Eg har lenge hatt lyst til å prøve mønsteret på rillejakka i Myk Start boka, og endelig var det ein passande anledning til det. Men det er jo så mykje fint i riller, så heile settet inkludert tilbehøret blei i riller. Det blei ein god match syns eg! Heile settet er strikka med garn eg fann i garnlageret mitt. Godt eg hamstra inn ein del under Drops-salget. Jakka er strikka nokre masker lengre på armane og eg har hekla kant rundt heile jakka med unntak av halsen.
Eg hekla ein enkelt kant rundt jakka |
Heile settet |
Alt tilbehøret; lue, smetteskjerf, vottar og sokkar, alt i riller! |
Mønster: Babylue frå Nøstebarn Garn: Baby merino Pinne: nr. 2,5 Størrelse: 0-6 mnd |
Djevellua er ein klassikar, og jenteversjonne til Nøstebarn utan spiss er berre nydelig syns eg.
Mønster: Votter frå Myk start Garn: Baby merino Pinne: nr. 2,5 Størrelse: 0-6 mnd |
Mønster: Smetteskjef frå Myk start Garn: Baby merino Pinne: nr. 3,5 Størrelse: 0-1 år |
Eg har med dette skjerfte gjort det same som ved det eg viste i forrige innlegg strikka i spiss i endane, istaden for heilt firkanta slik som i oppskrifta. Smetteskjerfet er ein ny favoritt her i huset!
Mønster: Sokker på to pinner frå Myk start Garn: Baby merino Pinne: nr. 2,5 Størrelse: 4-8 mnd |
Eg strikka rundt og rundt, og slapp faktisk unna samansying. Ingenting er betre! Også her hekla eg ein enkel kant rundt toppen av sokken slik som jakka. Eg strikka også ei reim som eg festa og pynta med to knappar like som på jakka.
Mønster: Jakke strikket i ett stykke frå Myk Start Garn: Baby merino Pinne: nr. 2,5 Størrelse: 4-6 mnd |
Når settet blei overlevert var det ei stk fornøg snart mamma som tok gledelig imot. Eg gler meg til den vesle tulla blir stor nok til å bruke det!
For et nydelig sett! Flotte mønster du har satt sammen! Jakken ble litt søtere med heklet kant:)
SvarSlettTakk! Ja eg syns heklekanten gjorde seg! :)
SlettHerlig sett i utrolig fin farge! Har Nøstebarnboka, men tror nok jeg må kjøpe meg Myk start også!
SvarSlettTakk! Myk start er absolutt verd investeringen! Det er veldig mykje fint i den :)
SlettNydeleg sett! For ikkje å snakke om den fine fargen du har valt :)
SvarSlettTakk for det! Det lønner seg å hamstre inn på salg, då har ein litt å velge mellom :)
SlettSå nusselig sett, virkelig skjønt! Heldige mottakere:)
SvarSlettHa en flott kveld!
Takk for det! Mottakaren blei kjempeglad :)
SlettSå nydelig sett!! Heldig den som får så fine barselgaver :)
SvarSlett