Etter at eg strikka Pocket Playsuit endte eg opp med å ha i underkant av eit nøste grå mini duett til overs. Eg grunda lenge på kva eg kunne klare å laga av kun denne lille resten, og tok derfor ein surferunde på instagram. Då kom eg over ein utrolig søt liten shorts/bleietruse i glattstrikk med fletter på sidene. Ein slik i liten størrelse ville vera eit passande prosjekt for den lille garnresten min! Det fantes ikkje noko oppskrift på den, så eg tok rett og slett utgangspunkt i bleiebuksen frå "Hentesettet" frå Ministrikk.no og tilpassa den undervegs. Det fungerte veldig bra, og eg kunne nesten berre følge oppskrifte kor eg då strikka glattstrikk og fletter i sidene. Det vart til og med att ein liten garnstump, så det var ikkje mange gramma som gjekk til denne.
Bleiebukse med fletter |
Utrolig søt og liten |
Baksida |
Flette i siden |
Mønster: Bleiebukse frå Hentesettet med egen vri Nettstad: Ministrikk.no/Strikkexpressen Garn: Mini duett Pinne: nr. 3 Størrelse: 0-3 mnd Garnforbruk: mindre enn 1 nøste |
Helledussen så mye fint du strikker. Nydelig bleiebukse og super bruk av restegarn ^_^
SvarSlett