Sjå kva som kom dumpande ned i postkassa mi nå på nyåret;
 |
| Tre stk bloggbøker rett frå pressa! |
Dette er det mest geniale eg har vore borti! Eg har brukt denne sida:
Blog2print, inspirert av bloggen til
Meretemonstermønster. Her tar du rett og slett å skriv inn bloggadressa di, dato til/fra når du vil ha boka frå og vips! der har du ei bok! Det er også mogligheiter til å redigere litt, legge til bilete på framsida osv. Men det tar ikkje lange tida og ikkje er det særlig dyrt syns eg, det var verdt kvar ei krone. Eg betalt i underkant av 500 kr for den tjukkaste boka som er på 160 sider(?!), inlkludert frakt. Heeeeilt overkommelig for så bra resultat :)
Eg har laga ei bok frå kvart år eg har blogga. Derfor er boka frå 2010 nokså tynn, eg starta jo på slutten av året. 2011 er ganske tjukk, mens 2012 er sterkt prega av at det var siste halvåret på masteren + starta i jobb, så den er noko slankare.
Eg blei ganske fornøgd med kvaliteten også:
 |
| Boka frå 2012 |
 |
| Baksida |
 |
| Mariusjakka mi frå 2011 |
 |
| Sokkar og Paris i 2012 |
 |
| Artikkel frå den gongen eg vart helgas blogg våren 2011 |
 |
| Mykje produksjon |
 |
| Himalaga av Marie |
No har eg bloggen for evig og alltid i papirform, noko eg syns er stas! Kjempekjekt å bla gjennom bøkene og sjå kva eg har laga opp gjennom åra. Dette blir nok fast tradisjon! Kven skulle vel tru at eg ein gong sko skrive, ikkje berre ei, men 3 bøker? Hihi, superstas! ;)