Enda ei barselgåve strikka og gitt bort!
Eg syns det er veldig gøy å gi bort heimestrikka ting, og det virkar også som folk set pris på det. Derfor gir eg utelukkande heimestrikka i barselgåve, babystrikk er jo min favoritt!
Denne gongen var det til ein kollega frå jobb. Ho fekk ei bittelita jente, så då måtte eg strikke noko bittelite og søtt til ho!
Ho blei født litt før tida, og derfor starta eg med å strikke ei prematurlue til ho i mi yndlingslueoppskrift, enkel babylue frå Nøstebarn:
|
Mønster: Lettstrikka babylue frå Nøstebarn Garn: Babyull Pinne: nr. 2,5 Størrelse: Nyfødt/prematur Garnforbruk: 20g |
I tillegg strikka eg eit sett beståande av kjole, lue og sokkar:
|
I rosa sjølvsagt! |
Lettstrikka babylue (igjen) i enkel perlestrikk og sløyfe:
|
Mønster: Enkel babylue med perlestrikk Pinne: nr. 2,5 Garn: Baby Merino frå Drops Størrelse: 0-3 mnd |
|
Mønster: Sokker på to pinner m/perlestrikk frå Myk Start Pinne: nr. 2,5 Garn: Baby Merino frå Drops Størrelse: 0-3 mnd |
Eg brukte ca 45g rosa garn til saman på lue og sokkar, og litt kvitt restegarn
|
Mønster: Eileen Dress Pinne: nr. 3,5 Garn: Baby Merino frå Drops Størrelse: 0-3 mnd Garnforbruk: ca 55g |
|
Det gjekk med 2 nøster til hele settet |