torsdag 8. desember 2016

Hvit rillejakke

Kan ein få for månge kvite jakker? Eg syns det er utrolig fint og yndig med kvit til dei aller minste. Noko som er godt synlig i ferdigstrikk-kurven min. Derfor er det kanskje ikkje så overraskande at det også måtte bli ei kvit lita rillejakke frå "Babystrik på pinde 3", med flette. Yndig blei den. Eg har lært etter den forrige rillejakka eg har strikka, difor blei det størrelse 0-3 mnd denne gongen, mykje meir overkommelig enn str. 1 år!

Mønster: Rillejakke med snoning
Hefte: Babystrik på pinde 3
Garn: Babymerino frå Drops
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 100g 
Jakka blei strikka bittelitt kortare enn oppskrifta, slik at det akkurat gjekk to nøster. 

I høstlige omgivelser
Rillejakke

1 kommentar:

  1. Må si meg litt enig med deg, hvitt er alltid pent på de minste.

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)