Viser innlegg med etiketten Paelas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Paelas. Vis alle innlegg

torsdag 15. desember 2016

Snorkedressen

Snorkedressen frå Pickles.no er utrolig søt. Eg har sitt fleire variantar på Instagram, og det tok litt tid å bestemme seg for fargar. Men eg fall til slutt for ein versjon som var blitt strikka i lys grå, lys rosa, mørk rosa og gråblå. Garnet blei kjupt hos Pickles

Mønster: Snorkedressen
Nettside: Pickles.no
Garn: Extra Fine Merino
Pinne: nr. 5,5
Størrelse: 0-4 mnd
Garnforbruk: 284 g total. I underkant av 5 nøster hovedfarge,
og resten kontrastfarge.
 Fargane eg brukte var: Hovedfarge (lys grå) platina (1120), kontrastfarge mørk gammelrosa (også brukt på armer og bein) polaroria (25), kontrastfarge lys rosa; jordbæris (26) og gråblå "den lyseblå time" (110). 
Godt fornøyd med fargesamansetningen

Baksida
Av restene blei det også strikka ei Pixielue frå Paelas. Denne har eg forminska litt for å få den i same størrelse som dressen. Dette gjorde eg emkelt med å berre legge opp litt færre masker.


Mønster: Pixie lue
Bok: Barnestrikk fra Paelas
Garn: Extra fine merino
Pinne: nr. 4
Størrelse: ca 0-3 mnd
Garnforbruk: 34g

Samla sett

søndag 6. november 2016

Baggy vårbukse

Baggy vårbukse, nok ei av ministrikk's faantastiske oppskrifter. Den er så utrolig søt! Denne buksa er også til ei god venninne, og den lille solstråla hennar. Den satt heldigvis som eit skot! 

Mønster: Babby vårbukse
Nettside: ministrikk.no
Garn: Lille lerke
Pinne: nr. 3,4 og 4
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: totalt ca. 112g
(ca 20g rosa og resten grått)

Baggy vårbukse
Baggy vårbukse og pixielue

Sko frå Holalola.no

lørdag 29. oktober 2016

Snekkerstrikkebukse

For ei tid tilbake fekk ei god venninne av meg ein liten gut. I julegåve fekk ho "gavekort" på eit valfritt strikkeplagg av meg, ettersom eg ikkje hadde hatt tid til å lage noko, då eg nett hadde kome heim frå jorda-rundt-turen min. Ho valde etter kvart at ho ville ha snekkerstrikkebukse i str 1 år. Før somaren kom eg i gong med buksa, det tok litt tid, men den blei heldigvis ferdig i god til før han blei 1 år. Han satt som eit skot på den vesle sjarmøren!

Oppskrift: Snekkerstrikkebukse
Nettside: Paelas.com
Garn: Lille Lerke
Pinne: nr. 3,5
Størreølse: 1 år
Garnforbruk: 130g
Eg elskar fargen! 


Baksida

søndag 2. oktober 2016

Kjappstrikka drakt og pilotlue

Når du treng ein rask barselgåve er kjappstrikka drakt frå Paelas perfekt. Den går, som navnet tilsier, veldig raskt å strikke og den er veldig søt på. Denne gongen blei den strikka i Ekstra Fine Merino frå Pickles. 

Mønster: Kjappstrikka drakt
Nettside: Paelas.com
Garn: Ekstra Fine Merino (Pickles)
Pinner: nr. 4
Størrelse: 0-6 mnd
Garnforbruk: 50g


I tillegg til romperen strikka eg pilotlua frå Klompelompe. Ei enkel men veldig søt lue. 


Mønster: Pilotlue
Bok: Klompelompe
Garn: Ekstra Fine Merino (Pickles)
Pinner: nr. 4
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 20g


søndag 8. mai 2016

Olivias omslagsjakke og omslagsbukse

Det kom ei lita jente i vinter, og sjølvsagt måtte ho få litt varme klede i kulda! Valet denne gong fall nok ein gong på Olivias omslagsjakke frå Pickles. Eg liker så veldig godt kombinasjonen av glattstrikk og rillestrikk. Eg har strikka denne fleire gonger, du kan lese om det her og her. 

Mønster: Omslagsbukse
Nettside: Paelas.com
Garn: Tui fra Raumagarn
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 76g
Mønster:Lue m/øreklaffer
Bok:
Garn: Tui frå Raumagarn
Pinne: nr. 4
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 25g
Mønster: Olivias omslagsjakke
Nettside: Pickles.no
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: ca 100g


Fullt sett!

tirsdag 3. mai 2016

Pixieluer

I jula fekk eg dilla på Pixie-lua fra Paelas.com, og det gjekk hardt utover garnlageret til mamma. Heldigvis var det stort sett restegarn eg sneik til meg. 


