Rett over nyttår var eg i NY med klassen min, og me hadde ein super tur! Det blei ein del shopping, men mens dei andre gjekk å handla klede og anna stasj, så var eg på jakt etter garnbutikkar :P Det var heldigvis eit par andre strikkeglade jenter med så eg kunne gå saman med, men eg trur eg var noko meir ivrig enn dei, så eg gjekk på nokon åleine også ;) Noko av det eg la merke til når eg gjekk på garnbutikkane der borte, var at dei har litt ein annan stil både når det kjem til garn og oppskrifter enn oss her i Noreg, syns eg iallfall :P Men noko klarte eg å finne likevel! Tenkte eg skulle dele litt av erfaringane eg fekk med dykk her :)
Den fyrste strikkebutikken eg var i
Purl Soho, som namnet tilseier ligg denne i Soho. Nøyaktig adresse er 459 Broom Street.
|
Purl Soho |
Purl Soho var ein stor og fin butikk, med mykje garn! Fint organisert var det også, men som eg nemnte tidlegare syns eg dei brukar ein del anna type gar, så eg sleit litt med å finne noko garn som eg kunne tenke meg. Pluss eg syns det var litt dyrt, eg som trudde at garn i USA skulle vera billing, sidan alt anna er så billigt, men neida! Men eg kom ut derifrå med 2 bøker og var i grunn kjempenøgd! Så eg anbefala denne butikken om du skulle befinne deg i Soho :)
Vintage Knits er den boka eg er mest fornøgd med av dei bøkene eg kjøpte i løpet av turen, den har så mange søte oppskrifter og eg gler meg til å prøve dei ut! :)
knit. sock. love. er ei bok med fantastisk mange fine sokkeoppskrifter. Det er lenge sidan eg har strikka sokkar, så kanskje det er på tide?
Eg hadde også lest på ein strikkeblogg om ein stor bokbutikk,
Strand Bookstore, som sel både nye og brukte bøker kor du kunne finne mange strikkebøker til halv pris. Ja takk! Denne måtte eg finne! Når eg kom fram til den adressa eg hadde funne på nettet var det dette synet som møtte meg:
|
Strand Bookstore? |
Det viste seg at dei hadde både butikk og boder/bord ute, og eg hadde tydelegvis funne adressa til der bodene stod (ved starten av Central Park) og ikkje butikken :P Men dagen etter klarte eg å finne rett plass som, altså butikken, som låg på 828 Broadway. (dei 2 bileta nedanfor er låna frå Google.no)
Her var det mykje bøker! Med litt hjelp klarte eg å finne fram til strikkebøkene. Det var mange bøker, men det var ikkje alle som var like bra. Igjen, så var det den forskjellen med kva dei i USA tydelegvis likar å strikke vs. kva nordmenn (dvs. meg) likar å strikke. Mange av bøkene såg ut som det skulle vera bra bøker, men når eg opna dei blei eg skuffa, MEN eg kom ut derifrå med to bøker bil ein billig penge! Noko bra må ein jo finne når utvalet er så stort :P
Quick Baby Knits og Chic Knits for Stylish Babies blei med meg heim derifrå. Når du får strikkebøker til 60 kr kan ein ikkje gjere anna enn å vera fornøgd! :)
Men nok bøker, eg måtte jo kome meg på fleire strikkebutikkar også! Den neste butikken eg prøvde meg på då var
Downtown Yarns.
|
Downtown Yarns |
|
Dette viste seg å vera ein liten og koselig butikk |
Og eg kunne sjølvsagt ikkje gå heim tomhendt:
|
Rooosa garn! |
Det blei kun med dette garnkjøpet på turen, men då var det bra at det i det minste var fint og rosa! ;)
Eg var også innom to garnbutikkar til, men utan å finne noko. Den eine var liten, den andre stor!
Gotta Knit var ein liten strikkebutikk i 5 etasje. Når eg kom inn der så satt det nokre damer rundt eit bord og strikka. Ho eine som sat der var tydelegvis nybegynnar og blei opplærd i å legge opp masker. Koselig og avslappa stemning :)
|
School Products |
School Products fann eg oppe i 3 etasje og den var stor! Men det var ikkje så mykje garn som passa til midt bruk, men det var jo kjekt å berre gå å sjå på dei ulike garna :)
Ser at dette blei eit noko langt innlegg, men kort oppsummert:
Dette kjøpte eg meg:
Og desse garnbutikkane likte eg best og syns var verkeleg er verdt turen innom:
|
Downtown Yorn og Purl Soho |
Så eigentleg kunne du berre ha scrolla ned og lest oppsumeringa her, i staden for å lese heie innlegget ;) Men det er jo fint om nokon klarar å kome seg gjennom heile innlegget i det minste :P