Viser innlegg med etiketten Vest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vest. Vis alle innlegg

lørdag 17. januar 2015

Shorts, topp og kyse i skjønn forening

Instagram er ein veldig fin inspirasjonskilde som eg brukar dagleg (følg meg på @strikkexpressen) og eg finn støtt og stadig inspirasjon til både nye strikkeplagg og fargekompinasjonar. Før jul falt eg pladask for ein fargekombo og strikkeplagg samasetning, der eg faktisk hadde alle mønsterene OG fargar i garnlageret mitt. Så då var det berre å sette i gong! 


Setter består av Lillies topp frå hefte "Babystrik på pinde 3", bleiebukse frå Hentesettet til ministrikk.no, og 3-i-1 kyselue også frå ministrikk.no. Heile settet er strikka i babymerino frå Drops. Inspirasjon til dette nydelige sette fann eg hos @mrsdrange. Ofte må ein sjå komboen for å forstå at det er ein veldig fin fargekombo! Dette var eit slikt tilfelle. Eg ville nok aldri ha valgt denne faregkomboen ut av det blå, men med ein gong eg såg han falt eg heilt!

Mønster: Lillies Top
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 2,5 + nr. 3
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: 60g
Ettersom eg ikkje er såååå fan av vrange masker, og med tanke på at bleiebuksen kun er vrangmasker, fann eg ein genial løysning. Eg strikka den på vranga! Men å strikke denne på vranga skal ei strikke glattstrikk. Så heile shortsen blei strikka i glattstrikk, før den til slutt blei vrengt ut på "rettsida" og eg strikka så rundt beina. Det går mykje fortare å strikka han på denne måten. Eg oppdaga derimot etter eg var ferdig, at eg har mistolka oppskrifta litt, så mi bleiebukse blei med høgt liv. Normalt skulle den vore nokre cm kortare. Men pytt pytt, den funker også slik!

Mønster: Bleiebukse frå Hentesettet (Ministrikk.no)
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3 og nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 60g

Pom-ponger på bleiebuksen som matcher toppen

Mønster: 3-i-1 kyse frå Ministrikk.no
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: 3-6 mnd.
Garnforbruk: under 50g.
 
Topp og lue!

Eit komplett supersøtt matchande sett! 

søndag 14. desember 2014

Fly with me vest

Det blei i somar ein del Paelas-strikk, men det er ikkje alt som har kome seg på bloggen. Og her er nok eit Paelas-plagg som blei strikka i somar, men som har brukt litt tid på å kome på bloggen. Nemlig Fly with me vest. Eg forelska meg heilt i desse "vingene". Dei er også å finne på sommardrakten til Paelas, som eg også har strikka. 

Elsk på desse vingene!
Eg var før somaren på fabrikkutslaget til Sandnesgarn og kjøpte inn ein heil del garn. Blant desse garnøsta, dukka det opp to nøster i Alpakka i ein nydelig rustfarge. Eg syns fargen passa perfekt til dette prosjektet. Og slik blei det! 

 Kantene ruller seg litt, så den burde nok ha vore dampa. Ellers går det også an å strikke snorer til for å "binde" den saman, men eg syns den er fin utan.


Mønster: Fly with me vest frå Paelas.no
Garn: Alpakka frå Sandnesgarn
Pinne: nr. 4
Størrelse: 1-2 år
Garnmengde: 54g

Eg laga vingene større enn oppskrifta for å få meir effekt. Dette gjorde eg ved å ta opp like mange masker som størrelsen over skulle ha på pinne nr. 3,5. Så strikka eg fyrst ei ny maske i kvar maske, så ein omgang i anna kvar masker. Videre gjorde eg 6 vendinger i kvar side og fellte til slutt av frå vranga. 

søndag 18. mai 2014

:: Lille gåsunge ::

Ein liten restevest! Eg hadde 80g alpakka-garn til disposisjon, og kryssa fingrane for at det skulle strekke til. For å vera på den sikre sida strikka eg størrelse 1-2 år (minste størrelse) med ein plan om å sikte meg meir inn på ca 1 år. Det gjorde eg ved å ha ein halv pinnestørrelse mindre, og kutta nokre cm på lengden. Det funka fint, for totalt garnforbruk blei ca 60g!

Vesten blir strikka på vrangen fram til deling til fram og bakstykke, då vrengte eg den til rettsida. Grunnen til at den blir strikka slik er for å sleppe å strikke så mange vrange masker. Genial løysning i grunn, for ein overdose av vrangmasker er ikkje heilt min smak. Eg blei ikkje heilt fornøgd med knappevalet, men dei får duge fram til nye kjem i posten.




Mønster: Lille gåsunge
Garn: Alpakka frå Drops
Pinne: nr 3,5
Størrelse: 1-2 år
Garnforbruk: ca 60g

søndag 2. mars 2014

Dåpsgåve

Også dåpsgåver blir strikka her i gården, som det meste ellers! Ein slepp ikkje unna strikkedilla her i heimen! Men heldigvis ser det ut som dei fleste er fornøgd med å få strikkeprodukter i tide og utide. Eg blei kjempefornøgd med denne dåpsgåva, og det trur eg også dåpsbarnet blei (i hvert fall foreldra!)

