Hugsar dykk det store prosjektet som eg snakka om at eg strikka på i haust? Det var ei julegåve/bursdagsgåve så eg kunne ikkje visa det på bloggen. På nyåret gløymde eg det litt ut, men NÅ kjem endeleg bilete av prosjektet og det var ei...FANAKOFTE! Og ikkje nok med det, den er strikka i tynn alpakka og tynne pinnar, så det tok nesten heile hausten. Det var stunder der eg var så lei heile kofta at eg ville blekke ho ut av vindauget, men ho overlevde frustrasjonen min :P Og her er resultatet:
![]() |
| Eg er veldig fornøgd med resultatet, men aldri igjen! Då må det isåfall vera med tjukkare garn og pinnar :P |
| Mønster: Fanakofte smal modell frå Til fjells (sandnesgarn) Garn: Alpakka mini Pinne: nr. 2,5 og 3 Tid brukt: ein halv evigheit! |
Det var mamma som var den heldige mottakaren, og eg trur ho fallt i god smak der :) Men det manglar knappar som dykk ser på bilete, men det fekk ho i oppgåve å finne sjølv.
