søndag 26. august 2012

"For people allergic to wool, one's heart can only bleed."

Ryddedag. Æsj! Men slike dagar må til når ein endeleg har fått seg ein fin fin leiligheit. Så eg tok turen til Ikea med BUSS, for å kjøpe innredning til skapet slik at det blir litt organisering i all rotet. Resultatet blei bra, til tross for to veldig vonde skuldrer (det tar på å måtte bære alt fra og til bussen!). Av 8 skuffer, var eg så heldig at eg blei tildelt 6 stk! Det starta med 5 (vi er jo tross alt 2 i denne leiligheita), men når han såg all garnmengda så gav han meg ei ekstra ;) 

Ingen problem å fylle opp 6 skuffer nei!

*Kremt, kremt* nok babyull i alle fall!


Deilig å endeleg ha litt orden på garnet,
og ikkje berre ha det i posar.
Som dykk sikkert ser så er det ikkje mangel på garn! I tillegg til dette har eg pakka ned ei eske som dessverre må stå i boda, eg fekk ikkje lov til å ha all garnet i leiligheita! Hekta på garn ja... Derfor er nåvarande prosjekt henta i frå lageret, ein kan ikkje alltid kjøpe nytt garn (uheldigvis). Eg prøvar også å planlegge dei neste prosjekta min ut ifrå garnlageret, men av ein eller annan merkelig grunn så veks alltid garnlageret mitt likevel! 

5 kommentarer:

  1. Garn må man ha! Og så heldig du er som har skapplass til det! Oversiktlig og fint ble det :)
    Ha en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg blei ganske så fornøgd sjølv med resultatet! Nå går det jo faktisk an å finne garnet eg leitar etter utan å måtte rive ut alt fyrst :P

      Slett
  2. Å, gjett at jeg ble misunnelig nå! Har bare plass til en liten plasteske på den lille hybeln min.. Den er til gjengjeld smekkfull :p Hvor kommer det store babyullageret fra? Der har du jo nok til mange prosjekter :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hihi, fordelen med å kjøpe seg leilighet, spesielt når den har meir enn eit rom. Ja, det er faktisk fuste gong på FEM år at eg har noko større enn ein eitroms :P Fint for både meg og garnet mitt at eg har starta å jobbe (i dag faktisk) ;)

      Babyull-lageret har hopa seg opp etter mange shoppingturar utan mål og meining :P Det er kjøpt på Sparkjøp og er produsert av Gjesdal. Til å vera billiggarn, syns eg faktisk at det er kjemebra, brukar nesten kun det av babyull :) Bør vera nok til gaaanske monge prosjekt ja, så det er vel berre å setta i gong!

      Slett
  3. Trur du trenge kjøpestopp! AI

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)