I helga har eg vore heime på Karmøy, og i den annledning fann eg ut at eg ville på skattejakt! Eg var oppi kassar og skap og rota (til mammas fortvilelse), og skatten fann eg!
|
Strikka dokkeklede som me hadde når me var små |
Det viste seg at den blå jakka faktisk blei hekla av mamma til storesyster mi, merkeleg å tenke på at me har vore så små!
Den kjolen eg alle mest håpte på å finne, fant eg også! Eg syns den er så fin! Det er farmor som har strikka den til oss, og me hadde matchande kjole til oss sjølv og dukka. Skulle ønske eg fann mønsteret på denne...
(eg sneik også med eit "action-bilete" av baby bonnet lua, det var det næraste eg kom ein baby)
|
Sarah med den fine kjolen og lua mi!
Sat som eit skot! |
|
Syns detaljane her er så fine :) |
|
Matchande sokker til :)
(det skal også vera ei lue, men den fann eg ikkje) |
|
Litt stor, men ellers sat baby bonnet lua fin fint på! |
Eg klarte også å rote fram dette:
|
Maaaange gamle oppskrifter |
Uheldigvis fann eg ikkje oppskrift på kjolen her, så eg får høyre med slekta. Men det var veldig gøy å leite gjennom desse oppskriftene. Noko var så gammalt og sært at eg lurte veldig på kva dei tenkte med før i tida, men det var også nokon kule ting innimellom. Stort sett var det gensarar og kofter til voksne og store barn. Håpar eg kan finne litt baby-oppskrifter om eg leitar litt til :P Før i tida kosta det tydligvis kun 75 ØRE for ei oppskrift. Tida har endra seg...