Viser innlegg med etiketten Ugle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ugle. Vis alle innlegg

søndag 27. januar 2013

Ei voksen uglelue

Til jul fann eg ut at eg ville lage ein litt morosam gåve, så eg laga uglelua i voksen versjon og gav den til svigermor!

Hoot Hoot!

Mønster: ChoulettePinne: nr. 6
Garn: Eskimo
Størrelse: voksen
Lua blei godt tatt imot, og blir brukt som berre det ;)

mandag 31. desember 2012

Året som gjekk!

Då er det kun timar som gjenstår av året 2012, og då er det det perfekte tidspunktet til å sjå litt tilbake på kva som blei laga i løpet av året. Som vanleg er det produsert massevis, og her er eit lite utval frå året som gjekk:

Strikkeåret 2012
Det var ikkje absolutt alt som fekk plass her, men ein god del i det minste.
Og med dette så vil eg ønske alle mine lesarar eit Godt Nytt År! Og håpar med bloggast inn i det nye året! :) 

lørdag 15. desember 2012

Uglemor har kome på besøk, og ho har med vin!

Jada, jada, dårlig med blogging bla bla bla. Eg tar ingen ansvar! Det lar eg jobben min ta!

Men sjekk den nye ugla mi! Dødskul! Falt pladask når eg såg ho fyrste gong og måtte berre setta i gong med strikkinga. Og best av alt, ho har med seg vin!

Vinugla før toving


Vinugle etter toving


Vinugla pyntar så fint opp i stua mi :)

Vinkranen har ho gøymt under vinga :)


Mønster: Heftet Tema 32 Toving
Garn: Fritidsgarn
Pinne: nr. 6 og heklenål nr. 5

Eg brukte litt meir brunt enn kva som stod i oppskrifta,
og måtte derfor kjøpe eit ekstra nøste.

Eg og vinugla mi vil med dette ønske alle lesarane mine ei riktig fin helg!

lørdag 10. november 2012

Uglelue, hoot hoot!

Nokon gonger finn du noko du berre MÅ strikke, og du slepp alt anna du har i hendene og sett i gong. Slik hadde eg det med denne ugle lua. Når eg såg denne på bloggen til monstermønster var det fyrste eg gjorde dagen etter å kjøpe garn og mønster. Lua blei strikka på ein kveld. Tjukkt garn, tjukke pinnar og eit lite hovud, perfekt kombo. Resultatet blei kjempekult!

JA, det er ei DUKKE (faktisk ei porselensdukke)

Hoot Hoot!

Mønster: Chouette
Garn: Eskimo
Pinne: nr. 6
Størrelse: 1-3 år
Garnforbruk: litt over 1 nøste

onsdag 26. september 2012

Perleguri?

Ein ny epedemi har brøte laus her i heimen. Dei gode gamle perlene. Som i rørperler som skal strykast. På vegen heim frå jobben var eg innom Panduro og kjøpte inn perler og perlebrett, klar til å setta i gong! Å gud, så gøy det var! 

Perlemix!
 Smart som eg var så kjøpte eg ein perlemix, "då har eg jo litt av alle fargane", istaden for å kjøpe ein og ein farge. Vel, det resulterte i at eg sat å sorterte perler heile kvelden. Men litt resultater blei det etter kvart, sjølv om det tok litt tid. 

Det var sjølvsagt ein plan bak perlinga. Eg sat ikkje berre her å perla for å perla, neida, her skulle det lagast bordskånerar! Når du har flytta inn i ny leilighet, med nye møbler, er det ganske ukult med flekkar på det nye bordet. 

Så, VOILA: 

Uglebordskånere!
Kanskje ikkje så øveraskande at det blei ugler? Megakule blei dei i alle fall! 
Litt avhengigheitsskapande dette her, så eg var ein smule trøyt på jobben dagen etter!

søndag 23. september 2012

Ein uglepresang!

Perfekt bursdagspresang til ei ugleglad jente! 


Uglesokker!
Mønster: Owlsocks
Garn: Trysilgarn Superwash
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: ca 36
Garnforbruk: 1 nøste mønsterfarge, 2 nøster grunnfarge

fredag 1. juli 2011

Uglefin bursdagsgåve :)

Nok ein ferdig ufo, og denne blei gitt i bursdagsgåve til systera mi i går:

Mønster: Owl socks
Garn: Karisma frå Drops
Pinne: nr. 2,75

torsdag 19. mai 2011

Ferdig og FERDIG!

I dag er det ikkje berre strikkerelaterte ting som er ferdig, men vi er også ferdig med masteroppgåva! Den skal leverast i morgon tidleg (kontoret er stengt nå), noko som vil sei SOMARFERIE! :D Jippi! Då blir det meir tid til både strikking og blogging! 

Desse blei også ferdige i dag:



Mønster: Owl Socks
Garn: Rubin og Safir
Pinne: nr. 2,75

Nå skal eg ut på shopping og belønne meg sjølv! :D

søndag 8. mai 2011

Ugler i mosen...

Eg elskar uglesokkane mine! Derfor måtte eg berre strikka eit par til, i nye fargar sjølvsagt :) Denne gangen blei det rosa og brunt, men er kun ferdig med ein sokk så langt!







I kveld skal eg ha strikkeklubb med nokon kjekke jenter, så kanskje det blir laga ein uglesokk til då? :)

torsdag 17. mars 2011

UGLEsokker!

Å gjett om eg blei glad når eg fann dette mønsteret! Eg har som dykk sikkert har sett blitt heilt hekta på ugler i alle fargar og variantar, og når eg datt over dette mønsteret berre måtte eg legge alt til side og strikke dei :P Eg tok det fyrste garnet et fann i strikkekurva, og satt i gang!

Uglesokker i produksjon!



Mønster: Owlsocks
Garn: Safirgarn
Pinner: 2,5

Eg blei kjempenøgd med resultatet, og eg er spesielt nøgd med at eg lærte meg å strikke skikkelig hel mens eg laga dei, så nå kjem det nokk fleire sokkar! Og antageligvis eit par til av desse herlege uglesokkane! :)