Åjoda, kofta blei ferdig den! Og dét til påske! Så denne blei avlevert til mottakaren på skjærtorsdag, og den blei godt tatt imot :) Eg har kanskje ikkje ein søt litan baby å vise fram klea eg strikkar på, men eg har derimot ein litt større gut til å vise fram klea. Men heller ikkje han er alltid like samarbeidsvillig...
"Kan du ta på deg kofta så eg får tatt bilete til bloggen?" Ser at han sitter nølande i sofaen, og har eigentleg ikkje så lyst. "Viss du vil kan du sleppe å vise ansiktet ditt". "Ok da".
 |
| Den sat som eit skot! |
"Men bak frå kan vel hovudet ditt vera med, du ser jo ikkje fjeset då".
"Nei, for eg likar ikkje bakhovudet mitt!".
For ein vrangpeis! Men bileter blei det, til slutt i alle fall.
"Vent, vent! Eg må få ta eit nærbilete av kofta også!" prøvar eg å sei før han hoppar av gårde.
 |
| Litt uklart, men det var det beste eg fekk til :P |
Kven har sagt at det skal vera lettare å ta action-bilete av "store born"?
 |
Mønster: Mariuskofte frå hefte Klassikere
Garn: Falk frå Dalegarn
Pinne: 3 og 3,5
Størrelse: Strikka XL, men pga tynnare garn
vil eg tippe han er ca L
Garnforbruk: 700g svart, 100g kvitt og 50g raudt |
Eg vil verkelig anbefala å bruka falk til Mariuskofte eller genser, som eit alternativ til Smart. For eg syns at Smart klør litt, mens Falk klør så og sei ikkje. Falk er bittelitt tynnare, men det er ikkje så mykje om å gjera, ein kan i såfall gå opp ein størrelse. Eg brukte det på den
fyrste Mariusgenseren min også, og det funka kjempefint! :)