torsdag 31. mars 2011

Mariusgenseren er ferdig strikka! :)

Endelig har eg fått strikka ferdig mariusgenseren etter ein liten pause! Nå gjenstår berre montering...

Endelig er to armar på plass

Mariusgenser klar til montering

Heldigvis er mamma kjempesnill og skal montere denne saman med meg når eg kjem heim i påsken! 

onsdag 30. mars 2011

Strikkekos i sola!

For ein gång skyld hadde eg litt fri frå skulearbeidet i dag, og tenkte at eg måtte benytta det fine været! Så eg tok med meg strikketyet og satt meg på terassen!

Fin utsikt mot Askøy og Askøybroa på eine sida...


..og Bergen sentrum på den andre sida, herleg! 


Men eg var nok litt vel opptimistisk. Vårsola er ikkje heilt på plass enda, og etter ein halvtimes tid måtte eg gå inn igjen. Men den er på veg i det minste! :)


mandag 28. mars 2011

Update!

Til tross for eit mindre tilbakeslag(!) går det endeleg på fram med mariusgenseren :)

To stk armar under produksjon!

Denne gången blir det brukt hjelpetråd slik at eg ikkje gjer feil igjen :P

lørdag 26. mars 2011

Pc-veske i mariusmønster

Denne blei eg ferdig med i gårkveld. Ny Mac, fortjener ei fin ny pc-veske!

Mønster: Marius
Garn: Mor Aase
Pinner: 2,5

Pc-veske i mariusmønster, elsk!


Sidan eg ikkje hadde mønster var eg litt spennt på om den ville passe, men eg blei kjempenøgd og den passar kjempefint! Nå kan eg endelieg ta med meg Mac'en min rundt omkring uten at den blir stygg :) Mariusmønster passar til ALT! :P

fredag 25. mars 2011

Vondt i strikkehjerte

Hater når dette skjer!



Hadde økt feil, og i og med at denne skal gis bort er det ikkje så gøy å gi den bort med feil, då blei dette resultatet!

Eg må innrømme at den låg ei stund slengt i eit hjørne etter eit raseriannfall då eg innsåg at eg måtte strikke den på ny. Det resulterte i at eg måtte ha ein liten pause frå heile genseren, og har derfor to halvferige prosjekter å vise til, men nå er den nye armen starta på i det minste ;)

søndag 20. mars 2011

torsdag 17. mars 2011

UGLEsokker!

Å gjett om eg blei glad når eg fann dette mønsteret! Eg har som dykk sikkert har sett blitt heilt hekta på ugler i alle fargar og variantar, og når eg datt over dette mønsteret berre måtte eg legge alt til side og strikke dei :P Eg tok det fyrste garnet et fann i strikkekurva, og satt i gang!

Uglesokker i produksjon!



Mønster: Owlsocks
Garn: Safirgarn
Pinner: 2,5

Eg blei kjempenøgd med resultatet, og eg er spesielt nøgd med at eg lærte meg å strikke skikkelig hel mens eg laga dei, så nå kjem det nokk fleire sokkar! Og antageligvis eit par til av desse herlege uglesokkane! :)

tirsdag 15. mars 2011

Ein hyggeleg oppmerksomhet!

Eg har fått min fyrste blogg-award! Det er en "Inspirerende blogg-award", kjempekoselig! :)

Denne kom ifra http://mettehobby.blogg.no, ta turen innom!

Tusen takk!



Min oppgave nå er å gi denne blog-awarden vidare til 5 bloggar som har mindre enn 100 følgarar, og eg velger å gi den vidare til:

http://minegenlaga.blogg.no/

http://diddis.blogg.no/

http://siewartzhobby.blogg.no/

http://pokerfacedesigns.blogspot.com/

http://elinshobby.blogg.no/

søndag 13. mars 2011

Kva for strikke/hobby-blogg les du?

I det siste har eg leita etter nye bloggar som eg kan lese, men eg har ikkje funne så mange. Derfor spør eg deg; kva for bloggar les du? Har du nokon gode og inspirerande bloggar du veit om? Viss du har forslag legg gjerne igjen ein kommentar, det kan godt vera din eigen eller nokon annan sin, eg vil berre ha inspirasjon!


Det er ikkje berre strikkebloggar eg er ute etter, men også hobbybloggar :) Ps. et fint verktøy for å holde seg oppdatert på alle bloggane ein les er å benytte bloglovin, denne sida er heilt genial, alle nye innlegg på dei bloggane du vil følgje kommer opp på framsida, også dei bloggane som ikkje er på blogg.no :) Du finner også min blogg inne på den sida.

