Då var eg endeleg havna på norsk jord igjen, og nå trur eg at eg skal ha jetlagen under kontroll (etter å ha sove til kl. tre i dag!) Har hatt det heilt supert i New York, eit innlegg derfra vil kome snart :)
I mellomtida tenkte eg å vise kva eg har laga nå i det siste, for her har det gått i
Amandastrikk. Snakka om dette prosjektet på
bloggen for ei stund sidan, var då meininga at eg skulle starte med litt slikt strikk etter kvart
(men det tok si tid...) Litt flaut å sei, men eg starta fyrst nå i romjula, men som dei seiar "betre seint enn aldri"! Men til gjengjeld så blei det mykje strikk når eg fyrst starta :P For dei som ikkje allereie veit kva Amandaprosjektet er anbefalar eg å gå på
nettsida deira eller f
acebook-sida deira og lese meir om det. Men i korte trekk går det ut på å strikke lue, sokkar, vottar og tepper til premature barn eller barn født til termin men som er sjuke for å holde dei varme, slik at dei kan bruke all energien sin på å bli friske :) Kjempebra prosjekt!
Her er det eg fekk strikka i romjula:
|
8 små søte luer, alle er strikke i babyull og pinne nr. 3 |
Luemønstrene er frå Raverly.com. Flesteparten av dei er frå
Carissa Browning, oppskriften er blitt oversatt til norsk
her. Her er dei eg har strikka frå dette oppskriftsheftet:
|
Lue med hjarter |
|
Lue med hullmønster |
|
Stripete lue |
|
Lue med hullmønster |
|
Stripete lue |
|
Lue med diamantmønster |
Eg har også strikke
"Swirl Hat" som du også finn gratis på raverly
|
Snurrig lue |
Den siste lua har eg dikta sjølv. Eg tok utgangspunkt i luene frå Carissa Browning og putta på hjerter:
|
Hjertelue |
Dette er ein super måte å bli kvitt restegarn på same tid som du gjer ein god gjerning og i tillegg er dei kjempegøy å strikke! :) Eg har fått heilt dilla og sitter her nå å strikkar endå fleire, så det blir nok fleire Amanda-strikk innlegg ;)