onsdag 29. juni 2011

"Damevott fra Selbu"



Mønster: "Damevott fra Selbu"
Garn: Sisu frå Sandnesgarn
Pinne: nr. 2,25

mandag 27. juni 2011

Multitasking på høgt nivå!

Eg syns alltid at det er kjedeleg når sokk eller vott nr. 2 skal strikkast. Derfor strikkar eg BEGGE to, på LIKT denna gongen. Eller, eg prøvar iallefall!

Fyste gong dette testast, men so far so good!


Her blir to sokkar til, samstundes!

Om dette testprosjektet mitt går bra, vil det kome eit innlegg om korleis ein gjer dette etter kvart :)

fredag 24. juni 2011

Any day spent sewing, is a good day.

Ein liten skatt eg fann på hytta til besteforeldra til kjærasten min, som eg fekk ta med meg heim! Kjempesøt! :) 

torsdag 23. juni 2011

Pinnetrøbbel!

Krise!



Å strikka med tynne bambuspinnar er ikkje alltid berre berre!

Måtte fint lappe saman denne med teip!

onsdag 22. juni 2011

Korleis felle tå?

I eit tidlegare innlegg viste eg ein metode for å strikke hæl. Men når ein kjem vidare på sokken så vil ein vel kanskje også vete korleis ein feller for tå? Isåfall kjem det ein forklaring her, om du vil eller ikkje! ;) Dette er den måten eg likar best å felle for tå og den er brukt både på uglesokkane og på vaffelsokkane:

Strikk sokken ca 5 cm kortare enn kva du vil ha han. Start så på tåfellinga! Før ein startar å felle er det lurt å sjå til at det er like mange masker på kvar strikkepinne og at det er like mange masker på "framsida" som "baksida" ettersom ein fellar langs sidene på ein måte.

Eg vil nok ein gång benytte uglesokken som eit eksempel, og då kan det vera lurt å merke seg korleis eg har nummerert pinnane. Pinne nr. 1 går frå midten av baksida og til framsida, pinne nr. 2 og 3 er halvparten av maskene på framsida (på same sida som uglemønsteret. og pinne nr. 4 er dei resterande maskene på baksida (under foten). 


Nå skal ein starte fellinga :) 

Pinne 1:
Strikk til det gjenstår 3 masker:



Strikk to masker saman, strikk så den siste maska:



Pinne 2:
Strikk fyrste maska, ta så den neste maska laust av, strikk så ei maske til, og trekk den maska du tok laust av over den du nettopp strikka:




Pinne 3:
Strikk til det er 3 masker igjen, strikk to masker saman og strikk så den siste maska.

Pinne 4:
Strikk fyrste maska. Ta så den neste maska laust av, strikk neste maske, og ta den maska du tok laust av over den maska du nettopp strikka.

Neste omgang strikkar du berre vanlig rett gjennom heile omgangen. 

Fortsett med denne fellinga anna kvar omgang. Dvs. at du strikkar ein omgang rett mellom kvar gång du strikkar ein omgang der du fellar av. 

Gjenta dette til kvar pinne har  ca 5 masker igjen. Dette kjem litt an på kor mange masker du starta med og kor spiss du vil ha tåa. I mitt tillfellet har eg strikka til 5 masker gjenstår.

Ta alle maskene på framsida på ein pinne, og alle maskene på baksida på ein pinne. (i mitt tilfelle 10 masker framme og 10 masker bak)


Du kan nå velge mellom 2 alternativer. Enten kan du benytte kitcheners stitch og sy den saman, eller så kan du benytte ein meir lettvint metode som er min favoritt på sokkar.

Her visar eg min metode:

Vreng heile sokken, slik at du får innsida ut. For å gjere dette kan du enten sette maskene på ein tråd eller på ei sikkerheitsnål og vrenge den, eller så kan du dra litt og litt av sokken gjennom det hullet som framleis er på toppen (det er det eg stort sett gjer)

Då vil det sjå slik ut:


Deretter skal di strikke to og to masker saman. For at dette skal funke må du strikke saman ei maske frå kvar pinne saman. Hold dei parallelt saman, slik som vist på bilete over, og start å strikk saman:



Gjer dette ut heile pinnen. NB: Det er viktig at det er like mange masker på begge pinnane.
Du har nå strikka saman tuppen på sokken! Då er det berre til å felle av og vrenge sokken.




Ferdig strikka saman tupp!




Ferdig fella tå!

Er du usikker på nokon av metodane så er dei fleste vist i dette innlegget. Du kan også gå på Garnstudio sine sider og sjå fleire demonstrasjonsvideoar. 

Håpar dette kan vera til hjelp for nokon strikkeglade sjeler! Og det er som alltid berre til å spørre om det skulle vera noko som er uklart eller noko dykk lurar på :)

Har du forslag eller ynskjer om strikketips og metodar du vil eg skal vise? så legg att ein kommentar da vel! :)

tirsdag 21. juni 2011

I'm a material girl - want to see my fabric collection?


Ein liten smakebit av stoff-samlinga mi :)

Jobbar sakte men sikkert med å utvide ho, noko som ikkje er så lett når det til stadigheit forsvinn litt og litt!

søndag 19. juni 2011

Strikkepinne-etui

Eit nytt strikkepinne-etui har sett dagens lys:



Strikkepinne-etui med plass til 5 sett med strikkepinnar
Dette blei sendt i posten med denne bestillingen.
Mottakaren blei heldigvis kjempefornøgd :)

fredag 17. juni 2011

Raverly.com

Veit at eg har nevnt denne sida før for lenge sidan, men nye lesarar har kanskje ikkje fått det med seg, og det er absolutt ei side å besøke! Raverly.com er ei samleside for strikkeglade mennesker kor du kan finne mønster, inspirasjon og du kan legge ut dine eigne prosjekt (folk kan då kommentere på desse osv). Mange av mønstera er gratis, f.eks. vaffelsokkane eg har strikka. Det var også her eg fann mønsteret til uglesokkane eg har laga, men dette må kjøpast. 

For å kunne benytte denne sida må ein vera medlem, men det er gratis! :D Du kan registrera deg her :) Eg anbefale på det sterkaste at alle strikkeglade som ikkje har gjort det allereie til å opprette seg ein konto her. Dette er ei utruleg fin inspirasjonskilde, og det er mange gånger eg er inne der og surfer etter nye prosjekter.



Ha ei fin strikkehelg! :)

onsdag 15. juni 2011

UFO...!

UFO-lageret mitt startar å bygge seg opp noko veldig for tida. Trur kanskje det har noko med at eg brukte så mykje tid på marius-kofta. Så nå vil eg berre starte på ALT! Helst samtidig... Noko som ikkje er så kjekt for bloggen, då det ikkje er så kult å vise halvferdige produkter og ingenting som er ferdig!

Mine UFOer:


4 stk UFO, håpar dei har tenkt å landa snart! 

Eg har også ein femte UFO, men det er ein bursdagspresang, så eg vil ikkje røpe noko heilt endå :) Det er vel ikkje så mykje meir å gjera nå enn å setta seg ned med strikkeriene og få dei ferdig!

Er det nokon andre som har ein UFO eller to liggande?