tirsdag 31. mai 2011

Oppskrift på pc-veske i mariusmønster :)

Det er ein del som har etterspurt dette mønsteret, og ettersom eg har "dikta" det opp sjølv går det vel greit å publisere det her :) Mønsteret er laga til macbook pro og den er ca 13", denne er nokså tynn, så har du ein større pc bør du kanskje legge opp litt fleire masker.

Men dette mønsterert er til privat bruk og ikkje for videresalg o.l.! 




Det går som følger:


Trekket strikkes frå toppen og ned, dvs. at ein startar med det som hos meg er rosa.
Eg har benytta Mor Aase garn, men du kan egentleg bruke kva garn du vil, f.eks Rubin, Østlandsgarn, Safir osv. vil funke bra. For at denne oppskrifta skal stemme bør det vera ein strikkefasthet på ca 23m. Det går under eit nøste av den kvite og rosa, og i underkant av 2 nøster i grått om eg ikkje huskar feil :)  


  1. Start med å legge opp 162 masker på rundpinne 3,5 med den fargen du vil ha der eg har brukt rosa, i orginalfargar er denne raud. Pass på å ikkje strikke for stramt, då kan veska fort bli for liten :P
  2. Strikk videre etter mønsteret, fra toppen og ned. Sjølve mønsteret (18 masker fra høyre side på mønsterteikningen) skal gjentas 9 ganger rundt. 
  3. Strikk  videre på mønsteret til du er ferdig med den nederste borden. Videre strikkes det i bunnfargen (hos meg grått, i orginalen blått) til den er lang nok til din pc (rundt 15 omganger). Mål på pc-en din. 
  4. Når arbeidet er langt nok skal du maske saman maskene, også kalla kitchener stitch, derfor skal du IKKJE felle av. Om du ikkje veit korleis dette gjerast kan du sjå ein demonstrasjon på denne videoen. Denne metoden lar deg sy saman maskene som om du hadde strikka dei. 
    Slik ser bunnen ut når du maskar han saman :)

  5. Nå er du ferdig med sjølve veska. 
  6. Neste steg er å lage foret inni pc-veska. Då er det berre å måle opp på pc'en, og klippe deretter. Sy saman til ein firkanta pose med glidelås på toppen. 
  7. Når denne er ferig puttar du den inni den strikka pc-veska og nøstar dei saman på toppen. 
    Nøst saman veska og foret.
    Slik ser mi ut oppi

Det er smart å la glidelåsen på eine sida gå lengre ut enn sjølve veska, det gjer det lattera å få pc'en oppi :) Eg laga då ein liten firkant på tuppen slik at det skulle sjå betre ut :) 


    Mariusmønsteret finn du her.
    Mønsterbilete er henta frå denne sida


    Viss det er noko som er uklart er det berre å spør :)

    Det er fint om dykk linkar til min blogg om dykk benyttar dykk av mønsteret og legg ut bilete osv, på bloggen dykkar :)

    lørdag 28. mai 2011

    Framgang

    Nå er bolen ferdig, og eg har starta på den eine armen :)


    Men nå trur eg at eg skal ta litt pause frå strikkinga og heller redigera litt på ein feriefilm :P Tenkte å laga ein frå Cuba-turen :)


    Når eg kikkar ut vindauget nå, kjenner eg at eg angrar på at eg har meldt meg på 7-fjellsturen som er i morgon! Men men, puttsann!

    Ha ein fin laurdagskveld allemann! :)

    

    fredag 27. mai 2011

    Mønsterstrikk på vranga...

    Dette er ikkje akkurat favoritten. Å strikke mønster på vranga er så mykje meir tidskrevjande synast eg, iallefall i starten. Men etter litt øving går det litt fortare nå. Håpar det byrjar å minke på omgangar snart! 


    Ha ei god helg allemann! :)

    torsdag 26. mai 2011

    Nye strikkevesker på gang

    I går satt eg meg ned med nye strikkevesker. Eg skar klar til 4 stk, men eg blei ikkje heilt ferdig:

    Strikkevesker under produksjon!

    I dag reisar eg opp att til Bergen for klassefest og 7-fjellstur! og då trur eg at eg lar desse bli liggande til eg kjem til Karmøy igjen og gjer dei ferdig då. Så kan eg heller strikke frem til då. Vil jo ha litt framgang på prosjektet mitt! :)

    onsdag 25. mai 2011

    Lurer du på kvar strikkebutikkane gøymer seg?

