fredag 27. april 2012

Strikkegal i Paris!

Sjølvsagt var strikketøyet med til Paris, og strikking blei det. Me hadde jo planlagt ein avslappande tur med mykje kafé- og park-sitting, alt etter kva vêret ville tillate, og ein rastlaus sjel må jo ha tidsfordriv. 

Litt strikking på flyet

 Litt strikking i Jardin du Luxembourg, mens kjærasten tok ein aldri så litan middagskvil!

Og når ein er i ein ny by, må ein jo alltid undersøke kva strikkebutikkar som er i nærheita. Til dette er Knit Map genial! Men eg blei likevel litt skuffet...

La Droguerie
 Denne hadde eg lest om på ein blogg at skulle vera strikkebutikken ein berre måtte få med seg. Tja, veit nå ikkje heilt eg... Den var stor, og fullstappa med folk. I tillegg til garn, hadde dei både stoff, knappar, perler osv. Men det var for det meste håndspunne garn som hang på knagger på veggen, og eg syns det var vanskelig å orientere seg. Det heile ente med at eg berre gjekk vidare.

Det stod faktisk skilt på føra om foto forbudt, men ingen kunne hindre meg i å ta bilete på utsida ;)
Dei neste butikkane eg prøvde meg på var stengde, sidan klokka var over 15:00 på ein laurdag...
Stengd

Stengd
 Den neste butikken var det eg syntest var den beste, utan tvil. Mykje av årsaka var nok at dei selde knit pro pinnar!


Her fekk eg også tatt eit bilete inni butikken. 
Litan og koselig :)

Dette var den einaste butikken eg kjøpte noko i, og dette var det eg tok med heim:

Diverse KnitPro utstyr! :D

Nokre nøster av denne sorten blei også med heim

 Siste dagen, slo me ihel litt tid ved å sitte å kose oss i sola ved Musée du Louvre, før flyet vårt skulle gå.

Strikking ved Louvre

Må vera litt kreativ når ein er på tur og ikkje har tilgong til alt strikkeutstyret

Me hadde ein fin-fin Paris-tur, og kosa oss mykje :)
Resultatet frå Paris-strikkinga vil kome etter kvart!

2 kommentarer:

  1. Åh, får du ta med strikkepinner ombord på fly? Jeg har blitt stoppa i sikkerthetskontrollen på grunn av ei penn de syntes var for skarp... Så har aldri turt å ta med strikketøy i frykt for at jeg må la det være igjen :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det får du :) Iallefall når du flyr i Noreg, kan hende det ikkje er alle utenlandske flyplassar som godtar det, men det gjekk både fram og tilbake frå Paris :) Men dei må ikkje vera lengre enn 20 cm, og eg følar meg tryggast med trepinnar, sjølv om eg har reist med metall også :) Eg har alltid med meg strikketyet når eg flyr, spesielt innenlands, og det har det vore mykje av i det siste :P

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)