For lenge sidan strikka eg "posebukse uten ben" i miniversjon (innlegget finn du her) som berre blei supersøt! Det er noko når plagga blir så små, at dei berre blir ufattelig søte. Etter å ha rota litt rundt i garnlageret mitt fann eg ut at eg hadde fleire nøster igjen i den mørke grå fargen eg hadde strikka romperen i. Derfor fann eg ut at eg ville lage eit sett, for det er alltid kjekkast! Valg av jakke fall på oppskrifta i Strikk til smårollinger som er ein del av "Sparekbuksesettet". Jakka er veldig enkel, kun i glattstrikk, men unntak av armane kor det er "nupper" som gir ein fin effekt. Det skal ikkje alltid så mykje til!
Posebukse uten ben - i miniformat |
Mønster: Jakke frå settet "sparkebuksesett" Bok: Strikk til smårollinger Garn: Baby Merino frå Drops Pinne: nr. 2,5 Størrelse: 0-3 mnd Garnforbruk: 90g |
Heile settet samla |
Settet blei veldig fint saman, akkurat slik som eg hadde sett for meg! I tillegg fant eg noko rester av babyull i kvitt som eg strikka krage av for prikken over i'en.
Mønster: Krage fra Dale Garn Hefte: Nr 310 Baby Hentesett Garn: Babyull Størrelse: 3 mnd Pinne: 2,5 Garnforbruk: ca 10g (liten rest) |
Jakke og krage |
Jakke, romper og lue |
Romper og lue |
Eit nydelig lite sett til ein liten ein! |
Dette setter har ikkje fått ein eigar enda, og ligg derfor i gavekurven. Men når ein er så søt skal det vel ikkje bli vanskelig å bli kvitt! I tillegg syns eg at den mørkegrå fargen er like fin til gutt som til jente.