    Knitmap er svaret!

    Denne geniale tingen finn strikkebutikkane for deg! Du berre skriv inn navn på byen eller butikknavn, og vips så kjem det opp kvar du kan finne strikkebutikken. Slik kan du finne strikkebutikkar over heile verda! Genialt spør du meg! :)

    Trur eg må undersøke litt og sjå om eg finn nokon strikkebutikkar der eg skal i USA i somar, det ville vore digg med nytt og spennande garn :) 


    mandag 23. mai 2011

    Uglefint

    Sjekk den megakule pinnemålaren eg fekk av syster mi:

    Pinnemålar forma som ei ugle og ein nykkelring (også pinnemålar)


    Love it!



    Ettersom er held på med eit litt større prosjekt, og strikkar som ein gal på det, så er det ikkje så mykje å vise fram her. Men eg tenkte eg skulle vise dette herlege garnet som eg gler meg til å prøve, tenkte eg skulle bruke det til eit par sokkar. Men denne gangen vil eg prøve meg på sokkar med flette, aldri prøvd det før, så håpar det ikkje er for vanskeleg :P


    Likte denne fargen kjempegodt!
    

    Eg skal prøve å komme med ein oppdatering på det nåværande prosjektet mitt snart, må berre komme litt lengre på veg med det :P 

    søndag 22. mai 2011

    Og den heldige vinnaren er....*trommevirvel*...!

    Dette har eg gleda meg til, endelig skal vinnaren av strikkeveska trekkast! Eg har benytta meg av random.org for å trekka vinnaren, og har lagd ei liste over alle lodda. Det blei heile 77 lodd! Kjempegøy at så mange ville vera med på trekninga! :) 

    Men tilbake til vinnaren. The luckey number blei 34, og den personen som hadde lodd nr 34 var....

    Hjalmfrid, gratulerer! :)

    Dette er ein blogg som er relativt ny for meg, men som eg kommer til å fylgje vidare for å sjå kva spennande som dukkar opp. 

    Hjalmfrid, du må sende meg adressa di på ein mail, og dette vil komme i postkassa di:



    Og til dykk som ikkje vann, fortvil ikkje, det blir kanskje fleire mogligheiter! :)

    lørdag 21. mai 2011

    Det nærmar seg!

    Vel, det nærmar seg ikkje så veldig på dette prosjektet, går litt for seint etter min smak, men det kjem seg!


    Reknar med at dei fleste forstår at dette skal bli noko genseraktige greier :P
    Men meir enn det seiar eg ikkje!



    Noko anna som nærmar seg mykje meir, er trekninga av strikkeveska! Trekninga blir i morgonkveld, så nå er det siste sjangse til å melde seg på giveawayen min! Meld deg på før det er for seint! :) 

    torsdag 19. mai 2011

    Ferdig og FERDIG!

    I dag er det ikkje berre strikkerelaterte ting som er ferdig, men vi er også ferdig med masteroppgåva! Den skal leverast i morgon tidleg (kontoret er stengt nå), noko som vil sei SOMARFERIE! :D Jippi! Då blir det meir tid til både strikking og blogging! 

    Desse blei også ferdige i dag:



    Mønster: Owl Socks
    Garn: Rubin og Safir
    Pinne: nr. 2,75

    Nå skal eg ut på shopping og belønne meg sjølv! :D

    onsdag 18. mai 2011

    Her skjer det saker og ting!

    Innholdet i "the muffinbag" byrjar å ta form!


    Ting tar tid! 

    Eg har også starta med å planlegge og lage innlegg som blei etterspurt tidlegare, slike "korleis gjer du det"-innlegg med diverse strikketips og forklaringar på korleis ting blir gjort :)



    PS: ikkje gløym å meld deg på min GIVEAWAY som trekkast 22.mai!

    mandag 16. mai 2011

    Ekstragave til GIVEAWAYen!

    Etter produksjonen på sundag blei resultatet 10 nye mini-strikkepinneetuier. Dei to siste klarte eg å bli ferdig med før eg kom meg i seng, i tillegg til dei 8 mini-strikkepinneetuia eg hadde laga tidlegare på dagen. 

    Og eg kan nå komme med ei gladmelding til alle som har meldt seg på min Giveaway, den som blir den heldige vinnaren får også ein slik med seg:



    Mini-strikkepinneetui som macher strikketøyveska!


