Instagram er ein veldig fin inspirasjonskilde som eg brukar dagleg (følg meg på @strikkexpressen) og eg finn støtt og stadig inspirasjon til både nye strikkeplagg og fargekompinasjonar. Før jul falt eg pladask for ein fargekombo og strikkeplagg samasetning, der eg faktisk hadde alle mønsterene OG fargar i garnlageret mitt. Så då var det berre å sette i gong!
Setter består av Lillies topp frå hefte "Babystrik på pinde 3", bleiebukse frå Hentesettet til ministrikk.no, og 3-i-1 kyselue også frå ministrikk.no. Heile settet er strikka i babymerino frå Drops. Inspirasjon til dette nydelige sette fann eg hos @mrsdrange. Ofte må ein sjå komboen for å forstå at det er ein veldig fin fargekombo! Dette var eit slikt tilfelle. Eg ville nok aldri ha valgt denne faregkomboen ut av det blå, men med ein gong eg såg han falt eg heilt!
Mønster: Lillies Top Garn: Baby Merino frå Drops Pinne: nr. 2,5 + nr. 3 Størrelse: 0-3 mnd. Garnforbruk: 60g |
Mønster: Bleiebukse frå Hentesettet (Ministrikk.no) Garn: Baby Merino frå Drops Pinne: nr. 3 og nr. 3,5 Størrelse: 3-6 mnd Garnforbruk: 60g |
Pom-ponger på bleiebuksen som matcher toppen |
Mønster: 3-i-1 kyse frå Ministrikk.no Garn: Baby Merino frå Drops Pinne: nr. 3 Størrelse: 3-6 mnd. Garnforbruk: under 50g. |
Topp og lue! |
Eit komplett supersøtt matchande sett! |
Kjempefine :)
SvarSlettDet er gøy med Pinterest, det gir muligheten til å se ting man kanskje ellers ikke ville funnet på :)
Kjempefin fargekombinasjon! :)
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettNydligt!
SvarSlett