Viser innlegg med etiketten Hals. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hals. Vis alle innlegg

tirsdag 27. desember 2016

Trultemor-buksedress

Ofte må eg sjå nokon andre ha strikka noko, før eg innser kor fint strikkeplagget er. Det var tilfellet med Trultemor-buksedress frå Klompelompe. Den er frå den fyrste boka som eg har hatt ståande lenge på hylla, men eg har aldri komt på at eg skulle strikka den. Heilt til eg såg eit bilete på instgram av buksa i ein av Klompelompe fine herlige rosafargar. Eg fann pladask og gjekk til innkjøp av garn dagen etter. 

Se så liten og søt!

Mønster: Trultemor buksedress
Bok: Klompelompe (bok nr. 1)
Garn: Merinoull frå Sandnesgarn
Farge: Klompelompe 4032
Pinne: nr. 4
Størrelse: 3 mnd
Garnforbruk: 113g
Buksa passar perfekt saman med tilbehøret som eg blogga om i forrige innlegg. Både lua og halstørkle er strikka i klompelompefargar, og Klompelompe kan verkelig dette med duse og yndige fargar. Eg berre elskar dei! 

Både oppskrifter og garn frå Klompelompe

Lua frå Tiddelibom passa også bra syns eg

Lue, votter, halstørkle og sko!
Eit stykke nedi ferdigstrikk-kurven min fann eg også den kvite rillejakka egs trikka tidligare. Saman med resten av tilbehøret syns eg dette blei det perfekte antrekket!

Den kvite rillejakka

Alt saman; eit perfekt strikkesett til ei lita vinterprinsesse!



lørdag 24. desember 2016

Tilbehør

Eit kvart antrekk treng litt tilbehør. I løpet av denne hausten har eg funne ulike oppskrifter som eg lika veldig godt, og tilbehøret passer så fint til mange ulike sett! Både lue, votter og skjerf/halstørkle har blitt strikka.

Fyste mann ut er lua. Dette er ei utrulig søt lue frå Tiddelibom, blomsterlua. Det er benytta ein ny teknikk (for meg) for å strikke "blomane", og eg måtte klø meg litt i hovudet for å forstå beskrivelsen, men når eg først forstod den var det nokså enkelt.

Mønster: Blomsterlua
Nettside: tiddelibom.no
Garn: Merinoull frå Sandnesgarn
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 30g

Blomsterdetaljer
 Neste mann ut er også frå Tiddelibom.no, og er huttemegtu vottene. Dei er utrolig søte, og går veldig raskt å strikke. Ettersom det ikkje går så mykje garn, er dette perfekt restegarnstrikk. Også her var det ein "ny" metode, men denne har eg strikka før, så det gjekk fort å forstå oppskrifta. Vottane skal egentlig strikkast på pinne 3 og 3,5, men eg strikka heile votten på 3,5, syns vrangborden blei litt stram på pinne 3.

Mønster: Huttemegtu votter
Nettside: tiddelibom.no
Garn: Merino Extra fine frå Drops
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-6 mnd
Garnforbruk: 156

Detaljer frå mønsteret
 Siste mann ut er et halstørkle frå Klompelompe. Eg ahdde eit nøste til overs frå eit tidlegare prosjekt, og dette virka som den perfekte oppskrifta for å kvitte seg med det.

Mønster: Perlestrikket halstørkle
Hefte: Babystrikk av Klompelompe
Garn: Tynn merinoull
Farge: Klompelompe 4042
Pinne: nr. 3
Størrelse: Nyfødt
Garnforbruk: 25g

Baksida

Tilbehør; Lue, Votter, Halstørkle og Sko

lørdag 15. februar 2014

Riller i lange baner!

Nok ei barselgåve er gitt bort, og den nye verdensborgaren kom til verda for nokre dagar sidan. Eg blei ferdig med denne rundt jul, men ting tar tid! og nå kjem den endelig på bloggen!

Eg har lenge hatt lyst til å prøve mønsteret på rillejakka i Myk Start boka, og endelig var det ein passande anledning til det. Men det er jo så mykje fint i riller, så heile settet inkludert tilbehøret blei i riller. Det blei ein god match syns eg! Heile settet er strikka med garn eg fann i garnlageret mitt. Godt eg hamstra inn ein del under Drops-salget. Jakka er strikka nokre masker lengre på armane og eg har hekla kant rundt heile jakka med unntak av halsen.

Eg hekla ein enkelt kant rundt jakka

Heile settet


Alt tilbehøret; lue, smetteskjerf, vottar og sokkar, alt i riller!

Mønster: Babylue frå Nøstebarn
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-6 mnd
Djevellua er ein klassikar, og jenteversjonne til Nøstebarn utan spiss er berre nydelig syns eg.

Mønster: Votter frå Myk start
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-6 mnd

Mønster: Smetteskjef frå Myk start
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-1 år

Eg har med dette skjerfte gjort det same som ved det eg viste i forrige innlegg strikka i spiss i endane, istaden for heilt firkanta slik som i oppskrifta. Smetteskjerfet er ein ny favoritt her i huset! 

Mønster: Sokker på to pinner frå Myk start
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 4-8 mnd

Eg strikka rundt og rundt, og slapp faktisk unna samansying. Ingenting er betre! Også her hekla eg ein enkel kant rundt toppen av sokken slik som jakka. Eg strikka også ei reim som eg festa og pynta med to knappar like som på jakka. 

