torsdag 9. juni 2011

Blomstrete strikkevesker del 1

Du huskar kanskje dette innlegget der eg holdt på å laga nye strikkevesker. Har nå fått gjort litt mer på dei og har to som nesten er ferdige:



Må berre fikse litt på sømmane inni veskene og så er dei ferdige :)

Grunnleggjande strikketips for nybegynnere

Eg har fått nokre forespørslar om å lage innlegg med strikketips, korleis ein gjer ulike strikketing osv enten i film eller bilete. Ettersom eg ikkje har noko godt aparat å filme med så fann eg ut at det må bli i bilete. Men nokre ting er lettare å sjå på film og eg har derfor funne ulike illustrasjonsvideoar på nettet eg tenkte å vise her. I fyrste omgang visar eg heilt grunnleggjande strikketips for nybegynnerar, men vil etter kvart lage innlegg der eg blant anna vil vise korleis strikke sokk og selbuvott, og det vil bli flest av den typen innlegg. Det er også lov å kome med ynskjer til kva eg skal visa. Videoane nedanfor er funne på dropsdesign.no, og her finn du mange gode illustrasjonar, av veldig mykje forskjellig. Alt frå det heilt grunnleggjande til ulike strikkemetodar. 

Om du er ny i strikkeverda, kan det vera lurt å starte med eit lite prosjekt som f.eks. lommetøfler. Her får du øvd deg på både rett, vrang, øking og felling. Og nedanfor er det videoklipp av alt du treng å kunne:

Korleis legge opp masker:



  Korleis felle av:


 Korleis redusere antall masker med å strikke to saman:


Korleis øke maske:


Korleis strikke vrange masker:



Dette er veldig grunnleggjande metodar, men for ein person som ikkje har strikka før må dei lærast :P Reknar med at dei fleste som er innom her allereie veit korleis ein strikkar, men det kan vel hende at det kjem nokon som ikkje veit også :) Men for dykk som er kome litt over nybegynnarnivå så kjem det nokon videoar for dykk seinare :)

Ps. Dette var faktisk mitt innlegg nr. 100 :D

mandag 6. juni 2011

Mariuskofte; FERDIG!

ENDELIG! Nå er mariuskofta mi ferdig! Eller iallefall 95%, må feste nokon trådar og nøste fast belegg, men utad ser den heilt ferdig ut! Jippi! 

Her er den ferdig Mariuskofta mi! :)


Mønster: Mariuskofte fra Sandnesgarn "Tema 15 - Til Fjells"(Modell 10)
Garn: Merino Extra Fine fra Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5

Skal prøve å få tatt nokre betre bilete etter kvart, slik at dykk får sjå kofta betre :) Var litt vanskeleg å få fram rett farge også :P Tenkte også å laga nokon innlegg med tips osv. for strikking av kofte som kan vera greit å få med seg om ein ikkje har strikka kofte før :)


Eg har gjort ALT sjølv denne gangen, ingen hjelp fra mamma (utenom eit par råd over telefonen da ;)) Og dette er eg kjempefornøgd med! Frå nå av skal eg gjera all montering sjølv, så slepp mamma å alltid gjere "drittarbeidet" :P

Det var ein del meir arbeid med kofte i forhold til genser når det kjem til montering, men vel verdt det! Denne skal nok bli mykje brukt! :) 

søndag 5. juni 2011

Mariuskofte; nesten ferdig!

Her går det unna:


Nå har eg fått montert på armane, og det heilt sjølv! Det var ikkje gale i det heile tatt, gjekk kjempefint :)

Nå blir det strikka stolpar som berre det her. Det einaste som gjenstår nå er å strikke dei to stolpane, klippe opp og feste desse, samt strikke hals. Håpar å komme godt på vei i løpet av dagen :)

Litt keisamt når eg strikkar store prosjekter, for då er det lite nytt å komme med her inne på bloggen. Men nå nærmar det seg slutt, og da blir det nok litt fleire småprosjekter før eg går i gang med noko stort igjen :) 

fredag 3. juni 2011

Latest update on the muffinbag!



Nå byrjar innhaldet i muffinbagen verkelig å ta form! Og av den grunn skal det litt til for å ikkje klare å sjå kva det skal bli nå :P Så her er den siste oppdateringa frå seinast 2 min sidan ;)


Ta-da! Surprice surprice! :P 

Det kom vel ikkje akkurat som eit sjokk for dykk at det var dette som var resultatet :P Det er endå litt igjen å gjera, men eg håpar å iallefall få sydd saman skuldre i løpe av helga, og kanskje bli heilt ferdig med armane. Det kjem litt an på kor mykje tid til strikking det blir :) Tru det eller ei så glear eg meg faktisk til montering, men dette kjem av at dette er første gang eg skal prøve meg på dette åleine! :D 

onsdag 1. juni 2011

Genser med rundfelling

Ja, eg har ein tendens til å leva i framtida istaden for nåtida, så eg planlegg allereie neste store prosjekt, til tross for at det gjenstår ein del på nåvarande prosjekt :P 

