Kalinka-romperen, så enkel, men så fin! Den går veldig fort å strikke og eg blir liksom ikkje lei! Denne gongen strikka eg han i eit garn som var meir rett iforhold til strikkefastheten. Lark frå Quinceandco, som blei innkjøpt i Melbourne. Fargen er ein nydelig petrol og gjorde seg godt til denne romperen syns eg.
Eit lite garnnøste blei igjen av dei opprinnelige to nøsta |
Romperen lå lenge i sekken min utan knappar, men etter å ha godt amokk på eit marked i Hanoi i Vietnam, fekk den også knappar på!
Fiks ferdig romper med knapper |
Nydelig flette går ned langs heile framsida |
Knappane passa bra syns eg |
Baksida |
Mønster: Kalinkaromperen Nettside: ministrikk.no Garn: Lark frå Quince and Co (Belize) Pinne: 3,5 og 4 Størrelse: 3-6 mnd Garnforbruk: i underkant av to nøster |
Resultatet av 2 nøster Finch og 2 nøster Lark |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)