tirsdag 31. januar 2012

Ei himmelsk strikkeoppleving!

Ein av julegåvene min var dei fantastiske strikkepinnane KnitPro! Det er rundpinnar, og dei er rett og slett geniale! Du kan skru av vaieren, slik at du kun treng ein pinne av kvar størrelse og så kan du berre skifta lengde etter behov :) Og ikkje minst; dei er fantastiske å strikke med!

Mitt fantastiske Knit Pro sett

Vaiere i ulike størrelsar

Strikkepinnane blir brukt aktivt i mitt nåvarande prosjekt
Om du skal ha deg nye rundpinnar så kan eg anbefala desse på det varmaste! Eg er jo fan av å strikke med bambus, så eg var litt småskeptisk til om desse var like gode ettersom desse er laga av bjørk. Dette er då bekrefta,  for dei er himmelske å strikke med, og minst like gode som babus :) Om du kjøpar dei i Noreg er dei i overkan dyre, så eg anbefalar å kjøpe dei når du er i utlandet eller bestille dei frå utlandet på nettet (var det eg gjorde) :) Eg bestillte dei på denne sida (ja eg bestillte dei sjølv, sjølv om det var julegåve frå mamma dei til meg ;)) Eit tips er å bestille dei som gåve til nokon (du kan huke av for dette når du bestiller), då vil du mest sannsynleg sleppe unna momsen ;) 

8 kommentarer:

  1. Åååå, sånne har jeg ønska meg lenge! Men i steden for å invistere i kvalitet har jeg gått bananas på ebay... Kvantitet framfor kvalitet desverre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det har eg også gjort, så eg har mange pinnar frå ebay :P Brukar strømpepinnane eg har kjøpt der heile tida, men nå er det kun knitpro som gjeld når eg treng rundpinnar, verkeligt verdt pengane! :P Vil på sikt kjøpe meg knitpro strømpepinnar også, men d får vente litt :P

      Slett
  2. Jeg var inne å titta litt på siden, men fant bare med lange vaiere.... Jeg kunne tenkt meg 40 og 60 cm.... Synes de ser kjempefine ut!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kjøpte det settet med pinnar eg, der var det lenge frå 60 og oppover. Eg bestillte 40 cm vaiere på ebay, og korte pinner der som går til :)

      Slett
  3. Åh, nå ble jeg strikkelig misunnelig altså;) For et flott sett, viktig med godt utstyr. Skrevet opp på ønskelista nå!

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei må vera det beste som har skjedd innan strikkeverda ;)

      Slett
  4. Sånt sett har æ vært lenge på utkikk etter! I Norge koster det liksom litt for mye for en stakkars student ;) Du har virkelig gjort et kupp der, Knitpro e de beste strikkepinna æ vet om :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mhm, det er litt dyrt for ein stakkars student, derfor ønska eg meg det til jul ;) Men på den sida eg har laga link til kostar det "berre" 500 kr for settet :D Verdt kvar ei krona spør du meg!

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)