torsdag 28. oktober 2010

Mariusgenser

Dette prosjektet skulle bli starten på min store strikkekarriere. Eg fann ut sist haust at eg hadde lyst på en Mariusgenser og enklaste måte å skaffe seg ein var å strikka ein fann eg ut! Mamma meinte på at det var litt ambisiøst som fyrste store strikkeprosjekt, men eg køyrde på. I starten var det vanskelig å sjå enden, men det gjekk overraskande fort på fram, den var ferdig før jul! Sjølv om eg likar den originale Mariusgenseren, bestemte eg meg for å strikka den med ein vri, eg valde fargane svart, kvitt og grått, på denne måten kunne eg bruke den til alt.



Eg likte veldig godt å strikka denne genseren, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir strikka ein til! (sjølv om det tok veeeldig land tid!) Den blei forresten strikka i Falk frå Dalegarn, eit garn eg likar veldig godt og brukar ofte.

Var ganske så stolt når denne vart ferdig strikka!
Sidan eg ikkje har strikka nokon genser før, har eg heller ikkje montert ein genser før. Då er det godt å ha ein snill mamma som hjelper til, ho monterte heile genseren for meg! :) Eg bør nok læra meg å gjera det sjølv på sikt, men resultatet blei uansett bra!

Ferdig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)