fredag 27. april 2012

Strikkegal i Paris!

Sjølvsagt var strikketøyet med til Paris, og strikking blei det. Me hadde jo planlagt ein avslappande tur med mykje kafé- og park-sitting, alt etter kva vêret ville tillate, og ein rastlaus sjel må jo ha tidsfordriv. 

Litt strikking på flyet

 Litt strikking i Jardin du Luxembourg, mens kjærasten tok ein aldri så litan middagskvil!

Og når ein er i ein ny by, må ein jo alltid undersøke kva strikkebutikkar som er i nærheita. Til dette er Knit Map genial! Men eg blei likevel litt skuffet...

La Droguerie
 Denne hadde eg lest om på ein blogg at skulle vera strikkebutikken ein berre måtte få med seg. Tja, veit nå ikkje heilt eg... Den var stor, og fullstappa med folk. I tillegg til garn, hadde dei både stoff, knappar, perler osv. Men det var for det meste håndspunne garn som hang på knagger på veggen, og eg syns det var vanskelig å orientere seg. Det heile ente med at eg berre gjekk vidare.

Det stod faktisk skilt på føra om foto forbudt, men ingen kunne hindre meg i å ta bilete på utsida ;)
Dei neste butikkane eg prøvde meg på var stengde, sidan klokka var over 15:00 på ein laurdag...
Stengd

Stengd
 Den neste butikken var det eg syntest var den beste, utan tvil. Mykje av årsaka var nok at dei selde knit pro pinnar!


Her fekk eg også tatt eit bilete inni butikken. 
Litan og koselig :)

Dette var den einaste butikken eg kjøpte noko i, og dette var det eg tok med heim:

Diverse KnitPro utstyr! :D

Nokre nøster av denne sorten blei også med heim

 Siste dagen, slo me ihel litt tid ved å sitte å kose oss i sola ved Musée du Louvre, før flyet vårt skulle gå.

Strikking ved Louvre

Må vera litt kreativ når ein er på tur og ikkje har tilgong til alt strikkeutstyret

Me hadde ein fin-fin Paris-tur, og kosa oss mykje :)
Resultatet frå Paris-strikkinga vil kome etter kvart!

tirsdag 17. april 2012

Greetings from Paris!

I helga var eg i Paris med kjæraste min. Det var ei bursdagsgåva frå han, er ikkje eg heldig eller? :) Turen var flott! Og eg benytta sjølvsagt anledningen til å ta nokre bileter til bloggen ;) 

Nok eit par Kerttu-sokkar har blitt til.
 (dette er faktisk det 3 paret, to til gåver og eit til MEG!)




Mønster: Kerttu socks
Garn: Mor Aase
Pinne: 3,5
Størrelse: 38-39
Garnforbruk: ca 1 nøste pr sokk
Meir frå Paris vil kome etter kvart :)

onsdag 11. april 2012

Actionbileter av MARIUSKOFTA!

Åjoda, kofta blei ferdig den! Og dét til påske! Så denne blei avlevert til mottakaren på skjærtorsdag, og den blei godt tatt imot :) Eg har kanskje ikkje ein søt litan baby å vise fram klea eg strikkar på, men eg har derimot ein litt større gut til å vise fram klea. Men heller ikkje han er alltid like samarbeidsvillig...

"Kan du ta på deg kofta så eg får tatt bilete til bloggen?" Ser at han sitter nølande i sofaen, og har eigentleg ikkje så lyst. "Viss du vil kan du sleppe å vise ansiktet ditt". "Ok da". 

Den sat som eit skot!
"Men bak frå kan vel hovudet ditt vera med, du ser jo ikkje fjeset då".
"Nei, for eg likar ikkje bakhovudet mitt!".
For ein vrangpeis! Men bileter blei det, til slutt i alle fall.

"Vent, vent! Eg må få ta eit nærbilete av kofta også!" prøvar eg å sei før han hoppar av gårde.
Litt uklart, men det var det beste eg fekk til :P
 Kven har sagt at det skal vera lettare å ta action-bilete av "store born"? 

Mønster: Mariuskofte frå hefte Klassikere
Garn: Falk frå Dalegarn
Pinne: 3 og 3,5
Størrelse: Strikka XL, men pga tynnare garn
 vil eg tippe han er ca L
Garnforbruk: 700g svart, 100g kvitt og 50g raudt
Eg vil verkelig anbefala å bruka falk til Mariuskofte eller genser, som eit alternativ til Smart. For eg syns at Smart klør litt, mens Falk klør så og sei ikkje. Falk er bittelitt tynnare, men det er ikkje så mykje om å gjera, ein kan i såfall gå opp ein størrelse. Eg brukte det på den fyrste Mariusgenseren min også, og det funka kjempefint! :)

mandag 2. april 2012

Kerttu sokkar

Etter å ha stått i ein halv evigheit på strikkelista mi har eg endelig fått strikka meg eit par med Kerttu sokkar :) Og eg blei kjempenøgd! Morosame å strikke og det gjekk i ein fei, og resultatet blei nå heller ikkje så verst om eg må sei det sjølv :)

Jada, eg var i det kreative hjørnet i dag

Påske krevjer påskebileter!

