søndag 16. mars 2014

Guttehentesett

Mamma spurte meg før jul om eg ville strikke eit hentesett til ein kollega av ho, og ein kan jo ikkje sei nei til mamma! Kollegaen venta ein gutt, og eg satte i gong å leite etter ei passande oppskrift. Det er så mange "jentete" hentesett, og få skikkelig "guttete" hentesett. Eg fant til slutt eit eg likte veldig godt, sjølv om det var ein smule jentete, men litt blått garn gjorde susen! Eg syns uansett at hentesett skal gjere litt ekstra utav seg, gutt som jente! Hentesetteter frå Dalegarn sitt babyhefte #277.

Sette består av jakke, lue og sokkar. Eg hadde kjøpt inn 200g garn, og satt då igjen med 19g. Men kvifor la noko garn gå til spille? Dei siste gramma blei rett og slett til eit smetteskjef! Då hadde eg kun få cm igjen av garnet, så det fekk gå!

Heile settet

Mønster: Jakke frå hentesett #27701 frå Dalegarn
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 3 mnd.
Garnmengde: 128g
Jakka er veldig vid i størrelsen, og er antageligvis veldig romslig! 

Tilbehøret!

Mønster: Lue frå hentesett #27701 frå Dalegarn
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-1 mnd.
Garnmengde: 53g gjekk til lue og sokker

Eg syns mønsteret var litt stort i størrelsen (eller eg som strikker laust), så eg laga lua i den minste størrelsen, og den blei meir enn stor nok!

Mønster: Sokker frå hentesett #27701 frå Dalegarn
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnmengde: 53g gjekk til lue og sokkar
Dei siste 19g gjekk til smetteskjeft som er strikka etter ein hybrid av mønsteret i Nøstebarn boka og Myk Start boka.

Mønster: Smetteskjerf frå Myk Start/Nøstebarn
Garn: Sandnes Babyull
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-1 år
Garnmengde: ca 19 g

Jakke og smetteskjerf

5 kommentarer:

  1. Det laget jeg til minstegutten min. Nydelig sett! :-)

    SvarSlett
  2. Så flott sett! Jeg har akkurat strikket det samme settet til min lille i magen (foreløpig ublogget)

    SvarSlett
  3. Nydelig sett! Fin farge og søte detaljer :))

    SvarSlett
  4. Aldeles nydelig sett! Mange fine detaljer:)

    Ha en fortsatt fin uke!

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)