    Giveaway som blir trukket 22.mai! Trykk på bilete for å komme til innlegget!
    

     
    Alle 10 etuia som blei til i går :) Kjempenøgd! 


    Om du ikkje har medt deg på giveawayen enda, så kan du gjere det her, så blir kanskje du den heldige vinnar av ei strikkeveske med tilhøyrande mini-strikkepinneetui :)

    søndag 15. mai 2011

    Effektiv sundag!

    I dag har symaskina mi, Berta, gått for fullt! Ein blir ganske så effektiv når eg fyrst sett seg ned! Eg har jo sydd ein del strikkevesker, men har ikkje hatt tid til å sy tilhøyrande mini-strikkepinneetui  til dei. Men det fekk eg gjort i dag :) 

     Eg skar klar stoff til alle saman før eg starta, og då gjekk det unna!

    8 nesten ferdige strikkepinneetuier, må kun sy på ein trykknapp så er dei klar :)

    
    Desse er utruleg praktiske, og passar fint i strikkeveska :)

    Eg har framleis to igjen som eg skal bli ferdig med i kveld, og då har eg slike etuier til alle strikkeveskene mine, og i matchande stoff :)



    Ps. Husk å meld deg på min strikkeveske- GIVEAWAY her :)

    fredag 13. mai 2011

    GIVEAWAY! :D

    Denne bloggen har gått over all forventning etter at eg starta opp i oktober, eg har hatt mykje fleire besøkande enn kva eg hadde forventa. Spesielt når eg var "Helgens blogg" sist helg, har tilbakemeldingane vore enorme. Dette set eg utruleg stor pris på, og fann ut at nå var det verkeleg på tide med ein GIVEAWAY! 

    Giveawayen blir denne gangen ei strikkeveske. Denne er utruleg praktisk til å oppbevare strykketyet i, eg brukar mine eigne heile tida, eit must for alle strikkeglade! :)


    NB! For å kopiere bilete; venstretrykk på bilete slik at det kjem opp i nytt vindauge, høyreklikk og velg lagre bilete :) 

     Slik vil giveawayen foregå:
    Kvart punkt nedanfor vil gi deg eit lodd, og du vil kunne få maksimalt 4 lodd.


    1. Kommentere på dette blogginnlegget.

    2. Poste bilete av giveawayen på bloggen din og linke til meg. 

    3. Bli følger av bloggen min på bloglovin eller lignende.

    4. Like dette innlegget på facebook (knapp nederst i innlegget) eventuelt legge ut link.

     Husk å skrive i kommentaren kor mange lodd det blir på deg, og om du ikkje har blogg sjølv så skriv mailadressa di sånt at eg kan få tak i deg om du skulle bli the luckey one! :) Trekninga blir foretatt neste sundag, dvs. 22.mai.

    Spre ordet, og lukka til! :)

    onsdag 11. mai 2011

    Nok eit uferdig prosjekt!

    Desse sokkane starta eg på i påsken, men lengre enn dette kom eg ikkje:


    Oppskrifta er frå Drops Design

    Eg fryktar at dei blir for store til meg, noko som er utruleg domt, for eg suns at dei er så fine! :) For augenblinken så held eg på med eit litt større prosjekt, så dette må nok gjerast litt innimellom heller, men ferige skal dei bli etter kvart! :)

    mandag 9. mai 2011

    Strikketips?

    I løpet av helga har eg fått kjempemykje tilbakemeldingar på bloggen, noko som er kjempekjekt! Heilt overvelda av den responsen eg fekk! :)

    Men ein ting som eg fekk nokre forespørslar var om eg ikkje kunne komme med strikketips, gjennom film eller bilete, om korleis ein gjer ulike ting f.eks. strikke hel på sokk osv. Er dette noko som fleire også har interesse av? Isåfall kva vil dykk ha tips om? Om det er interesse for dette skal eg sjå om eg kan klara å få til noko slikt :)

    Det kom også etterspørsel etter litt oppskrifter osv. Det er ikkje alle oppskrifter eg kan legga ut her pga. copyright, men om det er interesse for det kan eg legga ut dei eg har laga sjølv og andre oppskrifter som ikkje vil stride mot copyrighten. 

