lørdag 21. januar 2012

Prematurstrikk; Mariusluer

Marius er og forblir ein favoritt her, så sjølvsagt måtte eg strikke nokre slike til premature også! Eg syns dei blei kjempe nusselige og bitte små :) Dei luene eg har strikka i det siste var det meininga eg skulle gje bort til Amandaprosjektet, men så blei eg oppmerksam på eit anna prosjekt, prosjekt Malawi. Dei sender kvar år ned ein container med klede og anna nødvendigheiter til sjukehusa i Malawi. Dei ønska også strikke luer osv. til dei nyfødde og dei premature. Neste sending ned dit er i månadsskifte januar/februar og det blir sikkert lenge til neste gong. Nå har eg jo bygd meg opp eit lite lager med luer (16 stk), og tenkte at eg då kunne gje desse til dei stakkars barna der nede, dei har jo ingenting! Amandaprosjektet er jo eit løpande prosjekt så eg tenkte berre å strikke nye luer til dei :) 

Men så til det dette innlegget eigentleg er om, Mariusluer!



Mønster: Lue til dukke i Klassikere frå Sandnesgarn
Garn: Baby-ull
Pinne: nr. 2,5

Eg håpar at desse kan varme små hoder nede i Malawi! :) 

6 kommentarer:

  1. åh, så utrolig søte!!
    Og for et kjempefint prosjekt :)

    SvarSlett
  2. Å så små! Nusselige luer, altså! Du sender ikke bare sårt trengte luer nedover, men du sender også ned et stykke norsk tradisjonsstrikk:) Flott prosjekt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! :) Ja det er eit kjempeprosjekt, begge to, så etter at desse er sendt får eg jobbe med å bygge opp eit nytt lager til Amandaprosjektet :)

      Slett
  3. Søte små luer:) Tenk at noen kan være så små... Jeg er også fan av Amanda-prosjektet, virkelig et flott iniativ:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er merkeleg å tenke på at noko er så lite! Desse luene vil ikkje gå til Amandaprosjektet nå i fyrste omgång, trur eg skal sende dei til Afrika istaden for, så får eg strikke nye til Amandaprosjektet :)

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)