Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg

mandag 26. oktober 2015

Sparkebuksesett

Det har lenge vore planar om å strikke dette settet, men strikkelista er lang som eit vondt år og den berre veks og veks! Men nå som eg er på verdens-reise i 6 mnd, var eg litt lur, for då tok eg med meg garn nok til heile dette settet. Og når du har begrensa tilgang til garn, ja då strikkar du faktisk det du har garn til! 

Heile settet er difor blitt nokså internasjonalt og jakka har vært med gjennom heile fire land; Belize, Guatemala, Nicaragua og Costa Rica! Buksa derimot blei påbegynt i Costa Rica, strikka på i Panama og fullført på Galapagos! Det er ikke ofte strikke plagga mine er så bereist! 

Settet er strikka i Mini Duett frå Sandnesgarn som blei kjøpt på fabrikkutsalget til Sandnesgarn til ein billig penge. Så heile dette sette kom vel kanskje på ein hundrelapp. Ikkje verst må eg sei! Eg huskar dessverre ikkje heilt kor mange garn eg hadde med meg, men eg meiner på at det var 5 stk, og sit kun igjen med ein litan stomp. 

Førsta mann ut; Jakka: 
Mønster: Jakke i Sparkebuksesettet
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: I underkant av 2 nøster
Neste mann ut; sparkebuksa:
Mønster: Sparkebukse i Sparkebuksesettet
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: ca 2,5 nøster
Og til slutt; Lua
Mønster: Clover Earflap Hat
Garn: Mini duett
Pinne: str. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd.
Garnforbruk: Rundt et halvt nøste
Heile settet samla;

Litt fleire detaljer:
Toppen på sparkebuksen
Søte føtter på sparkebuksen
Hele settet i skjønn forening


mandag 1. desember 2014

Garnshopping i Washington DC

I november klarte eg å skvise inn ei ferieveke, og fekk ein litt sein haustferie. Saman med ei god venninne reiste vi på shoppingtur til Washington DC og NY. Klart måtte eg på garnbutikk! I NY har eg vore på garnsafari før (du kan lese om det her), så fokuset var denne gong på Washington. Eg hadde sett meg ut ein garnbutikk av den enkle grunn at dei solgte garnet til Quince & Co. Dette garnet har sverma rundt på instagram, og eg måtte berre få kjøpt litt av dette. Dei har aldeles nydelige farger, og garnet kjenner veldig godt ut! 

Garnbutikken eg fann som hadde dette garnet heiter Looped Yarn Works. Og for ein koselig butikk! Den var å finne på 1732 Connecticut Ave i 2. etasje. Du ser den frå utsida, og det stod også ute skilt. 
Det kan vera verdt å merke seg at dei held stengt på mandagar, men åpent på søndagar.



Heile denne hylla var garn frå Quince & Co! Dei hadde fleire kvaliteter og eg var godt fornøgd! Det var ikke alle fargane eg hadde sett meg ut dei hadde, men eg fant mange fine fargar likevel! 




Sidan dei har så mange fine fargar og nyansar enn dei garnprodusentene eg vanligvis kjøper garn frå, prøvde eg denne gong å velge litt fargar som var litt "ulikt" meg. Og det syns eg at eg klarte bra! Eg har nylig innsett at gult er ein undervurdert farge, spesielt til baby. Derfor kjøpar eg alltid gult når eg finn ein fin farge. Forhåpentligvis blir det mykje gult framover. Kjenner eg gler meg veldig til å prøve ut garnet!


Garnkvalitetane eg kjøpte meg var; Tern, Finch og Chickadee. 

Eg kjøpte så mykje at eg fekk med gratis tøypose...

Fargane kjem ikkje heilt riktig fram på bilete, men fine er dei!
Det blei litt garn kan du sei...


Her er litt meit detaljert info om garnet. Fargane blir remset opp frå venstre:

Tern: 1. Backbay 2. Prout's Neck 3. Buoy 4. Terra Cotta 5. Dusk

Finch: 1. Sorbet 2. Bird's Egg


Chickadee: 1. Bird's Egg 2. Belize 3. Egret 4. Goldfinch 5. Lichen

Kofferten blei full etter dette besøket, så det blei ikkje fleire garnbutikkar denne gong...











torsdag 16. oktober 2014

Garnsafari i København

I sommar var eg ein tur i København, og som alltid når eg er på storbytur sjekkar eg korleis det er med strikkebutikkar rundt om (tips knitmap.com). Eg fekk også tips frå brukarar på instagram. Ut ifrå dette fann eg min topp 3 butikkar eg ville besøke.

Første mann ut var Rasmilla. Butikken ligger på Amager, men er berre ein kort tur med t-banen frå sentrum. Eg tok banen frå Kongens Nytorv og gikk av etter 2 stopp. Då er det berre ca 10 min å gå til butikken, som ligger i ei rolig sidegate. Butikken var veldig koselig og hadde mykje fint garn! Og ikkje minst billig. Hadde det ikke vore for at eg hadde et reisefølge å ta hensyn til, kunne eg nok blitt der ein time eller to!

Rasmilla Garn & Strik

Ein fin "liten" pose fikk vera med heim!

