Når eg var i Australia undersøkte eg om det var nokon plass som solgte Quenice&Co garn, då eg trang desperat påfyll og syns dette garnet er så fint. Tilfeldigvis fann eg ein strikkebutikk i Melbourne, ein av våre stopp, som hadde dette garnet. Lykkelig kom eg ut frå butikken med 4 nøster; 2 nøster Finch og 2 nøster Lark. Strikkeplanane var lagt før eg gjekk inn i butikken; eg skulle endelig få strikka Little Edit's Romper, den fine fletteromperen eg hadde sugla på så lenge. Dei fleste som les bloggen min veit vel at eg er litt svak for rompere!
Little Edith's romper |
Fletter som blir breiare og breiare |
Og oppskrifta skuffa ikkje! Eg likte oppskrifta veldig godt, og det gjekk forholdsvis fort å strikke den. Den blei for øvrig strikka i Finch i fargen Carrie's Yellow, og eg brukte faktisk ikkje meir enn litt over eit nøste på ein i størrelse 4-8 mnd. Eg trur kanskje garnet var ein anelse tynnare enn kva oppskrifta seier, så det kan hende den ikkje er fullt opp til 8 mnd. Eg får låne ein baby å prøve!
Fletter ned langs sidene |
Baksida |
Mønster: Little Edit's romper Nettside: littleedithsknit.com Garn: Finch (Carries Yellow) Pinne: nr. 3 og 3,5 Størrelse: 4-8 mnd Garnforbruk: Litt over 1 nøste |
Då gjenstår det berre å finne eit passande prosjekt for den lille resten!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)