Lua i lavendelfarge blei strikke mindre enn minste størrelse. Dette var enkelt gjort ved å redusere litt masker etc. Resultatet var ei lue på ca 3-6 mnd. 

Mønster: Pixielue
Nettside: paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: ca 3-6 mnd
Garnforbruk: 60g

Mønster: Pixielue
Nettside: paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: 68g
Mønster: Pixielue
Nettside: paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: 82g




mandag 25. april 2016

Kjappstrikka drakt og Faunalue x2

Når eg var heime hos mine foreldre i jula fann eg ein kasse med mamma sitt "restegarn". Ho hekla for ei stund tilbake fleire nydelig tappetepper i Merino Extra fine frå drops, det vil då sei at "restegarnet" var fleire fulle nøster i ulike fargar. Eg nappa til meg fleire av desse nøstene og fikk strikka ein del småstrikk i løpet av jula. Blant anna ein kjappstrikka drakt, og to faunaluer. 

Kjappstrikka drakt i isblått blei til i jula, men den lilla strikka eg for lenge sidan. Eg såg nokon på Instragram som hadde strikka faunaluen til den kjappstrikka drakten og syns det var ein fin match. Derfor blei det til både ei faunalue i isblå og ei lilla til den kjappstrikka drakten eg hadde i gåveskuffen. 

Ein stor og ein liten:


Strikkestabel
Den lilla drakten kan du se mer info om her.
Lua er ekstra søt med dusk!
Mønster: Kjappstrikka drakt
Nettside: Paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne:nr. 4
Størrelse: 0-6 mnd
Garnforbruk: 68g


Mønster: Faunalue x2
Nettside: Paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne:nr. 3
Størrelse: 6-18 mnd
Garnforbruk: 41g/40g

søndag 10. januar 2016

Omslags-shorts

Det er alltid gøy når ein kan bruke restegarn til noko nyttig, og etter å ha strikka omslagsbuksa, hadde eg ein litan rest igjen som rakk til ein litan omslagsshorts! Når ein er ute å reiser må ein bruke det ein har! Den blei utrulig liten og søt, og veldig mjuk i babyalpakka innkjøpt i Peru.

Baksida

Omslagsshorts


Omslagsshorts

Mønster: Omslagsshorts
Nettside: Paelas.com
Garn: Indiecita DK
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: ca 1 nøste

mandag 26. oktober 2015

Omslagsbukse

Jentene i Paelas har ein tendens til å lage mønstre som får det til å klø litt ekstra i strikkepinnene. Og omslagsbuksen er intet unntak. Mens eg var i Peru, nærmare bestemt i Cusco, fann eg ein liten butikk som solgte klede lagd av alpakka. Det viste seg at dei også solgte litt garn av merke Indiecita DK som er laga av baby alpakka, noko som gjer garnet supermjukt! 4 nøster fekk blitt med meg heim den dagen. Men eg visste ikkje heilt kva eg sko laga av dei, heilt til eg såg omslagsbuksa på Paelas.com. Gartjukkelsen passa og eg hadde faktisk rette pinnar med meg også! Flax, med tanke på at eg kun har med nokre få pinnar.

Mjuke deilige nøster frå Peru
Omslagsbuksa var veldig morosam å strikke, og litt annleis enn andre brukser eg har strikka. Denne strikkes flatt i eit stykke, for så å bli sydd saman. Eg lurte litt underveis på om det kunne vera riktig, for det spg litt merkelig ut til tider syns eg, men den blei som den skulle til slutt:

Før montering
Etter montering
Når buksa var ferdig montert knota eg først litt med korleis snora skulle festast, men det gjekk seg til det også. I tillegg til å feste snora, hekla eg også to små hemper. Fingerhekla vel og merke, for heklenål har eg sjølvsagt glømt å ta med meg på reise, men det funka det også, og det er godt gamle kunster også kan komme til nytte! 

Baksida
Strikket snor og hemper i siden og midt bak

Buksa blei utrolig nydelig syns eg, all ære til dei flinke Paelas-jentene som har laga denne oppskrifta! Og garnet eg valgte gjorde at buksa blei silkemjuk og deilig! Det passa verkelig godt til oppskrifta. Dette er definitivt ei av mine favorittbukser, og eg ser for meg at det vil bli ein del av desse framover. Perfekte til barselgåve!
Mønster: Omslagsbukse
Nettside: Paelas.com
Garn: Indiecita DK
Pinne: 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: ca 2,5 nøster