lørdag 7. mai 2011

Oppskrift på lommetøfler

Eg fant desse tøflene oppi rotet mitt her ein dag og tenkte at dette kanskje var ei oppskrift som eg kunne dele med dykk. Desse er spesielt greie å strikke for deg som ikkje er så erfaren, for dei er kjempeenkle! Pluss du får øvd deg på rett og vrangt ;)

 Lommetøfler :)


Slik pleiar eg å gjera det:


  • Legg opp 5 masker, og strikk rillestrikk att og fram ca 2 cm (dette blir halve "reima")

  • Øk deretter med ei maske i staten av kvar pinne til du har 22 masker på pinnen. 

  • Strikk så ein omgang der du økar til 44 masker.

  • Start så å strikk 2 rett og 2 vrang i ca 14 cm. 

  • Strikk så ein omgang rett der du fell til 22 masker (fell med å strikke 2 masker sammen)

  • Nå skal det strikkes rillestrikk igjen, mens du feller ei maske i starten av kvar omgang til du har 5 masker igjen.

  • Strikk så 2 cm og fell av.

  • Nå skal dei sys isaman. Då brettar du heile tøffelen. Reima skal sys saman, samt begge sidene (kun der du har strikka r og v)

Eg har strikka desse i østlandsgarn på pinne 4. Ettersom dei viar seg ut vil dei passe dei fleste dame/jente-føtter :)




Slik ser dei ut når dei er sydd saman :)



Og slik ser dei ut på foten



Eg satt min eigen tuch på dei med å hekla ein blom (det einaste eg kan hekla;)) som eg festa på til pynt, det går også an å feste på ein fin knapp til pynt :) På sesse har eg også lagt inn to striker grått, men eg syns eigenteleg at dei blir finast einsfarga.




Håpar nokon får nytte av denne oppskriften.
Ps. setter pris på om du linker til bloggen min om du benytter oppskriften :)  

Lykke til!

1 kommentar:

  1. Hei
    likte denne oppskriften men for å se om jeg skjønte deg riktig hadde d vært kjekt m litt bilder underveis eller små snuter der du viser undervis :-) nybegynner og trenger å mates m t skje ;-)

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)