Eg har den siste veka lest eit par strikkebloggar som har snakka om
Amandaprosjektet. Nyfiken som eg er måtte eg sjølvsagt finne ut kva dette var!
Det heile starta med eit par som mista dattera si, berre 10 dagar gammald. Under sjukehusopphaldet fekk dei vite at det var stor mangel på varme klede til dei små på nyfødtavdelingen, og at donasjonar av tepper, votter, sokkar, luer osv, blei tatt imot med stor takk. Det var då dei fekk ideen om å starte "Amandaprojektet", oppkalla etter dattera si. Dei oppfordrar alle strikkeglade til å donere bort noko av strikkeriet sitt, slik at dei kan levere det til Rikshospitalet. Det er heile tida stor etterspørsel ettersom barna får med seg heim dei strikkeriene dei får. For meir info om dette prosjektet kan du besøke
heimesida deira eller f
acebooksida deira.
Eg fann denne saka utruleg rørande, og har derfor tenkt å strikke litt til dette formålet innomellom dei andre strikkeria eg skal strikke denne våren. Når eg har opparbeida meg ein god samling tenkte eg å sende det inn til Amandaprosjektet :) Dette er også ein fin måte å kvitte seg med restegarn på, to fluer i ein smekk!
Håpar at det er fleire som blir inspirert av dette prosjektet, og som hat lyst å hjelpe til! Betre formål for restegarnet sitt finn ein vel ikkje? Det spørs kor mykje eg får laga, men alle munner drar! Eg vil halde dykk oppdatert på korleis det går med strikkinga mi til dette prosjektet utover våren :)