Så legg igjen ein kommentar om du vil eg skal lese din blogg eller ein annan blogg du likar godt! :) Eg sett utruleg stor pris på det!

fredag 11. mars 2011

Mariuslue til herre

Nå er neste Mariuslue ferdig, denne er strikket i herrestørrelse:

Mønster: Marius
Garn: Rubin
Pinner: 3 og 3,5

Lua blei denne gangen uten dusk, ettersom det tydligvis ikkje var så mandig med dusk på :P Ser ikkje ut som at eg skal bli lei av marius-mønsteret med det fyrste, har allerede ett par nye prosjekter i mariusmønster i tankane, og set antageligvis i gang så snart eg har mogligheit :)

torsdag 10. mars 2011

Marius, marius, marius!

"Kroppen" på Mariusgenseren eg strikkar på er nå ferdig! :) Kun armane igjen :P

 Soon to be Mariusgenser :)

Eg har også starta på ei ny Marius-lue til min bedre halvdel:


Marius-lue til herre :)

Det går mykje i Mariusmønster for tida, og meir kjem det nok! ;)

tirsdag 8. mars 2011

Mitt reiseliv dei neste 6 månadane!

Eg har to hobbyar som eg er utrulig opptatt av, den eine er som dykk har sitt mykje av her, strikking og alt mulig håndarbeid, den andre er å reise, eg elskar å reise! Reiselysten slo inn for fullt etter eit utvekslings-semester i New Zealand, og nå får eg berre ikkje nok! Som dykk kanskje såg i eit tidlegare innlegg var eg og min kjære på Cuba nå i desember/januar, og nå blir det snart tur igjen på oss begge :)

Dette skal eg i løpet av dei neste 6 månadane:


Mars: På shoppingtur med nokon veninner til London!




Juni: To veker til Italia; Tuscany og Sardinia, med familien og kjæreste :)




August: 4 veker til USA! Meg og min kjære skal fyrst nokon dagar til New York, før me skal ta for oss vestkysten! :D

Eg kan vel trygt sei at eg gler meg utruleg til dei neste 6 månadane, og har massevis av reiseplanlegging framfor meg, love it! Må berre presse inn litt skule innimellom også ;) Vist nokon av dykk har vore på nokon av desse plassane og har reisetips å komme meg, blir eg veldig glad! :)

søndag 6. mars 2011

Framgang på Mariusgenseren :)

Denne helga har gått mykje til håndarbeid, det kommer mykje av at eg er sinnsjukt forkjøla og kan ikkje gjera så mykje anna enn å sitte å strikke, og då blir det framgang!


Mariusgenseren som eg starta på her
Har nå kun ett par omganger igjen på "kroppen" :)


Trur det blir med dette i denne omgang, nå treng eg å lade opp til ein dag fyllt med skularbeid i morgon, ingen vinterferie her i gården nei!

Nye strikkevesker

Har laga nokon fleire strikkevesker denne helga, eg har etter kvart så mykje fint stoff at eg berre vil sy og sy! Så på fredag blei tri nye strikkevekser til:

 Nye strikkevesker :)

Ein del av dei strikkeveskene eg lagar har eg gitt bort, de fungere veldig fint som bursdagspresang til strikkeglade mennesker!

Mens eg såg på 3-mila i går sydde eg nok ei veske, men denne til eit litt anna formål:


Denne veska blei laga til alle neglelakkane mine, nå har eg endelig orden på dei! :)

Nå skal eg, isaman med ein pakke kleenex og repsils, sjå 5-mila og strikka på Marius-genseren. Oppdatering av genseren kjem snart. Ha ein fin sundag! :)

torsdag 3. mars 2011

Mariuslue

Inspirert av ski-vm måtte eg laga meg ei skikkelig norsk lue, og valget fallt på mariusmønster:

Mønster: Marius
Garn: Rubin
Strikkepinner: 3 og 3,5

Eg blei veldig nøgd med resultatet og den fekk veldig fin passform, akkorat slik eg ville ha den :) Eg benytta ikkje noko spesifikt luemønster, eg fann berre ei oppskrift for å sjå kor mange masker eg måtte legge opp og så plukka eg ut det eg ville ha av marius-mønsteret frå ei genseroppskrift :P

tirsdag 1. mars 2011

Korleis lage strikkeveske?