Heile settet blei strikka i Baby Merino frå Drops, eit av mine favorittgarn, OG alt garn blei tatt frå lageret! Settet består av shorts, Bellatopp, Babybooties i perlestrikk og lettstrikka lue frå nøstebarn med vevstrikk


Vi starter med tilbehøret; babybooties og babylue:


Mønster: Red Queen Sandals frå boka "Baby booties and socks"
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: ca 20g

Mønster: Lettstrikka babylue frå Strikk til Nøstebarn
(Strikka med vevstrikk)
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: ca 30g
 

Eg pynta både lua og sokkane med søyfe som eg strikka. Dette er veldig enkelt å lage og veldig dekorativt! Det du berre gjer er å strikke eit rektangel i den størrelsen du ønsker. Eg la opp 17 m og strikka 13-14 omganger i perlestrikk før eg fellte av. Videre tar du berre ein tråd og surrer denne rundt på midten (brett sløyfa litt fint først), og bruker tråden til å feste den på plagget. 

Bukse og topp:

Mønster: Shorts frå "Den store guttestrikkeboka"
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: ca 64g

Mønster: Bellatopp frå "Babystrik på pinde 3"
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: 2,5
Størrelse: strikka 9-12 med mindre pinnar,
skikkelig størrelse ca 6 mnd
Garnforbruk: ca 74g

To fargar i hvert fall eg syns var nydelige sammen!
 Heile settet:





onsdag 1. januar 2014

Strikkeåret 2013

Eg har sett at fleire bloggarar har tatt ein oppsummering av strikkeåret som nå er ferdig, og eg tenkte at eg også ville gjere eit forsøk på dette! Men når eg starta å sjå over kva eg har strikka, fann eg ut at eg har veldig dårlig oversikt over kva eg har strikka, garnforbruk, garn inn og ut av lageret osv. Derfor blir eit av mine nyttårsforsett å bli flinkare på å holde styr på dette! Det er jo alltid gøy å sjå kor mykje garn det går med til dei ulike prosjekta, og det kan også vere greit å få ein viss kontroll over garnlageret. Eg fryktar at garnlageret mitt også i år har blitt større og ikkje mindre, eg vågar i alle fall ikkje å estimere kor mykje garn som er kome inn...men men! 

Men over til det som er interresant! Kva blei egentlig strikka i 2013? Etter å ha sett litt grovt over bloggen kom eg fram til at dette blei strikka i år: 

6 par vottar
15 luer
4 vestar
5 kjolar
5 gensarar, herav 3 Oslo-anorakkar
6 babyjakker
5,5 par babysokkar
5 bukser, herav 3 ballongbukser
3 skjerf/hals
3 par sokkar/tøfler

I alt er det strikka 57,5 plagg! Slettes ikkje verst! Det er moglig at eg har gløymt noko eller tatt med noko som eigentlig blei strikka før nyttår i fjor, men sånt sirkus i alle fall! 

Av alle desse plagga finn du kun 2 egostrikk: lun genser og camelon-genser, begge frå Pickles. Ellers har det gått MYKJE i babystrikk. Ein del av babystrikket har blitt gitt bort til venner og kjente, mens den resterende delen har blitt putta i gåveeska. 



Måtte 2014 bli nok eit godt strikkeår!

mandag 30. september 2013

It's a girl!

Nylig fikk eit vennepar av oss ei lita søt jente. Sjølvsagt måtte eg strikke noko til denne lille herligheten.   Logestikken har ikkje vore den beste i det siste, så strikkeprodukt produsert til gåveeska er vesentlig høgare enn strikkeprodukt som går ut av gåveeska. Det var derfor mykje å ta av! Eg fylte like så godt opp ei lita eske med diverse strikkeprodukt som dei fekk i barselgåve:

It's a girl!

Mjukaste bamsen og mykje strikkerier!

Gåva blei godt tatt imot av fornødde foreldre 

Eg strikka i utgangspunktet eit sett som skulle bli barselgåva, men som dykk ser blei eg litt reve med! Det var ikkje så mykje som var passelig enda, sidan det var ei veldig lita jente, så eg gler meg til å sjå korleis det vil bli på ho når ho veks litt til. Noko er ting som er blogga om før (som denne toppen og desse sokkane), mens noko er nytt og vil komme på bloggen etter kvart. Så ta ein titt innom framover om du vil sjå kva som var i eska! 

onsdag 25. september 2013

Lillies topp #2

Denne toppen er allerede ein favoritt hos meg. Mønsteret er så fint og toppen er så utrolig søt! Dette er nummer to eg strikkar (sjå nummer 1 her), og eg skal også ha ein halv ein som ligg her eit sted blant alle UFOane mine også. Med andre ord så er dette en topp eg LIKAR å strikke! 



