Før eg og min kjære la ut på årets eventyr i fjor somar, vi har vært ute å reist eit halvt år, strikka eg barselgåver til to av mine beste venninner. Dei skulle begge ha baby mens vi var borte på tur, noko eg syns var veldig kjedelig, men eg tenkte at eg i det minste måtte få gitt ei skikkelig barselgåve før eg reiste av gårde. Gåvene blei levert før vi reiste, men eg gløymde sjølvsagt å ta med meg biletene på turen slik at eg fekk vist dykk! Så, litt seint, men nå vil innholde i barselgåvene kommer på bloggen!
Heile barselgåve nr. 1 (til gut) består av: Olivias omslagsjakke, flettejakke og bukse, Romper og Clover Earflap Hat.
Barselgåve nr. 1 - gutt |
Ho eine venninna mi venta gutt, mens ho andre venta jente, så eg fekk strikka litt forskjellige ting til dei. Dei fekk begge fleire sett, og her kjem det første i guttekassa (men som også funker til jenter):
Første mann ut; Flettejakke og bukse med lue:
Eg byrja egentlig å strikke buksa i babyull, ettersom den er til ein vinterbaby, men etter å ha strikka ein fot ombestemte eg meg, og gjekk å bytta garnet til originalgarnet, Lille Lerke. Eit val eg var nokså fornøyd med!
Mønster:Bukse (nr. 29302) Heftet: Dalegarn hefte nr. 293 (Baby hentesett) Garn: Lille Lerke Pinne: nr. 2,5 og 3 Størrelse: 0-3 Garnforbruk: 104g |
Flettedetaljer |
Eg syns jakka (og sjølvsagt bruksa også) er heilt nydelig, og den kjem uten tvil til å bli laga igjen.
Mønster: Jakke (nr. 29302) Heftet: Dalegarn hefte nr. 293 (Baby hentesett) Garn: Lille Lerke Pinne: nr. 2,5 og 3 Størrelse: 0-3 Garnforbruk: 110g |
Jakke og bukse saman |
Fargen på jakka er "kit" |
Lue måtte også til |
Hele settet |
Mønster: 3-i-1-kyse Nettside: Ministrikk.no Garn: Lille Lerke Pinne: nr. 3 Størrelse: 0-3 mnd. Garnforbruk: 31g |
Eg laga også litt ekstra tilbehør:
Krage |
Mønster: Krage Hefte: Dalegarn nr. 310 (Baby hentesett) Garn: Babyull Størrelse: 3 mnd. Pinne: nr. 2,5 Garnforbruk: ca 10g |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)