søndag 26. januar 2014

Ballongbukse, igjen!

Når ein strikkar det same plagget om att og om att, kan vel dette berre bety at plagget må vera supersøtt? Det er i alle fall det som er tilfellet med ballongbuksa. Eg strikka den først i grønt (ligg fortsatt i gåvekurven), så i blått (gitt bort i barselgåve) og så til slutt i lilla (julegåve). Men den lilla bli neppe den siste av denne oppskrifta! Nok ein gong har eg gjort den same endringen med å strikke fletter. Det står meir detaljert om dette i den fyrste innlegget (den grøne boksa)

Framsida

Hjerteknappar

Baksida

Mønster: Ballonbukse
Garn: Dale babyull (farge utgått)
Pinnestørrelse: nr. 3
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: rett over 2 nøster
Garnet som blei brukt var eit garn eg kjupte på tilbod i Bergen for lenge sidan. Det var på tilbode fordi fargen var utgått og eg kjøpte to nøster. Dette var sjølvsagt akkurat ikkje nok! Men flax for meg, så kjøpte ei venninne av meg same garnet og hadde eit nøste liggande, slik at eg fekk dei siste meterane som eg trang! Jippi! 

Eg fekk sett buksa i action for nokre dagar sidan, og den er faktisk supersøt på også! 

tirsdag 21. januar 2014

Babyrumper

Har du sett noko så søtt som ein babyrumper? Min fasinasjon med rumpere starta etter ein tur inne på bloggen til Gustav og Berta. Dei hadde laga dei søtaste babyrumperene som du kan tenke deg! Og best av alt, oppskriftene skal kome ut i ei bok! Ulempen; boka kjem ikkje før i mars/april... Utålmodig som eg er, så starta eg å leite etter slike oppskrifter. Eg fann litt rundt om på nettet, men ingen som var like fine. Til slutt fann eg ei bleietruse som eg syns var søt. Så då brukte eg den som utgangspunkt og gjorde den om til ein babyrumper. Eg hadde mine tvil underveis, og på eit tidspunkt syns eg det såg ut som den ville bli riktig så stygg. Men eg bestemte meg for å gjere den ferdig, noko eg er veldig fornøgd med, for resultatet blei mykje betre enn frykta! Den blei jo rett og slett veldig søt! 







Mønster: Bleietruse omgjort til rumper
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3 (trur eg.. eg MÅ bli flinkere til å notere dette!)
Størrelse: 3-6 mnd kanskje?
Eg har også funne nokre fleire mønstre på rumpere som eg tenker å teste fram til boka til Gustav og Berta kjem ut! 

søndag 12. januar 2014

Tøffel med flettemønster #2 og #3

Både mamma og syster mi fekk tøfler til jul av meg. Desse har eg tidligare strikka til meg sjølv, og eg likar dei kjempegodt! Men mine blei strikka i Eskimo, som er garnet oppskrifta vil du skal strikka i og desse har blitt fryktelig loete etter litt bruk. Derfor prøvde eg med eit anna garn nå, og endte opp med dobbel tråd av Nepal. Dei såg fine ut ferdig strikka, men det gjenstår jo å sjå korleis dei blir etter litt bruk. Eg får be om ein rapport!



Mønster: Little Red Riding Spippers frå Garnstudio
Garn: Dobbel tråd Nepal
Garnforbruk: ca 4 nøster per par
Pinne: nr. 6
Størrelse: 35/37 og 38/39

mandag 6. januar 2014

Vintage babylue

...med bølgemønster og rusjekant!

I det siste har eg blitt meir og meir fan av gammaldagse eller "vintage" babystrikkeklede. Det er utrulig kor mykje fælt som blei laga før, men det er også utrulig kor mykje nydelig som også blei laga! Eg har brukt ein del tid på å finne gamle oppskrifter, og det er faktisk ein del å få tak i. Eg har funne ein god del på etsy.com og litt på ebay.com. Då er dei fleste oppskriftene på engelsk, men eg syns det går heilt fint å strikke etter engelske oppskrifter. Noko anna eg syns er eit størreproblem er strikkefasthet og pinnestørrelse. Eg får sjeldan dette til å stemme på desse gamle oppskriftene, då dei som regel brukar utgåtte garn, og dei engelske oppskriftene syns eg bruker veldig store pinnar på noko som ser ut som tynt garn. Som regel berre gamblar eg på ein kombinasjon som eg trur blir bra!

 I jula var vi også så heldige at vi (eg og syster mi) fekk låne ein heil perm med gamle norske oppskrifter frå ei vi kjenner. Ettersom det ikkje er copyright på dei lengre, så scanna vi likesågodt heile sullamitten! Og det var mykje fint! Eg gler meg til å få prøve ut nokon av desse! Men det får vel vente litt, for nå går vi inn i den mest hektiske perioden på jobb, så strikking blir det nok minimalt av...

