tirsdag 21. januar 2014

Babyrumper

Har du sett noko så søtt som ein babyrumper? Min fasinasjon med rumpere starta etter ein tur inne på bloggen til Gustav og Berta. Dei hadde laga dei søtaste babyrumperene som du kan tenke deg! Og best av alt, oppskriftene skal kome ut i ei bok! Ulempen; boka kjem ikkje før i mars/april... Utålmodig som eg er, så starta eg å leite etter slike oppskrifter. Eg fann litt rundt om på nettet, men ingen som var like fine. Til slutt fann eg ei bleietruse som eg syns var søt. Så då brukte eg den som utgangspunkt og gjorde den om til ein babyrumper. Eg hadde mine tvil underveis, og på eit tidspunkt syns eg det såg ut som den ville bli riktig så stygg. Men eg bestemte meg for å gjere den ferdig, noko eg er veldig fornøgd med, for resultatet blei mykje betre enn frykta! Den blei jo rett og slett veldig søt! 







Mønster: Bleietruse omgjort til rumper
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3 (trur eg.. eg MÅ bli flinkere til å notere dette!)
Størrelse: 3-6 mnd kanskje?
Eg har også funne nokre fleire mønstre på rumpere som eg tenker å teste fram til boka til Gustav og Berta kjem ut! 

12 kommentarer:

  1. Er også glad for at du fortsatte. Den blei veldig fin og kommer nok til å bli brukt en del.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Foreløpig ligg den i gåveeska, men den får nok ein eigar etter kvart! :)

      Slett
  2. Åh den var skjønn! Virkelig bra du fullførte altså ;)

    SvarSlett
  3. Så søt!!! Nydelig lite plagg som blir deilig for en liten skatt :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! :) Det blir spennande å sjå om han har bra passform sidan eg berre strikka etter hovudet :)

      Slett
  4. Denne ble knallfin! Imponert over at du greier å kombinere mønster å lage en egen versjon! Har gledet meg så lenge til boka til Gustav og Berta:) Legger meg til som følger jeg, her var det mye fint:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! :) Desperate times, calls for drastic measure! Når du berre MÅ strikke ein rumper, og boka ikkje er kome ut enda, då må du jo berre få det til! Føler eg har venta på boka deira ein halv evighet!

      Slett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)