Endelig. Her kjem innlegget om korleis strikke ein selbuvott :P Eg veit at dette har vore lova lenge, men ting tar tid!
Mange av dykk kan det å strikke selbuvottar, men til dykk andre som ikkje har våga å begi dykk ut på det ennå, så er kanskje dette innlegget til hjelp :) Det er eigentlig ikkje så vanskelig, men oppskriftene kan ofte vera litt vanskelege å forstå fyrste gong da det ofte blir forutsatt at du veit korleis ting og tang skal gjerast.
Start med å legge opp masker etter oppskriften.
Strikk så rundt og rundt etter oppskriften til vrangborden er ferdig
Ferdig vrangbord! Då skal du starta på sjølve mønsteret
Dei fyrste omgangane er rett fram, men etter kvart skal du lage ein tommelkile. Det er merka på oppskriften når denne skal påbegynnes. På bilete ser du korleis votten som regel ser ut rett før du skal starte på tommelkilen:
Når ein skal lage tommelkilen er det så vidt eg veit to måtar å gjere dette på. Det kjem litt an på korleis du vil at han skal sjå ut. Eg pleier å velge den metoden som gjer at den får rette lingjer på sidene (til høgre), men nokon oppskrifter legger opp til at lingjene skal bli "hakkete" (til venstre), se på bilete nedanfor.
I dette eksempelet visar eg korleis du lagar den til høgre. Strikk bort til og med den svarte maska, dvs. den fargen i ditt tilfelle som "rammar inn" tommelkilen. Ta så opp ein tråd mellom dei to maskene, eg pleier å strikke den vridd for å unngå hull. Dette kan gjerast ved å tre den innpå pinnen vridd (bilete 2) for så å strikke den vanleg. Du har nå øka på den eine sida.
Strikk så over de neste maskene, t.o.m. maska før den svarte maska(bilete 1). Gjer det same her, ta opp tråden i mellom maskene (bilete 2), og strikk den vridd (bilete 3 og 4).
Om vil gjere det på den andre måten, slik at lingjene rundt kilen blir "hakkete", gjer du set same, men du øker ei maske før. Dvs. istadenfor å strikke tom. den svarte maska, strikkar du tom. maska før den svarte maska, og økar så ei maske (som du må strikke svart) strikk så over tom. den svarte maska og øk igjen.
Fortsett å øke etter mønsteret fram til kilen er ferdig.
Ferdig tommelkile.
Når tommelkilen er ferdig, skal du på neste omgang setter bort desse maskene på f.eks ei sikkerheitsnål, det er oppgitt i oppskrifta kor mange masker som skal settast av.
Før du strikker vidare må du nå legge opp nye masker. Stort sett skal du legge opp like mange masker som du satt på sikkerheitsnåla, men det kan variere og då står det i oppskrifta.
Det er fleire ulike måtar å legge opp nye masker på, inntil nyleg benytta eg denne metoden:
Du lagar enkelt og greit ei løkka som du trer innpå pinnen og stramma til. Enkelt og greit. Men det er ein ny metode som eg har byrja å bruka i det siste som gir litt finare resultat. Eg har ikkje bilete for å vise denne, men eg har funne ein video som visar ca slik eg gjer det:
Videoen visar to ulike metodar, begge kan fint brukast, og dei er nokså like dei to metodane eg brukar. Men det er noko liknande metode nr. 2 som eg brukar nå for tida :) Det er også mogleg å strikke inn ein tråd, eg har laga eit
innlegg her som forklarer korleis ein gjer det.
Slik ser det ut når du har lagt opp masker og strikka eit par omgonger:
Nå er det berre å fortsette å strikke etter mønsteret, rundt og rundt, til du skal begynne å felle i toppen. Då ser den ca slik ut:
Når du skal felle skal du gjere dette 4 gonger i løpet av ein omgang, to gonger på framsida og to gonger på baksida. Det som ofte blir finast er om ein lar stripene som går opp langs sidene (forutsatt at votten din har det) fortsette i fellingen. Om du ser på den votten eg visar på bilete her ovanfor har den 3 striper i sida, ei med annakvar kvitt og svart med ei svart stripe på kvar side. I dette tilfellet lar eg den stripa med annakvar svart og kvitt vera slik ho er heilt opp til topp, mens eg fellar på det to svarte stripene, slik at dei på ein måte rammar inn votten. (sjå nedanfor på bilete, litt vanskeleg å forklare).
Ettersom du skal felle to gonger på framsida og to gonger på baksida, startar du med framsida. Som regel vil det sei at du må strikke to masker på den fyrste pinnen før du startar å felle, men dette varierer frå oppskrift til oppskrift. Men ser du på bilete 1, strikker du t.o.m. den midterste maska på dei 3 stripene på sida, klar til å felle! Det gjer du med å ta neste maske (den svarte maske i "sidestripene") laust av, for så å strikke ei maske til (i svart), for så å trekke den du tok laust av over den du nettopp strikka. (høgre felling)
Deretter strikkar du bort over votten til du kjem til neste "stolpe". Då strikkar du to masker saman, den fyrste svarte maska i "stolpen" med maska rett før "stolpen" (venstre felling). Strikk så den midterste maska, før du skal felle igjen på neste svarte maske. Nå skal du felle som likt som du gjorde fyrst (høgre felling). Strikk igjen over til andre sida, og fell med å strikke to saman (venstre felling).
Det er litt knotete å forklare med ord, det er mye letter å vise det fysisk :P Men her er ein liten oppsummering av fellingen, som kanskje gjer det noko meir oversiktlig:
Du feller 4 ganger per omgang. Desse 4 fellingane foregår på kvar side av "hovedstolpen" som i mitt eksempel er den som har anna kvar svart og kvit maske langs heile sida på votten. Når du feller skal du alltid strikke same farge som "stolpen" din, slik at du får på ein måte ein kant(stolpe) som får gå langs heile sida og fortsetter skrått heilt til topp (i dette tilfellet svart). Du feller på forskjellige måtar på høgre side og vestere side av votten for få til den fine spissen på votten. Av dei 4 fellingane er to på framsida og to på baksida og det er då fyrste og tredje felling som er høgrefelling, og andre og fjerdefelling som er venstrefelling. Slik fortsetter du kvar omgang (med mindre oppskriften din seier noko anna) til det er typisk 8 masker i gjen før du snørper saman, men dette kan variere fra oppskrift til oppskrift.
Når du er ferdig med votten og du har snurpa saman, strikk ein til lik, men husk å strikk tommelen på MOTSATT side, slik at du får både ein høgre vott og ein venstre vott :)
Er dette i det heile tatt forståeleg?
Er litt vanskeleg å forklare på ein blogg, mykje lettare å visa i røynda, men eg håpar at når dykk held på med ei oppskrift kan dykk bruke dette innlegget som eit supplemang, og kanskje det vil oppklare ting du ikkje forstår i oppskrifta :) Men uansett, gi meg tilbakemelding om du forstår forklaringa, eller om noko fortsatt er uklart, så skal eg prøve å få det meir klart :)