Her er ein litan sneak peak av det vi fann:



Men tilbake til babylua som det var meininga eg skulle vise fram i dette innlegget. Eg såg ei på FB som hadde lagt ut eit bilete av jenta si med den mest yndige lua eg har sett! Sjølvsagt prøvde eg å finne denne oppskrifta, og trur du ikkje eg fann ei som var så godt som lik? Eg fann den på etsy.com. Igjen var det litt problemer med å forstå kva som eigentlig var strikkefastheten, men eg såg litt på andre oppskrifter og enda med å strikke lua i baby merino frå Drops og eg trur eg brukte pinne nr. 3. Eg strikka då den største størrelsen som var 9-12 mnd, sidan eg visste at eg brukte tynnare garn og pinnar. Resultatet var ei lue som er ca 3 mnd etter min meining. Eg har også endra den ytterste kanten til perlestrikk. 

Bølgemønster og rusjekant!

Perlekanten har eg lagt til sjølv

Baksida

Silkebånt som snorer for det lille ekstra

Mønster: Pink Set Bonnet frå Stylecraft 
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3 (trur eg)
Garnforbruk: under 1 nøste
Størrelse: ca 3 mnd
Det som var litt morosamt med denne lua er at mamma sa at eg hadde hatt ei liknande denne når eg va lita! Dumt den ikkje er tatt vare på! 

This is knit

Før jul var eg med kjærasten til Irland, der me var nokre dagar i Dublin blant anna. Som alltid når vi skal til større byar hadde eg søkt på forhånd om det var nokon bra strikkebutikkar. Eg fann ein som såg lovande ut; "This is knit", og kryssa fingrane for at eg skulle finne den. Og tilfeldigvis så fann eg denne plutselig inne på eit lite kjøpesenter. Det var ein veldig koselig butikk i grunn! Og for ein gong skyld så hadde dei Knit Pro-pinnar, min favoritt! Det er ikkje så ofte eg finn desse når eg er i utlandet, men blir like glad kvar gong! Det er jo mykje kjekkare å kjøpe desse når du får dei billigare enn i Noreg! Eg hamstra inn med pinnar og kjøpte også litt til venninner osv. 

This is knit

Kjempesøtt skilt

Mykje garnutvalg!

Meir garn

I overetasjen var det bøker og hefter
 Sjølv om det kun var strikkepinnar eg gjekk ut derfra med, så var det også eit godt utvalg av garn der. Personale vare også superhjelpsomme. Kan anbefale på det varmaste alle strikkerar som skal til Dublin om å ta turen innom hit! Den ligg midt i sentrum!

Eg måtte også sjølvsagt sjå etter strikkebøker når kjærasten ville inn på bokbutikk, veit jo aldri om ein kan finne noko bra!

Eg fann denne og syns den var veldig morsom! Men den fekk dessverre ikkje bli med heim! Perfekt gåve til ei venninne som har lyst å lera seg å strikke.


Likevel fann eg to bøker som var så heldige å få bli med meg heim i kofferten:


"Lullaby Knits" og "Baby Booties and Socks". Den fyrste boka har eg høyrt mykje om, både på godt og vondt, så det blir spennande å sjå om eg får strikka noko frå den. Bok nummer to hadde eg ikkje høyt om før, men det var veldig mange fine babysokker inni den! 

Eg syns fangsten i Dublin blei bra, sjølv om det ikkje blei så mykje shopping utanom dette! 


onsdag 1. januar 2014

Strikkeåret 2013

Eg har sett at fleire bloggarar har tatt ein oppsummering av strikkeåret som nå er ferdig, og eg tenkte at eg også ville gjere eit forsøk på dette! Men når eg starta å sjå over kva eg har strikka, fann eg ut at eg har veldig dårlig oversikt over kva eg har strikka, garnforbruk, garn inn og ut av lageret osv. Derfor blir eit av mine nyttårsforsett å bli flinkare på å holde styr på dette! Det er jo alltid gøy å sjå kor mykje garn det går med til dei ulike prosjekta, og det kan også vere greit å få ein viss kontroll over garnlageret. Eg fryktar at garnlageret mitt også i år har blitt større og ikkje mindre, eg vågar i alle fall ikkje å estimere kor mykje garn som er kome inn...men men! 

Men over til det som er interresant! Kva blei egentlig strikka i 2013? Etter å ha sett litt grovt over bloggen kom eg fram til at dette blei strikka i år: 

6 par vottar
15 luer
4 vestar
5 kjolar
5 gensarar, herav 3 Oslo-anorakkar
6 babyjakker
5,5 par babysokkar
5 bukser, herav 3 ballongbukser
3 skjerf/hals
3 par sokkar/tøfler

I alt er det strikka 57,5 plagg! Slettes ikkje verst! Det er moglig at eg har gløymt noko eller tatt med noko som eigentlig blei strikka før nyttår i fjor, men sånt sirkus i alle fall! 

Av alle desse plagga finn du kun 2 egostrikk: lun genser og camelon-genser, begge frå Pickles. Ellers har det gått MYKJE i babystrikk. Ein del av babystrikket har blitt gitt bort til venner og kjente, mens den resterende delen har blitt putta i gåveeska. 