Tenkte å dele me dykk korleis ein lagar ei strikkeveske :)

Men dette mønsteret er kun til eige privat bruk og skal ikkje seljast vidare (ferdige produkter).

Eg tar utgangspunkt i dei veskene eg har laga som målar ca 12 x 12 x 26 cm. Vil du har andre mål er det berre å rekne deg fram. Fremgangsmåten er nokså detaljert, men meir erfarne sydamer trenger mest sannsynlig berre måla ;) :

Start med å skjære til ein firkant på 40 x 50 cm. Ein til yttersida, innersida og ein i vatt.
Firkanten i vatt må vera litt kortare slik at d ikkje bli for tykt når ein syr i glidelåsen. Eg pleiar la den vere ca 2 cm kortare i kvar side på kortsida. (40 x 46cm)


Deretter må desse tre firkantane leggast oppå kvarandre, med yttersida ut. Eg har her brukt tekstil-lim på boks for å feste desse saman (dette er ikkje nødvendig, ein kan også nåle dei saman)


Lim saman lag på lag. Om du vil ha ei litt finare innside enn kva eg har laga kan du først sy yttersida og vatten saman til ei veske etter framgangsmåten nedanfor, for så å lage ei identisk veske av innerstoffet som du putter oppi den fyrste veska og nøster fast. Då vil det ikkje vera nokon sømmar som visar inni veska. Men sidan eg ikkje er så erfaren med sying, fann eg ikkje dette nødvendig da eg synast at den ser heilt grei ut på den måten eg har gjort det på og det går vesentlig mykje fortare :D

Legg kortside mot kortside på vranga og sy saman , ha litt godt med sømrom. Bruk strykegjern for å dele og flate ut "sømmen", nål på glidelåsen og sy denne på mens du har mønstersiden ut. (husk å skifte fot på symaskinen).


Ferdig påsydd "skjult" glidelås.

Sidan eg likar at ting går fort har eg ikkje brukt veldig lang tid på at innsida skal sjå superfin ut. Når glidelåsen er sydd inn har eg derfor berre klippet av stoffrestene ved glidelåsen og sydd zikkzakk sting langs kanten for å hindre at stoffet rakner. Når dette er gjordt kan ein sy igjen sidene. (husk å sprette opp sømmen i midten slik at glidelåsen kommer fram, og lukk den litt opp sli at du kan vrenge veska etterpå.) Pass på at glidelåsen er på midten. Gjer også likt her med å sy zikkzakk langs kantene.



Viss du vil ha ein liten flipp til å holde i når du tar opp glidelåsen må du legge den inn mellom før du syr saman sida. Eg pleier ha denne flippen på den siden glidelåsen går ned (dvs høgre på bilete)

Nå er du nesten ferdig! Hold veska på vranga og lag til trekanter i hjørnene (sjå bilete). Her må du måle opp slik at veska bli rett. På denne veska skal denne sømmen bli ca 12 cm (mål at du får den på midten).


Gjør dette i kvart hjørne. Viss du vil ha håndtak må du fikse dette før du syr saman hjørnene. Denne fester du på rettsiden med nål slik at den kommer midt på (på same side som flippen), deretter vrenger du og syr over hjørnene . Eg pleier å teikne ein strek over slik at sømmen blir rett. Eit tips til håndtak og "flippen" er å ta litt av stoffet du brukar til fôr og skjær ei strimle på ca 8 cm. Brett denne inn 2 cm på kvar side for så å brette saman på midten, sy rundt heile kanten. Av denne kan du klippe av ein passeleg bit til flipp, tilpass resten til håndtak. Eg pleier å brodere litt pynt med symaskinen på både håndtak og flipp, gjerne navn.

Når alt dette er fiksa klipper du av hjørnene med passelig "sømrom", for så å sy over zikkzakk igjen.


Ferdig avklippa og zikkzakka! :)

Då gjenstår det berre å klippe av litt trådar og vrenge veska, og whoala! Ein stk strikkeveske!


Ferdig strikkeveske! :)

Viss noko skulle vera uklart her eller om dykk lurar på noko anna er det berre til å ta kontakt :)

Lykke til! :)


Ps. viss nokon legg noko ut på bloggen sin i forbindelse med denne oppskrifta (f.eks bilder o.l.) setter eg pris på at du linkar dette tilbake til min blogg :)