Det blei i somar ein del Paelas-strikk, men det er ikkje alt som har kome seg på bloggen. Og her er nok eit Paelas-plagg som blei strikka i somar, men som har brukt litt tid på å kome på bloggen. Nemlig Fly with me vest. Eg forelska meg heilt i desse "vingene". Dei er også å finne på sommardrakten til Paelas, som eg også har strikka.
Elsk på desse vingene! |
Eg var før somaren på fabrikkutslaget til Sandnesgarn og kjøpte inn ein heil del garn. Blant desse garnøsta, dukka det opp to nøster i Alpakka i ein nydelig rustfarge. Eg syns fargen passa perfekt til dette prosjektet. Og slik blei det!
Mønster: Fly with me vest frå Paelas.no Garn: Alpakka frå Sandnesgarn Pinne: nr. 4 Størrelse: 1-2 år Garnmengde: 54g |
Eg laga vingene større enn oppskrifta for å få meir effekt. Dette gjorde eg ved å ta opp like mange masker som størrelsen over skulle ha på pinne nr. 3,5. Så strikka eg fyrst ei ny maske i kvar maske, så ein omgang i anna kvar masker. Videre gjorde eg 6 vendinger i kvar side og fellte til slutt av frå vranga.
Den var nydelig! :)
SvarSlettPaelas har mye vakkert, holder på med Myk vinterkjole nå :)
De armene er så vakre :)
Håper du koser deg i førjulstiden :)