Mønster: Kerttu socks
Garn: Mor Aase
Pinne: 3,5
Størrelse: 38-39
Garnforbruk: ca 1 nøste pr sokk
Mønsteret vil eg sei at er meir ein veiledning enn eit mønster. Det står ikkje korleis du skal strikke verken hel eller tå. Men der brukte eg berre den helen eg likar best og det same med tåa. Korleis eg gjorde det skreiv eg ned slik at eg veit det til neste gong :) Desse blir nok ei bursdagsgåve, og det blir det nok fleire av! 

fredag 30. mars 2012

Modern Baby Bonnet #2

Mens eg var i gong blei det ei til slik lue. Denne blei i lilla og ikkje lys rosa slik som den fyrste lua.

Mønster: Modern Baby Bonnet frå boka Vintage Knits for Modern Babies
Garn: Drops Merino Extra Fine
Pinne: nr. 4
Størrelse: 6-12 mnd.
Garnmengde: rett under 50g

tirsdag 27. mars 2012

Marius-framgang

Detta fekk eg gjort i helga når eg var heime:

Mariusen har fått armar!
Når eg reiste opp til Bergen igjen, lot eg han ligge igjen på Kramøy. 
Han får rett og slett vente til påsken, for no var eg lei!
Men på fram går det :)

søndag 25. mars 2012

Gamle skatter

I helga har eg vore heime på Karmøy, og i den annledning fann eg ut at eg ville på skattejakt! Eg var oppi kassar og skap og rota (til mammas fortvilelse), og skatten fann eg!

Strikka dokkeklede som me hadde når me var små
 Det viste seg at den blå jakka faktisk blei hekla av mamma til storesyster mi, merkeleg å tenke på at me har vore så små!

Den kjolen eg alle mest håpte på å finne, fant eg også! Eg syns den er så fin! Det er farmor som har strikka den til oss, og me hadde matchande kjole til oss sjølv og dukka. Skulle ønske eg fann mønsteret på denne... (eg sneik også med eit "action-bilete" av baby bonnet lua, det var det næraste eg kom ein baby)

Sarah med den fine kjolen og lua mi!
Sat som eit skot!

Syns detaljane her er så fine :)
Matchande sokker til :)
(det skal også vera ei lue, men den fann eg ikkje)

Litt stor, men ellers sat baby bonnet lua fin fint på!

 Eg klarte også å rote fram dette:
Maaaange gamle oppskrifter
Uheldigvis fann eg ikkje oppskrift på kjolen her, så eg får høyre med slekta. Men det var veldig gøy å leite gjennom desse oppskriftene. Noko var så gammalt og sært at eg lurte veldig på kva dei tenkte med før i tida, men det var også nokon kule ting innimellom. Stort sett var det gensarar og kofter til voksne og store barn. Håpar eg kan finne litt baby-oppskrifter om eg leitar litt til :P Før i tida kosta det tydligvis kun 75 ØRE for ei oppskrift. Tida har endra seg...

tirsdag 20. mars 2012

Modern Baby Bonnet

Resultatet av pausestrikket var;  

Mønster: Modern Baby Bonnet frå boka Vintage Knits for Modern Babies
Garn: Drops Merino Extra Fine
Pinne: nr. 4
Størrelse: 3-6 mnd.
Søt liten stropp for å holde lua på plass


Litt vanskeleg å vise fasongen utan ein modell, men om dykk går inn på Ravelry.com går det an å sjå prosjekter der folk har tatt bilete med lua på ein baby :P 

Eg strikka også nokon "ballerinasko" til :)

Søte små babysokker!

Mønster: Ruby Slippers frå boka Vintage Knits for Modern Baby
Garn: Drops Merino Extra Fine
Pinne: nr. 4,5
Størrelse: 3-6 mnd.
Boka oppskriftene er henta frå kjøpte eg i New York, og eg elskar den boka! Den har så mange utrulig søte oppskrifter og eg har allereie funne mange fleire oppskifter frå boka eg vil strikke, forhåpentlegvis i næraste framtid! :)  

søndag 18. mars 2012

Pausestrikk

I går fann eg ut at det var nok Mariusstrikk for ei stund. Eg trang eit pauseprosjekt. Helst noko som går fort, for kofta skal jo tross alt bli ferdig til påske. Etter å ha leita litt i garnlageret mitt fann eg eit nøste med Merino Extra Fine som eg ikkje heilt har visst kva eg skulle bruke til, og satte i gong. Resultatet vil bli blogga så snart det er ferdig, og eg lovar, dette blir sukkersøtt!

Pausestrikk!
 Ps. Pinnane er kjøpt for 10 kr på Søstrene Grene, berre eit lite tips!

torsdag 15. mars 2012

FERDIG!

Neida, ikkje med heile kofta, men bolen er ferdig. Og det er da eit skritt fram, er det ikkje? Det føles i alle fall ganske godt. Nå gjenstår berre armane og monteringa da. Kanskje det er eit håp om å bli ferdig til påsken likevel? 

Ein stykk ferdig bole!

Mariusmønster i svart, kvitt og raudt