torsdag 2. juli 2015

Kjappstrikka drakt

Ein kjappstrikka drakt som ikkje var så kjappstrikka...men det var min eigen feil. Av ein elller anna merkelig grunn brukte eg laaaang tid på denne, sjøl om det kan strikkast raskt som berre det! For den strikkast med forholdsvis tjukt garn og pinnar. Men den blei ferdig, og det er vel det viktigaste. Eg strikka den i Merino Extra Fine fra Drops, ettersom det skulle vera eit tøyelig garn, og eg hadde dette liggande. Originalt er det brukt Merinoull frå Sandnesgarn, men det frå Drops har same strikkefastheit og er like fleksibelt. Oppskrifta er frå Paelas.com.

Eg brukte ei stund på å finne rette knappar til denne drakten, for eg fann ingen eg likte i samlinga mi. Og eg syns eigentlig ikkje nokon knappar eg fant passa til. Det endte med at eg kjøpte knappar når eg var på tur til Bergen. Dyre var dei, men fint blei det!(syns eg i alle fall, sjøl om knappane kosta meir enn garnet!).


I det siste har eg prøvd å lage sett når eg lagar noko, og ikkje kun eit plagg. Derfor laga eg også ei lue til denne romperen. Valet fall på turbanlua til Pickles. Eg har strikka denne ein gong før i ein mindre størrelse, og syns den er kjempesøt!

Kjappstrikka drakt & turbanlue
Drakten strikkes i eit stykke kor den blir festa kun med knappane i sidene og på selane. Med andre ord, null montering. Meget praktisk for ein person som meg som hatar å montere!

Baksida

Mønster: Turbanlue
Nettside: Pickles.no
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: 35g


Mønster: Kjappstrikka drakt
Nettside: Paelas.com
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 4
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: 92g


3 kommentarer:

  1. Den drakta er veldig fin altså, har tenkt på å lage den selv også, må jo være perfekt barselgave :)) Nydelig sett!

    SvarSlett
  2. Kjempesøtt! Og veldig lurt å lage sett. Pen helhet skader ikke :)
    Fortsatt god sommer!

    SvarSlett
  3. Veldig koselig bukse. Nydelig farge.

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)