tirsdag 14. februar 2012

Halvpatent

Den siste tida har eg berre starta på nye og nye prosjekt. Utolmodig? JA. Derfor har babystrikk vore ein fulltreffer for tida. Det går jo så fort! Har eit par ting ligganede nesten klar som eg skal vise etter kvart. Men eg har også eit par store prosjekt på gong. Til jul gav eg "gåvekort på Mariusjakke" til kjærasten min, noko som vil sei at eg faktisk må strikke denne jakka for at han skal få gåva si :P Og det er ikkje berre berre for ei utolmodig sjel ;) Men kofte må det bli til slutt! Har starta, men pga. at eg brukar anna garn enn oppskrifta fann eg ut at eg må rekke opp å strikke ein størrelse større...sååå det får vente litt, til helga kanskje? :P 

Men eg held også på med ei jakke til meg sjølv som eg burde få ferdig. Denne blir strikka i halvpatent og der dødsdigg ut!
Deilig og mjuk jakke i halvpatent
Sjølv om jakka ikkje er ferdig endå, er eg allereie blitt forelska i ho, og eg veit at ho kjem til å bli mykje brukt! Så utruleg mjuk og god! og ikkje minst fin :) Det gjenstår berre to armar, så kanskje det er på tide å få ho ferdig? Eg får sette i gong! 

8 kommentarer:

  1. Oo! Gleder meg til å se Mariuskofta! Og jakka til deg selv.. hvilket garn bruker du? Det så veldig godt ut, og varmt:P

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, då må du nok smøre deg med tolmodigheit! Rekka opp det eg hadde gjort i dag :P Må begynne på ny og det orkar eg ikkje å gjere med ein gong, til helga kanskje? ;)
      Garnet eg strikke jakka mi med er Abuelita Tjukk Merino frå Pickles, eit fantastisk mjukt og godt garn :)

      Slett
    2. Jeg har all tid i verden;) Mariuskofta dukker vel opp her i løpet av livet:p Å, kjedelig å rekke opp igjen, uansett hvor langt eller kort man har kommet. Det var vel sånn garn jeg vant på den giveawayen om jeg ikke husker helt feil? (Har ikke garnet akkurat her:P) Har begynt å strikke noe av det, veldig mykt og godt! Kan tenke meg hvor deilig den jakka blir:)

      Slett
    3. Tja, i løpet av livet ja, har vel satt fristen til påsken men får nå sjå (med tanke på at eg kun har strika 2 cm) :P Ja det stemmer, der er likt det garnet som du vann :) Kjempedeilig garn! Gler meg til å sjå kva du har laga av det :)

      Slett
  2. Halvpatent? Aldri hørt om.. Må nok googles:) Kreativ julegave, heldige kjæresten din!

    SvarSlett
    Svar
    1. Halvpanent ja! Hadde ikkje eg heller høyrd om før eg starta på denne jakka :P Lett å strikke og det gir ein fin effekt!
      Hehe, kanskje kreativ julegåve, men den skal nå strikkast også da! Håpar han får den til slutt ;)

      Slett
  3. flink du er:-) Eg lovde min mann "marius-vest" rett og slett for eg ikkje har tålmodighet å strikke så store prosjekter ;-) Har og måtte rekke opp igjen, den var ALTFOR stor!#kjipegreier

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! :) Ein vest er nå også eit forholdsvis stort prosjekt da :) Måtte rekke opp på kofta eg også og starte på ny, men eg var heldigvis ikkje kome så langt. Men det er ALLTID surt å rekke opp :P

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)