    Viss det er fleire ting dykk skulle ønskje at eg blogga om, er det berre å legge att ein kommentar så skal eg sjå om eg kan få gjort noko med det :) 

    Tusen takk til alle som var innom bloggen min i helga, og eg håpar at flest muleg tar turen tilbake! :)

    søndag 8. mai 2011

    Ugler i mosen...

    Eg elskar uglesokkane mine! Derfor måtte eg berre strikka eit par til, i nye fargar sjølvsagt :) Denne gangen blei det rosa og brunt, men er kun ferdig med ein sokk så langt!







    I kveld skal eg ha strikkeklubb med nokon kjekke jenter, så kanskje det blir laga ein uglesokk til då? :)

    lørdag 7. mai 2011

    What's in the muffinbag?

    Mitt neste prosjekt vel!

     Garn til mitt neste prosjekt er kjøp inn, og godt plassert i denne muffins-posen


    Sjølvsagt er det rosa!  

    Eg gler meg utruleg mykje til å starta på dette prosjektet, spesielt til når det er ferdig! Eg skal prøve meg på noko eg ikkje har prøvd før, og eg håpar eg får det til! :) Så stay tuned!
    

    Herresokker med Marius-mønster! :)

    ENDELIG er desse ferdig! Det er utruleg kjedelig å strikke foten når den er heilt einsfarga, følar det aldri går på fram! Sokkemønsteret har eg dikta sjølv ettersom eg ikkje hadde noko god oppskrift på ein herresokk. Det resulterte i at dei blei litt store over rista, så om eg skulle ha strikka dei igjen ville eg ha endra litt på oppskrifta. Men det er jo ikkje sååå farlig me ullsokkar om dei er litt store, så mottakaren har berre å bruke dei om han vil eller ikkje :P 




    Mønster: Marius
    Garn: Safirgarn
    Pinne: 2,5 og 3

    Sokkane ser litt klumpete ut på bileta, men det kjem av at eg har putta garn oppi dei sidan eg ikkje hadde nokon i nærheita med store nok bein som kunne ta dei på medan eg tok bileta :P

    Oppskrift på lommetøfler

    Eg fant desse tøflene oppi rotet mitt her ein dag og tenkte at dette kanskje var ei oppskrift som eg kunne dele med dykk. Desse er spesielt greie å strikke for deg som ikkje er så erfaren, for dei er kjempeenkle! Pluss du får øvd deg på rett og vrangt ;)

     Lommetøfler :)
    

    Slik pleiar eg å gjera det:


    • Legg opp 5 masker, og strikk rillestrikk att og fram ca 2 cm (dette blir halve "reima")

    • Øk deretter med ei maske i staten av kvar pinne til du har 22 masker på pinnen. 

    • Strikk så ein omgang der du økar til 44 masker.

    • Start så å strikk 2 rett og 2 vrang i ca 14 cm. 

    • Strikk så ein omgang rett der du fell til 22 masker (fell med å strikke 2 masker sammen)

    • Nå skal det strikkes rillestrikk igjen, mens du feller ei maske i starten av kvar omgang til du har 5 masker igjen.

    • Strikk så 2 cm og fell av.

    • Nå skal dei sys isaman. Då brettar du heile tøffelen. Reima skal sys saman, samt begge sidene (kun der du har strikka r og v)

    Eg har strikka desse i østlandsgarn på pinne 4. Ettersom dei viar seg ut vil dei passe dei fleste dame/jente-føtter :)




    Slik ser dei ut når dei er sydd saman :)



    Og slik ser dei ut på foten



    Eg satt min eigen tuch på dei med å hekla ein blom (det einaste eg kan hekla;)) som eg festa på til pynt, det går også an å feste på ein fin knapp til pynt :) På sesse har eg også lagt inn to striker grått, men eg syns eigenteleg at dei blir finast einsfarga.




    Håpar nokon får nytte av denne oppskriften.
    Ps. setter pris på om du linker til bloggen min om du benytter oppskriften :)  

    Lykke til!

    fredag 6. mai 2011

    Helgens blogg!

    Eg har vore så heldig at eg har blitt valt ut som "Helgens blogg" som er ein "pris" til temabloggere! Kjemegøy! På grunn av dette vil du finne link til bloggen min på framsida av blogg.no, samt ein liten artikkel om meg; kvifor og kva eg bloggar om. Dette vil vare ut helga.