Mønster: Jakke strikket i ett stykke frå Myk Start
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 4-6 mnd
Når settet blei overlevert var det ei stk fornøg snart mamma som tok gledelig imot. Eg gler meg til den vesle tulla blir stor nok til å bruke det! 

onsdag 1. januar 2014

Strikkeåret 2013

Eg har sett at fleire bloggarar har tatt ein oppsummering av strikkeåret som nå er ferdig, og eg tenkte at eg også ville gjere eit forsøk på dette! Men når eg starta å sjå over kva eg har strikka, fann eg ut at eg har veldig dårlig oversikt over kva eg har strikka, garnforbruk, garn inn og ut av lageret osv. Derfor blir eit av mine nyttårsforsett å bli flinkare på å holde styr på dette! Det er jo alltid gøy å sjå kor mykje garn det går med til dei ulike prosjekta, og det kan også vere greit å få ein viss kontroll over garnlageret. Eg fryktar at garnlageret mitt også i år har blitt større og ikkje mindre, eg vågar i alle fall ikkje å estimere kor mykje garn som er kome inn...men men! 

Men over til det som er interresant! Kva blei egentlig strikka i 2013? Etter å ha sett litt grovt over bloggen kom eg fram til at dette blei strikka i år: 

6 par vottar
15 luer
4 vestar
5 kjolar
5 gensarar, herav 3 Oslo-anorakkar
6 babyjakker
5,5 par babysokkar
5 bukser, herav 3 ballongbukser
3 skjerf/hals
3 par sokkar/tøfler

I alt er det strikka 57,5 plagg! Slettes ikkje verst! Det er moglig at eg har gløymt noko eller tatt med noko som eigentlig blei strikka før nyttår i fjor, men sånt sirkus i alle fall! 

Av alle desse plagga finn du kun 2 egostrikk: lun genser og camelon-genser, begge frå Pickles. Ellers har det gått MYKJE i babystrikk. Ein del av babystrikket har blitt gitt bort til venner og kjente, mens den resterende delen har blitt putta i gåveeska. 



Måtte 2014 bli nok eit godt strikkeår!

mandag 31. desember 2012

Året som gjekk!

Då er det kun timar som gjenstår av året 2012, og då er det det perfekte tidspunktet til å sjå litt tilbake på kva som blei laga i løpet av året. Som vanleg er det produsert massevis, og her er eit lite utval frå året som gjekk:

Strikkeåret 2012
Det var ikkje absolutt alt som fekk plass her, men ein god del i det minste.
Og med dette så vil eg ønske alle mine lesarar eit Godt Nytt År! Og håpar med bloggast inn i det nye året! :) 

fredag 21. desember 2012

Eit raudt skjerf

Når du gir eit gåvekort som seier at eg skal strikke det bursdagsbornet ønsker, så må du ta det du får. Du ber jo om det. For denne bursdagsjenta ville ha eit skjerf. Og det skulle vera raudt. Og langt! Og i rillestrikk. Wohoo! Verdas mest keisame strikkeprosjekt... Men resultatet blei i det miste bra og med tjukt garn og pinnar så gjekk det heldigvis unna! :)

Hallveis, og det ville ingen ende ta! 
Men det blei i alle fall langt nok håpar eg
Eller kva?

Eg lagde slike tustar på enden for å sprite det litt opp

Langt, langt skjerf

Mønster: Fri "fantasi"
Garn: Eskimo 7 nøster trur eg
Pinne: nr. 8
Eg brukte ingen oppskrift men om du skulle ha lyst å lage eit slikt ett så gjer du slik:
  • Kjøp inn tjukt garn, gjerne Eskimo frå drops. Det er billig og det klør ikkje noko særleg. Til så langt skjerf eg har laga gjekk det ca 7 nøster. 
  • Legg opp x antall masker på pinne nr 8. Du legger opp til du syns det er breit nok. Eg trur eg la opp rundt 25 masker.
  • Strikk til du går tomt for garn. Eventuelt la det vera litt igjen og sett på "tuster" på endane. Fell av og voila! 
Enkelt og greitt! 

God strikking!


tirsdag 15. november 2011

Vridd hals frå Pickles

Denne halsen blei dødsdigg!


Utruleg mjuk og god, og deilig at den er litt tett oppi halsen :)
Den skal snurrast to gonger rundt


Enkelt, men effektfull mønster 


Mønster: Vridd hals
Garn: Abuelita tjukk merino
Pinne: nr. 10

Eg kan anbefale både oppskrifta og garnet på det varmaste. Den går fort å strikke og mønsteret er enkelt, og du treng kun eit nøste (100grams nøster). Dette garnet byrjar å bli ein favoritt her, foreløbig er det kun denne eg har strikka i det, men eg har kjøpt inn garn til eit større prosjekt også. Det er berre så ufattelig mjukt og godt, og det klør ikkje i det heile tatt :) Gler meg til å strikka meir i det!

tirsdag 13. september 2011

Perlestrikket hals med snurr


Perlestrikket hals med snurr

Perlestrikk

Mønster: Perlestrikket hals med snurr
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 5,5

Ettersom eg brukte eit anna garn enn i oppskrifta blei den ikkje heilt slik som den skulle ha blitt. Med det garnet som er i oppskrifta trur eg han ville blitt litt tjukkare, og eg vurderar derfor å kjøpe eit garn ekstra for å strikke han litt lengre. Syns det kanskje var litt lite "volum" i han slik han er no. Men ellers er han kjempegod! (og fin!)