Eg fann dette mønsteret for lenge sidan, men ein får ikkje alltid tid til å strikke alt! Men nå når kulda kom inn over Oslo tenkte eg at det var på tide med nye vottar. Så eg satte i gong og dei vottane i grått blei til, og det i superfart! Eg brukte kun ein kveld for å bli ferdig med dei, herlig! Så då strikka eg lika så godt eit par til og gav dei til mamma til jul. Trur dei falt i smak :)
|
Mønster: Staff-mittens Pinne: nr. 5,5 Garn: Nepal frå Drops Garnmengde: ca 1,5 nøste Størrelse: Dame |
Mitt tips til desse vottane, spesielt om du strikkar dei i Nepal er å gå ned en pinnestørrelse på vrangborden. Det gjorde eg ikkje på det fyrste paret og syns den blei litt laus og "slufsete", blei mykje betre når ein strikka den på litt mindre pinnar.
Etter å ha strikka dessa vottane så kom eg på ein idé om lage min eigen versjon av desse. Håpar berre tida strekk til...