Måtte 2014 bli nok eit godt strikkeår!

lørdag 28. desember 2013

Babylue med fletter

Marte Helgetun har laga ei nydelig lueoppskrift som eg lenge har hatt lyst å prøve meg på, og den blei derfor laga i julepresang. Men det trang ein del prøving og feiling av denne oppskrifta før eg fekk ho riktig, størrelsesmessig. Eg strikka ikkje med originalgarnet, og dette blei tydeligvis litt problematisk for meg! Men eg klarte å ende opp med ei lue til slutt som passa mottakaren!

Lua som til slutt blei passelig størrelse

Liker denne flettekanten veldig godt!

Mønster: Lue med øreklaffer av Marte Helgetun
Garn: Dobbel tråd Alpakka frå Drops
Pinne: Nr. 4
Størrelse: 6 mnd.
Garnforbruk: ca 1 nøste trur eg 

Forsøk ne. 1 og forsøk nr. 2

Stor forskjell sjølv om begge egentlig er ca 6 mnd.!
Den fyste lua strikka eg litt mindre enn størrelse 1 år i barneoppskriftene, rett og slett for at eg ikkje hadde mønster på babyluene. Denne blei ALT for stor til den lille jenta den var påtenkt! Men eg klarte heldigvis å få skaffa meg babystørrelsane på luene også, og då blei det mykje betre! Eg strikka då i størrels 6 mnd. Begge luene er strikka i dobbel alpakka frå Drops, men den fyste på pinne 5 og den andre på pinne 4. 


Eg prøvde meg på denne lua nok ein gong til ei på 1,5 år, og strikka størrelse 2 år i Nepal. Denne blei passelig til meg, og kunne derfor sjølvsagt ikke gid bort til ei på 1,5 år! Ho fekk heller ein vest. Trur eg må gå ned på pinnestørrelse når eg strikkar desse, oppskrifta vil ikkje samarbeida! Men til tross for gjentatte bom, blir det nok ikkje siste lue eg strikkar av denne oppskrifta, for den er jo så fin og morsom å strikke! Får prøve å knekke strikkefasthetskoden!


onsdag 25. desember 2013

Søtnos-kjole

Ei søt lita jente fekk denne under treet i går. Men ettersom denne søte lille jenta, ikkje er så liten lengre, er eg redd den kanskje er litt snau til ho. Ho veks fortare enn kva eg klarer å holde styr på! Eg håpar i alle fall ho får brukt den litt før ho veks heilt utav den! Heldigvis oppdaga eg hennar spurtvekst før jul, og fekk derfor tid til å strikke nok eit plagg som blei lagt med i gåva, som skal vera stort og godt å vekse i, den kjem på bloggen etter kvart!





Mønster: Søtnos-kjole
Garn: Dobbel tråd av Alpakka frå Drops
Pinne: nr. 4,5
Garnmengde: ca 2 nøster
Størrelse: 0-6 mnd
Toppen er strikka rundt og rundt i halvpatent. Men av ein eller anna grunn så svingte den litt til den eine sida som dykk ser på bilete. Viss noko av dykk veit kvifor, eventuelt veit kva eg kan gjere for å unngå dette, blir eg veldig glad om du forteller meg! :)

søndag 15. desember 2013

Johannesjakke

Nok ei barselgåve! Denne blei strikka for ei stund sidan, men sidan kameraet ikkje ville samarbeida, har det tatt litt tid å få den på bloggen.

Valget denne gongen havna på Johannesjakka frå Pickles. Syns den er kjempesøt, og eg hadde passande garn og fargar liggande, så eg satte i gong! Veldig fornøgd med fargekominasjonen:


Eg ville også strikke ei lue til, og eg fann ei som eg syns passa fint saman med jakka på garnstudio.


Mønster: Johannesjakke
Størrelse: 3-6 mnd
Garn: Merino Extra Fine fra Drops
Pinne: nr. 3,5

Mønster: Lue med vrangbord
Størrelse: 6-9 mnd
Garn: Merino Extra Fine fra Drops
Pinne: nr. 3,5

torsdag 5. desember 2013

Nøstebarn, ein hyggelig overraskelse!


Ein tidlig morgon går eg av bussen på veg til ein ny klient. Og det fyrste som møter meg når eg kjem av bussen er skiltet "nøstebarn". Eg vaknar til, er det her den ligg ja! Så sinnsyk fint av klienten min å ha kontor i umiddelbar nærheit til ein garnbutikk som eg har hatt lyst til å besøke! 


Dagen føltes ekstra lang, men til slutt var det tid for å gå og eg kunne endelig få ta turen innom. Sjølv om kun ein liten del av butikken var garn, var det likevel verdt turen! 




Månge fine strikkeplagg hang på utstilling og det var kjekt å få sjå planlagte strikkeplagg frå nøstebarn-boka ferdig strikka. Eg både såg og kjente på! Mykje fint garn hadde dei også, og då går ein ikkje tomhendt heim! 


Nå må det berre planleggast kva som skal strikkes av dette!