Eit hentesett skal vera litt spesielt, det syns i alle fall eg! Når ei venninne av meg skulle bli tante og ville eg skulle strikke for ho, tenkte eg å sette saman ein fin kombinasjon av plagg til eit hentesett.
Valget fall på bølgejakka frå Dalegarn, den er berre så utrulig fin! Til denne valgte eg å strikke ein romper med egen vri, samt lue og lange sokkar som stod i stil.
Samtlige plagg fekk denne gong ein egen vri, og er derfor heilt unike! Jakka endra eg øvre del på kor flettene er. I utgangspunktet skulle det vere ein anna type flette, men for å få mønsteret i stil med resten av sette valgte eg å lage ei vanlig flette over 4 masker. Eg likar også denne type flette betre enn originalen, så då blei det slik! Jakka blei strikka i størrelse 2-4 mnd, men for at ho ikkje skulle bli for stor til ein nyfødt strikka eg jakka på pinne 2. Eg syns resultatet blei akkurat som eg hadde sett for meg:
Mønster: Hentesett frå Dalegarn hefte 277 med egen vri Størrelse: 2-4 mnd (nyfødt) Garn: Sandnes Babyull Pinne: nr. 2 Garnforbruk: 89g |
Sjølvsagt måtte settet få ein romper! Valget fall på romperen frå "Den store guttestrikkeboka", men det måtte til nokre eigne tilpasningar. Eg valgte å strikke den i glattstrikk med fletter langs sidene. Flettene går også her over 4 masker.
Mønster: Babydrakt frå Den store guttestrikkeboka med egen vri Størrelse: 3 mnd (nyfødt) Garn: Sandnes babyull Pinne: nr. 3 Garnforbruk: 42g |
Eg benyttet som mange gonger før oppskrifta fra på enkel babylue frå Nøstebarn. Denne har eg tilpassa slik at det passar til bølgemønsteret, og pyntet med silkebånd.
Mønster: Lettstrikka babylue frå Nøstebarn med egen vri Størrelse: 0-3 mnd. Garn: Sandnes babyull Pinne: nr. 2,5 Garnforbruk: 20g |
Ettersom det nærmar seg vinter kan det bli litt kaldt med ein romper på ein liten kropp, derfor måtte det lange sokkar til. For å få sokkar som stod i stil måtte eg nesten ha fletter på. Eg endte då opp med å strikke "Vottesokken" frå Myk Start boka, kor eg strikka dei i glattstrikk med ei flette på kvar side. Også denne gong flette over 4 masker.
Mønster: Vottesokken frå Myk start meg egen vri Størrelse: 0-2 mnd. Garn: Sandnesgarn Babyull Pinne: nr. 2,5 Garnforbruk: 24g |