    Responser så långt har vore enorm, meir enn kva eg kunne forventa! Dette set eg kjempestor pris på! Og kanskje det i denne anledningen vil komme litt fleire innlegg i løpet av denne helga? :P 

    Helgens blogg finn du her!


    Strikkexpressen - Helgens blogg

    Marie Iversen, er jenta bak Strikkexpressen.blogg.no. 23 åringen fra Karmøy, bor i Bergen hvor hun studerer master i Revisjon og regnskap ved Norges Handelshøyskole. Bloggen til Marie er en håndverksblogg, hvor hun legger ut bilder og tips til strikkeglade lesere.


    Strikkexpressen.blogg.no, fungerer både som en inspirasjonsblogg for leserne til Marie, men også som et slags fotoalbum for henne selv, for å ha en oversikt over det hun har laget opp gjennom tiden. Bloggen startet hun i oktober 2010, men interessen for håndarbeid blomstret lenge før det.
     -  Jeg har alltid vært glad i håndarbeid, helt fra jeg var liten. Noe jeg sannsynligvis har fra mamma. Tror jeg begynte å sy alene på symaskin allerede i 5-6 års alderen, og jeg likte all form for håndarbeid. I lange tider var det brodering som var det store, og alt annet småtteri, senere gikk det over på scrapping. Det var ikke før ett par år siden jeg virkelig fikk øynene opp for strikking. Det startet med en Mariusgenser, så noen selbuvotter, og så enda flere selbuvotter. Og utifra det har bare interessen blitt større og større. Jeg blir veldig fort rastløs, og da er det fint å ha et strikketøy mellom fingrene.
    Marie mener moren skal ha mye av æren for interessen og talentet hun har, som hun viser frem på bloggen sin.
     -  Det har alltid blitt laget mye hjemme hos oss, og jeg har heldigvis arvet det å være kreativ og flink med hendene.
    Ved å ta en titt på bloggen til Marie, kan det virke som hun klarer alt- med garn. Gensere, luer og votter blir tryllet frem, men hva liker hun best å kreere, og hvordan er det for en rastløs sjel, å sitte timevis med samme genser i hendene?
    -  Jeg kan ofte være litt utålmodig, så da lønner det seg å jobbe med småprosjekter som votter (les selbuvotter) og sokker i alle varianter. Helst med fargemønster, det er morsomst. Man kan aldri få nok selbuvotter, eller sokker for den del. Men også diverse babyting er gøy å strikke, og i ny og ne må jeg jo slå til med et større plagg som en genser osv.
    Om ett år, er Marie ferdigutdannet og skal ut i jobb, men lidenskapen sin har hun ikke tenkt å gi slipp på.
     -  Om 10 år håper jeg at jeg er blitt statsautorisert revisor, kanskje også manager. Kanskje gift med kjæresten min, hus og barn? Hvem vet? Men strikkegleden (og håndarbeid generelt) er forhåpentligvis fremdeles på topp!
    Blogg.no gratulerer Marie med Helgens blogg, sjekk ut bloggen hennes HER 


    Ønsker alle som tek seg turen innom, både faste og nye lesarar, god helg! og stay tuned for her kjem det nok snart fleire nye og spennande innlegg! :)

    Rosa Vaffelsokkar!

    Dette mønsteret har blitt ein av mine favoritter for tida! Dei er kjempe-enkle og raske å laga, og i tillegg sit dei kjempegodt på foten. Og ikkje minst, dei er kjempelekre! :)


    Mønster: Blueberry Waffle Socks
    Garn: Mor Aase
    Pinne: nr. 3,5





    Nå som det nesten er blitt somar og sol (iallefall litt sol), har eg prøvd å gå ut for å ta bilete av tinga eg har laga. Veit ikkje om det alltid er vellykka, men forandring fryder. Kva syns dykk?

    mandag 2. mai 2011

    Gammelt nytt

    Fekk for meg her ein dag at eg ville ta bilete av ting eg har strikka nede på stranda  og litt rundt om når eg var heime i påsken, men ettersom det ikkje er så mykje nytt som er blitt ferdig i det siste blei det "gamle" ting som blei tatt bilete av. Enjoy! :)

     Pc-veske til Mac'en i mariusmønster


    Selbuvottar



    Sokkar med fana-mønster







    Blueberry waffle socks

    Mariusgenser



    Uglesokker :)







     Men det kjem snart litt nytt etterkvart også :)