@knitsandpieces har den siste tida kome ut med nokre flere oppskrifter. Eg bestemte meg for å prøve den som heiter "Olas shorts". Tilfeldigvis hadde eg passande garn i garnsamlinga mi, så her var det berre å sette i gong. Buksa blir strikka i eit stykke, noko som vil sei minimalt med montering. Effekten med lommane på framsida er ein morosam effekt og blir laga enkelt ved å strikke nokre ekstra knappehull.
Som du ser av bilete har denne vore ferdig ei stund.... |
Oppskrifta og andre oppskrifter frå Knitsandpieces kan du finne på ravelry.
Framsida |
Baksida |
Mønster: Olas shorts Garn: Merino Extra Fine Størrelse: 6 mnd Pinne: nr. 3,5 og 4 Garnforbruk: 71g |