Eg har vel aldri vore vond å be når eg kjem over eit nytt rompermønster. Eg har vel ein aldri så liten romper-addiction... Og når det i tillegg kombineres med fletter og perlestrikk? Då er eg solgt! Romperen er frå Tiddelibom.no og den er både søt og enkel å lage. Eg har ved ein tidligare anledning teststrikka for denne sida, men då var det ein bleietruse. Du kan sjå innlegget her.
Romperen blir strikka frå toppen og ned, og er veldig enkel i formen, den blir derfor strikka uten økningar/fellinger heilt til du kjem til beina. Det betyr også lite montering.
Lue og Romper blei gitt i barselgåve |
Baksida |
Ettersom det var meir garn igjen etter romperen blei det også til ei lue i perlestrikk som matchar romperen. Som tidlegare har eg benytta oppskrifta "Enkel Babylue" frå Nøstebarn. Den funkar til alt!
Mønster: Enkel babylue Bok: Strikk til nøstebarn Garn: Extra Fine Merino frå Pickles Pinne: nr. 3 Størrelse: 0-3 mnd men med tjukkere garn tilsvarer den ca 6 mnd Garnforbruk: mindre enn eit nøste |
Mønster: Fletteromper Nettside: Tiddelibom.no Garn: Extra Fine Merino frå Pickles Pinne: nr. 3 og 3,5 Størrelse: 6 mnd Garnforbruk: 56g |