søndag 25. mai 2014

Posebukse uten ben #1

Det er vel ingen hemmeligheit at eg har falt pladask for rompertrenden. Eit søtare strikkeplagg skal ein leite lenge etter. Derfor er eg ikkje vond å be når eg ser ei ny romperoppskrift. Denne gongen falt valet på Gustav & Berta si oppskrift "Posebukse uten ben". Den er veldig enkel og plain, men veldig søt!

Garnvalget fall denne gong på Extra Fine Merino etter ein tur innom Pickles, i ein nydelig blåfarge. Garnet er veldig godt å strikke med og blir jevnt og fint. Oppskrifta er enkel, og passar fint som bilstrikk eller tvstrikk, då det er lange partier i glattstrikk og ei vrangbord som føles lang som eit vondt år. Det skal nevnast at å strikke vrangbord er noko av det kjedeligaste eg gjer! Vrangborden strikkast dobbel, slik at den brettast og sys fast etterpå. Men ettersom å måtte montere er endå kjedeligare enn å strikke vrangbord, tok eg å strikka denne saman. Det gjorde eg med å strikke ei maske saman med ei maske i opplagskanten heile veien rundt. Det funker veldig bra! Ein må berre passe på at knapphola kjem korrekt over kvarandre. 

Framsida

Baksida

Eg har fått dilla på perlemorsknappar, fleire må kjøpast inn!

Mønster: Posebukse uten ben frå "Strikk til smårollinger"
Garn: Extra Fine Merino frå Pickles
Pinne: 2,5 og 3,5
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: 72g

16 kommentarer:

  1. Å, denne er på strikkelista, ja :)) kjempefin!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Den var lenge på strikkelista mi også, og fleire blir det! :)

      Slett
  2. Hvor er den bare fin! Jeg skal altså også prøve at strikke romper! :)

    SvarSlett
  3. Morsom bukse! Tenker 50-60-tallet jeg, da jeg ser slike bukser :)
    Ha en fin uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tror oppskriften er lagd med 50-60-tallet i tankene :)

      Slett
  4. Hvor er de bare fine! Jeg vil også i gang med romper:-) hvor langt går opskriften mht alder? Kh Ingrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Oppskriften går ikke så langt opp...jeg har strikket største størrelse. Dvs at 9-12 mnd er største størrelse.

      Slett
  5. Å, så utrolig søt! Fin farge:)

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)