Eg syns Pickles-jentene er veldig flinke til å gjere stas på kundene sin, og finne på morosame påfunn! I anledning ny bok, lagde dei i stand ein boklanseringsfest. Sjølvsagt måtte eg gå på den!
Eg og nokre venninner møtte derfor opp, og vi var ikkje åleine, det var mange som hadde møtt opp. Så mange, at vi måtte stå i kø utanfor og det attpåtil i regnvær. Men det gjorde ikkje så mykje når dei søte pickles-jentene kom rundt og serverte sprudlene vin og godis til oss som stod ute i kø!
|
Boblevin, goodiebag og ny bok! |
Med meg heim fekk eg både den nye boka, og ein goodiebag. Pickles lager alltid supre goodibags, og denne gong var intet unntak!
|
Goodiebagen inneholdt; garn, pose til strikketøyet, måleband og knappar |
Eg tenkte også at eg skulle gi dykk ein smakebit fra boka og mine favoritter! Som dei skriv i boka, så er dette en temabok, det vil sei at dei aller fleste kleda er i same "sjanger". Det er ein del oppskrifter som er kva eg vil kalle "cowboy og indianer" inspirert. Men det er også ein del "vanlige" oppskrifter også. Her er dei eg likte best:
|
Saloon-kjole |
|
Fjøsdress |
|
Søndagssett |
|
Ramsalt Bølgeteppe |
|
Fekjole |
|
Svalestupsolliv |
|
Sjøsprøytgenser |
Dette er kun ein liten smakebit, for det er heile 60 oppskrifter i boka!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)