå ministrikk.no kanskje? 

1 kommentar:

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)