Sist gong eg prøvde meg på denne buksa gikk det ikkje så bra i starten. Det endte med at eg måtte rekke opp HEILE buksa, og strikke den på ny. Eg har lært, og det blei derfor både dobbelt og trippelt sjekka at det var lagt opp riktig maskeantall. Det gjekk heldigvis bra denne gong. Også denne gongen har eg bytta ut stripene i mønsteret med fletter. Eg klarte også å finne ei megasøt pilotlue som eg syns blei søt til:
Ballongbukse & Pilotlue |
Mønster: Ballonbukse Pinne: nr. 3 Garn: Gjesdal Babyull Størrelse: 0-6 mnd Garnmengde: rett under 1 nøste |
Mønster: Baby newboy hat Pinne: nr. 3,25 Garn: Gjesdal Babyull Størrelse: 3-6 mnd Garnmengde: ca halvt nøste |
Dette settet blei godt tatt imot av ein kollega som snart skal bli mamma til ein liten gutt!