Men eg har funne ut at eg har veldig lyst til å strikke ein genser med rundfelling, ettersom dette er noko eg ikkje har prøvd før. Problemet er berre at eg ikkje har funne eit mønster endå. Eg vurderte mariusgenser med rundfelling, men fann ut at det har vore nok marius for ein stund nå :P 

Er det nokon av dykk som veit om nokre fine mønstre på genser med rundfelling? Ville satt utruleg stor pris på om dykk kom med forslag :) 

Eg fann denne i drops sin nyaste kolleksjon her ein dag, og syntes at den var veldig fin!:

Oppskrifta er ikkje kome endå, men dette er absolutt noko eg kunne tenkt meg å strikke. Iallefall noko i den duren, men kanskje med lange armar.

tirsdag 31. mai 2011

Oppskrift på pc-veske i mariusmønster :)

Det er ein del som har etterspurt dette mønsteret, og ettersom eg har "dikta" det opp sjølv går det vel greit å publisere det her :) Mønsteret er laga til macbook pro og den er ca 13", denne er nokså tynn, så har du ein større pc bør du kanskje legge opp litt fleire masker.

Men dette mønsterert er til privat bruk og ikkje for videresalg o.l.! 




Det går som følger:


Trekket strikkes frå toppen og ned, dvs. at ein startar med det som hos meg er rosa.
Eg har benytta Mor Aase garn, men du kan egentleg bruke kva garn du vil, f.eks Rubin, Østlandsgarn, Safir osv. vil funke bra. For at denne oppskrifta skal stemme bør det vera ein strikkefasthet på ca 23m. Det går under eit nøste av den kvite og rosa, og i underkant av 2 nøster i grått om eg ikkje huskar feil :)  


  1. Start med å legge opp 162 masker på rundpinne 3,5 med den fargen du vil ha der eg har brukt rosa, i orginalfargar er denne raud. Pass på å ikkje strikke for stramt, då kan veska fort bli for liten :P
  2. Strikk videre etter mønsteret, fra toppen og ned. Sjølve mønsteret (18 masker fra høyre side på mønsterteikningen) skal gjentas 9 ganger rundt. 
  3. Strikk  videre på mønsteret til du er ferdig med den nederste borden. Videre strikkes det i bunnfargen (hos meg grått, i orginalen blått) til den er lang nok til din pc (rundt 15 omganger). Mål på pc-en din. 
  4. Når arbeidet er langt nok skal du maske saman maskene, også kalla kitchener stitch, derfor skal du IKKJE felle av. Om du ikkje veit korleis dette gjerast kan du sjå ein demonstrasjon på denne videoen. Denne metoden lar deg sy saman maskene som om du hadde strikka dei. 
    Slik ser bunnen ut når du maskar han saman :)

  5. Nå er du ferdig med sjølve veska. 
  6. Neste steg er å lage foret inni pc-veska. Då er det berre å måle opp på pc'en, og klippe deretter. Sy saman til ein firkanta pose med glidelås på toppen. 
  7. Når denne er ferig puttar du den inni den strikka pc-veska og nøstar dei saman på toppen. 
    Nøst saman veska og foret.
    Slik ser mi ut oppi

Det er smart å la glidelåsen på eine sida gå lengre ut enn sjølve veska, det gjer det lattera å få pc'en oppi :) Eg laga då ein liten firkant på tuppen slik at det skulle sjå betre ut :) 


    Mariusmønsteret finn du her.
    Mønsterbilete er henta frå denne sida


    Viss det er noko som er uklart er det berre å spør :)

    Det er fint om dykk linkar til min blogg om dykk benyttar dykk av mønsteret og legg ut bilete osv, på bloggen dykkar :)

    lørdag 28. mai 2011

    Framgang

    Nå er bolen ferdig, og eg har starta på den eine armen :)


    Men nå trur eg at eg skal ta litt pause frå strikkinga og heller redigera litt på ein feriefilm :P Tenkte å laga ein frå Cuba-turen :)


    Når eg kikkar ut vindauget nå, kjenner eg at eg angrar på at eg har meldt meg på 7-fjellsturen som er i morgon! Men men, puttsann!

    Ha ein fin laurdagskveld allemann! :)

    

    fredag 27. mai 2011

    Mønsterstrikk på vranga...

    Dette er ikkje akkurat favoritten. Å strikke mønster på vranga er så mykje meir tidskrevjande synast eg, iallefall i starten. Men etter litt øving går det litt fortare nå. Håpar det byrjar å minke på omgangar snart! 


    Ha ei god helg allemann! :)

    torsdag 26. mai 2011

    Nye strikkevesker på gang

    I går satt eg meg ned med nye strikkevesker. Eg skar klar til 4 stk, men eg blei ikkje heilt ferdig:

    Strikkevesker under produksjon!

    I dag reisar eg opp att til Bergen for klassefest og 7-fjellstur! og då trur eg at eg lar desse bli liggande til eg kjem til Karmøy igjen og gjer dei ferdig då. Så kan eg heller strikke frem til då. Vil jo ha litt framgang på prosjektet mitt! :)