Viser innlegg med etiketten Ministrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ministrikk. Vis alle innlegg

onsdag 4. januar 2017

Somarsett frå Gustav&Berta

Lyseblått er utrulig søtt til jenter, og spesielt til somartider syns eg. Derfor fann eg ut at eg skulle bruke nok av Duett-garnet eg kjøpte for lenge sidar på Sandnesgarn Fabrikkutsalg til eit somarsett. Settet eg har strikka er frå boka frå Gustav & Berta, Strikk til smårollinger. 
Jakke og romper-sett

Mønster: Romperjakka
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Duett
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 2-6 mnd
Garnforbruk: 147g

Mønster: Romper
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Duett
Pinne: nr. 2,3, 3 og 3,5
Størrelse: 2-4 mnd
Garnforbruk: 117g

Detaljer

Baksida
 Settet blei imidlertid noko større enn planlagt, for eg trur kanskje at Duett har litt tjukkare strikkefasthet enn garnet i oppskrifta. Men pytt pytt, då får det blir eit somar/høstsett! Brukt blir det uansett. 

Settet samla

Settet samla, kombinert med ste skinnsko frå Ministrikk.no

torsdag 22. desember 2016

Margotbuksa

Margotbuksa frå Ministrikk.no har gått som ein farsott på Instagram denne hausten. Eg kjøpte mønsteret for lenge sidan, men har ikkje fått rota meg til å strikke den, før nå! Den var nokså rask å strikke, heldigvis, og eg syns resultatet blei søtt. Det er imidlertid ein nokså tettsittande modell, så eg er spent på å sjå den på ein liten krabat.

Margotbuksa og sko frå Ministrikk.no

Mønster: Margotbuksa
Nettside: ministrikk.no
Garn: Tynn Merino frå Sandnesgarn
Farge: Klompelompe 6521
Pinner: nr. 3
Størrelse: 0-6 mnd
Garnforbruk: 81g

Baksida

Margotbuksa og jakka frå hentesettet, begge frå Ministrikk

Margotbuksa og rillejakka

søndag 11. desember 2016

Kalinkaromper, kalinkaromper, kalinkaromper!

Er det eit plagg eg har strikka møkje, så er det kalinkaromperen. Eg trur faktisk ikkje at det er ei oppskrift som eg har strikka SÅ mange gonger enn denne. Men med god grunn, den er jo sukkersøt!

Denne gongen blei den strikka i anledning babyshower, og i den anledning fann eg fram alle kalinkaromapane eg hadde liggande og tok eit gruppebilete!

Mønster: Kalinkaromperen
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3,5 og 4
Størrelse:3-6 mnd
Garnforbruk: ca 85g

Frå venstre; Kit strikka i Lille Lerke, grå og rosa strikka i Merino Extra fine,
og den sjøgrønne i Lark frå Quince&Co

Dei 5 frå venstre er Kalinkaromperen, den blå Fletteromper og den lilla hullmønstret romper

Kalinkaromper med egen vri i midten

Romper, romper, romper! 

Går aldri lei! 

søndag 4. desember 2016

Favoritter

Samling av nokon av mine favoritter!

Hentesette frå ministrikk.no har lenge vore ein favoritt hos meg. Mønsteret er så enkelt, men likevel så vakkert! For ei stund sida strikka eg også strømpebuksa frå knittingforolive.dk. Det viste seg at desse to plagga var som skap for kvarandre. Dei passar så utrulig godt i lag. Derfor endte eg med å strikke to sett, både eit i kvitt og eit i grått. I ulik størrelse så klart.  

Den fyrste jakka frå hentesettet strikka eg i 2014! Den har i ettertid fått ein del meir tilbehør, blant anna strømpebuksa. Les om jakka her.


Utrulig fin med strømpebukse til!
 Og så det gråe settet ut:

Her har det også lurt seg inn ei kulekyse

Settet blei ferdig ein fin somarsdag

Og så begge sette saman: 

Kvitt og grått saman, i str. mini og litt større



Info om dei ulike plagga:

Mønster: Jakka i "Hentesettet"
Nettside: ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 96 g
Mønster: Jakka i "Hentesettet"
Nettside: ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 90 g

Mønster: Olives strømpebukse
Nettside: knittingforolive.dk
Garn: Baby Mernio
Pinne: nr. 3
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 86g


Mønster: Olives strømpebukse
Nettside: knittingforolive.dk
Garn: Baby Mernio
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 75g
 Kulekysa var så fin til, at eg trur eg må strikke ei til det kvite settet også!

Mønster: Kulekyse
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 33g

onsdag 23. november 2016

Kalinkaromperen, IGJEN!

Kalinkaromperen blir eg aldri lei! Lettstrikka, rask og søt! Den er også ei veldig kjekk barselgåve, nettopp fordi den er rask og enkelt å strikke, og den blir supersøt på ein ny verdensborgar. Denne gongen strikka eg den i mørk koksgrå, kanskje litt uortodoks til dei små, men saman med ein søt kvit kragebody blir det veldig bra trur eg.

Mønster: Kalinkaromperen
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinner: nr. 3,5 og 4
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: 100g
Kvit strømpebukse og sko frå Holalola.no
Eller kva med litt curry? 
Flettedetaljer!
Curry og brunt!

søndag 6. november 2016

Baggy vårbukse

Baggy vårbukse, nok ei av ministrikk's faantastiske oppskrifter. Den er så utrolig søt! Denne buksa er også til ei god venninne, og den lille solstråla hennar. Den satt heldigvis som eit skot! 

Mønster: Babby vårbukse
Nettside: ministrikk.no
Garn: Lille lerke
Pinne: nr. 3,4 og 4
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: totalt ca. 112g
(ca 20g rosa og resten grått)

Baggy vårbukse
Baggy vårbukse og pixielue

Sko frå Holalola.no

tirsdag 19. april 2016

Kalinkaromperen med egen vri

Eg er stor fan av kalinkarmperen frå ministrikk. Den er både fin å sjå på, og enkelt og rask å strikke. Men eg er også veldig glad i flette-flette, slike strikkefletters som ser ut som ei "skikkelig" flette. Derfor fann eg ut at eg ville prøve å strikka kalinkaromperen med denne fletta i staden for. 

Slik blei fletta

Den blei akkurat slik som eg hadde håpa på:

Mønster: Kalinkaromperen med egen vri
Nettside: ministrikk.no + strikkexpressen
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne:nr. 3,5 og 4
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 89g
Eg rota også fram hentesettet som eg har strikka for ei god stund tilbake (har berre ligget i gaveskuffen siden) og fann ut at jakka og lua var god match til romperen:






torsdag 17. desember 2015

Kalinkaromper

Kalinka-romperen, så enkel, men så fin! Den går veldig fort å strikke og eg blir liksom ikkje lei! Denne gongen strikka eg han i eit garn som var meir rett iforhold til strikkefastheten. Lark frå Quinceandco, som blei innkjøpt i Melbourne. Fargen er ein nydelig petrol og gjorde seg godt til denne romperen syns eg. 

Eit lite garnnøste blei igjen av dei opprinnelige to nøsta
Romperen lå lenge i sekken min utan knappar, men etter å ha godt amokk på eit marked i Hanoi i Vietnam, fekk den også knappar på!

Fiks ferdig romper med knapper
Nydelig flette går ned langs heile framsida
Knappane passa bra syns eg
Baksida
Mønster: Kalinkaromperen
Nettside: ministrikk.no
Garn: Lark frå Quince and Co (Belize)
Pinne: 3,5 og 4
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: i underkant av to nøster
Resultatet av 2 nøster Finch og 2 nøster Lark