Mønster: Lillies Topp
Garn: Drops Baby Merino
Størrelse: 6-12 mnd
Pinne: nr. 2,5
Og denne står jo fint i stil med sette som blei strikka i forrige innlegg, mulig dette blir ein barselgåve på sikt!

torsdag 25. april 2013

Garnproblem løyst

Vesten som eg hadde for lite garn til er blitt ferdig, med ein kreativ løsning. Når ein ikkje har meir garn, må ein rett og slett ta det ein har! Og resultatet blei nå ikkje så aller verst syns eg:

Fullført med litt grått

Grå hals og armar
 Eg har strikka denne vesten før, men då i ein størrelse større:
To søte små vestar

Mønster: Fin Flettevest
Garn: Duett og litt Duo frå Sandnes
Pinne: nr. 4,5
Størrelse: 2 år (til venstre) og 1 år (til høgre)
Garnforbruk: 2 år; i overkant av 2 nøster
1 år; i overkant av 1,5 nøster + litt til hals og ermer
 




onsdag 27. mars 2013

Lillies Top

Det nye hefte "Babystrik på pinde 3" av Lene Holme Samsøe har gått som ein farsott på strikkebloggar for tida. Så sjølvsagt måtte eg også gå til anskaffelse av dette! Og ingen anger her i gården, for dette hefte er berre herlig! Fyrste mønster ut for min del blei Lillies top. Eg har fått heilt dilla på vestar og denne likte eg kjempegodt. Gøy å strikke og utfallet blei supert!

Lillies top i blålilla, i forsøk på å strikke kjønnsnøytralt...

Mønster: Lillies Top
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3
Mengde garn: ca 1,5
Eg strikka toppen i Drops Baby Merino, eit garn som er tjukkare enn det oppskrifta sa, så eg reknar derfor med at vesten er litt større enn 0-3 mnd. Hefte har eg (syster mi) kjøpt på Sandnesgarn utsalg i Stavanger, men det er også å få tak i både på nett (f.eks rasmilla.dk) og i nokre strikkebutikkar (f.eks på Oslo City). Heftet er forresten på dansk, men i motsetning til muntlig dansk, er skriftlig dansk veldig forståelig og ingen problem å tyde.

torsdag 28. februar 2013

Lever på kanten...

Eg berre måtte prøve, berre måtte. Det kunne jo gå. Kanskje! Prøv da vel. Kom igjen!



Det gjekk ikkje. 

Men det var nesten. NESTEN!

Spesielt fint at dette garnet er gått ut av produksjon og vesten min er IKKJE ferdig. Great! 
(Ps. det er Duett frå Sandnesgarn farge nr. 5962. Hint hint!)

Revisoren som lever litt på kanten...

lørdag 2. februar 2013

Supersøt flettevest

Når eg såg denne vesten hjå Pickles i butikken deira, fall eg pladask. Heldigvis for meg så hadde eg noko passande garn i garnsamlinga mi. Valget fall på garnet Duett, eit garn som nå har gått ut av produksjon hos Sandnesgarn, som eg kjøpte billeg for ei tid tilbanke. Det er ein blanding av ull og bomull, noko eg syns passa perfekt til ein slik vest.




Mønster: Fin flettevest frå Pickles
Pinne: 4,5
Størrelse: 2 år
Garn: Sandnes Duett (Utgått)
Garbmengde: 2 nøster
Vesten var kjempegøy å strikke og det gjekk kjempefort å strikke han. Den er så søt at den er til å ete opp! Det kjem definitivt fleire av denne. Berre synd eg ikkje har nokon å gi han bort til enda, så foreløpig får han ein plass i strikkekurven...

fredag 26. oktober 2012

Babytrøye

Sjå kva eg fann! Denne trur eg at har ligge i skapet sidan i somar. Det einaste som mangla var å sy saman sidene og sidan eg hadde "bli ferdig med liggande strikketøy helg" for litt sidan, så blei denne ferdigstillt! Den er jo supersøt. Sjølvsagt utan mottakar, som det meste eg strikkar, så den blir nok liggande i kurven ei stund til. Ulempen med å la ting ligge så lenge før dei er ferdige og kjem på bloggen, er at eg gløymer ut fakta som pinnestørrelse... Eg veit heller ikkje heilt kva størrelse han er, så det får bli ein barselgåve ein gong, så er eg sikker :P Den er ikkje så stor, men er veeeldig stretchy :)


Oppskrift: Babytrøye frå "Strikk til nøstebarn"
Garn: Babyull frå Gjesdal
Pinne: Nr. 4, trur eg.
Størrelse: Usikker...
Og nå er det endelig heilg! Eg har jobba laaange dagar kvar dag denne veka, noko som har resultert i null strikking. Fekk skvisa inn EIN omgong i går før eg hoppa i seng, men thats it! Så nå har eg benka meg til å i sofan, og aktar ikkje flytte meg. Nå skal det strikkast! GOD HELG! :D