![]() |
| Søtt jentete sett! |
Bloomsbury genseren har eg lenge tenkt å strikke, men har aldri funne ein passande anledning. Når mammaen sa at ein genser kunne vore fint til lillejenta, då såg eg mitt snitt til å prøve meg på denne. Den er veldig gøy å strikke, og ettersom det er mønster heile vegen føler du heile vegen framgang. Det hjelper også på at den strikkast med litt tjukt garn på pinne 5 og 5,5, då går det unna! Mønsteret kan kjøpast på Ravelry, sjå link under bilete.
| Mønster: Bloomsbuy Størrelse: 18 mnd Pinne: nr. 5,5 (og 5) Garn: Nepal frå Drops Garnforbruk: 185g |
| Baksida på genseren er bare nydelig! |
Ettersom eg nå har fått meg "knitting mill" så er det ikkje noko stress lengre å lage snorer. Eg laga difor likesågodt 2 stk, i ulik farge:
| Mønster: Foldeskjørt frå Strikk til smårollinger Størrelse: 1-2 år Pinnestørrelse: nr. 3 Garn: Merino Extra Fine frå Drops Garnforbruk: 69g |
| Lue og genser |
![]() |
| Mønster: Clover Earflap Hat Størrelse: 1-2 år Pinne: nr. 2,5 Garn: Baby Merino frå Drops Garnforbruk: 40g |
Komboen av strikkeplagg likte eg så godt at eg er i gong med eit nytt!





