Neste stopp var Sommerfuglen som ligger midt i sentrum. Denne fall ikkje like godt i smak hos meg. Dei hadde i grunn eit godt utval med garn, men det var ikkje så mykje garn som eg villa ha strikka med. Men eg fekk likevel med meg eit (veldig dyrt) hespe med garn. 

Sommerfuglen

Nøstet som fekk bli med heim pga den nydelige grønfargen!

Siste stopp rett før vi skulle fra heim var Tusindfryd. Eg hadde sjekka denne ut på nettet og det såg ut som ein veldig koselig butikk med fint garn, så eg gleda meg veldig. Men den gleden skulle vise seg å vera kortvarig, ettersom dei hadde sommerstengt! I ettertid fann eg ein notis om dette på heimesida deira, men dei hadde ikkje endra dette på "åpningstider", så eg fekk meg ein bomtur...Likevel fekk eg tatt nokon snikbileter mens eg var der. Denne skal i besøkast neste gong eg er i København! 




Eg vil sei at Rasmilla var min yndlingsbutikk i København, og hadde berre Tusindfryd vore åpen vil eg tru den hadde vore nr 2!



torsdag 15. august 2013

Garnbutikk, her?

I dei alle fleste tilfeller blir eg veldig glad når eg støter på ein ny garnbutikk og er fyrste mann til å løpe inn! Men når me var på Hawaii og en fann ein garnbutikk i ein kjempelitan bygd på Kauai, må eg sei at reaksjonen var meir lik "Whaaat?!". For kven skulle vel tru at nokon ville kjøpe ULL i denne VARMEN! Og slik er det året rundt, så eg kan framleis ikkje forstå når dei skal kunne bruke ullen. Men det var jo fint for meg, for her i Norge kjem ullen veldig godt med! Og det skal også nevnast at butikken var garnbutikk slasj ukulele butikk. Det var tross alt Hawaii vi var på! 

Stort utvalg av ULL

Eit stykk nøste i fin melert rosa blei med heim :)
 Bygda vi var i heiter Hanalei, og er ein kjempesøt og liten surfebygd. Vi var innom flerie gonger for å ete lunsj og shave ice!

Shave ice er det store på Hawaii, nam!

Søte små boder overalt!

onsdag 5. september 2012

Greetings from Vilnius!

Er det alltid like stille over der?

Basic training kurs i Vinius = ingen blogging og minimalt med strikking. Travelt er vel ordet. Kurs fra tidleg morgon til seint. Og så er det jo alt det sosiale og gruppeoppgaver og det som er. Men litt morosamt er det jo også da! :)

Reknar med at det blir litt betre tid når vi kjem tilbake til kontoret og skal ha "vanlige" dagar, men foreløpig ser nå også det travelt ut. Jaja, slik er det vel å bli voksen og starte i "ordentlig" jobb.

Strikking får ein gjere innimellom slaga. Blei nå eit par masker på sengekanten i dag!

tirsdag 17. april 2012

Greetings from Paris!

I helga var eg i Paris med kjæraste min. Det var ei bursdagsgåva frå han, er ikkje eg heldig eller? :) Turen var flott! Og eg benytta sjølvsagt anledningen til å ta nokre bileter til bloggen ;) 

Nok eit par Kerttu-sokkar har blitt til.
 (dette er faktisk det 3 paret, to til gåver og eit til MEG!)




Mønster: Kerttu socks
Garn: Mor Aase
Pinne: 3,5
Størrelse: 38-39
Garnforbruk: ca 1 nøste pr sokk
Meir frå Paris vil kome etter kvart :)

søndag 5. februar 2012

Garnsafari i New York

Rett over nyttår var eg i NY med klassen min, og me hadde ein super tur! Det blei ein del shopping, men mens dei andre gjekk å handla klede og anna stasj, så var eg på jakt etter garnbutikkar :P Det var heldigvis eit par andre strikkeglade jenter med så eg kunne gå saman med, men eg trur eg var noko meir ivrig enn dei, så eg gjekk på nokon åleine også ;) Noko av det eg la merke til når eg gjekk på garnbutikkane der borte, var at dei har litt ein annan stil både når det kjem til garn og oppskrifter enn oss her i Noreg, syns eg iallfall :P Men noko klarte eg å finne likevel! Tenkte eg skulle dele litt av erfaringane eg fekk med dykk her :)

Den fyrste strikkebutikken eg var i Purl Soho, som namnet tilseier ligg denne i Soho. Nøyaktig adresse er 459 Broom Street.
Purl Soho
Purl Soho var ein stor og fin butikk, med mykje garn! Fint organisert var det også, men som eg nemnte tidlegare syns eg dei brukar ein del anna type gar, så eg sleit litt med å finne noko garn som eg kunne tenke meg. Pluss eg syns det var litt dyrt, eg som trudde at garn i USA skulle vera billing, sidan alt anna er så billigt, men neida! Men eg kom ut derifrå med 2 bøker og var i grunn kjempenøgd! Så eg anbefala denne butikken om du skulle befinne deg i Soho :)

                                 
Vintage Knits er den boka eg er mest fornøgd med av dei bøkene eg kjøpte i løpet av turen, den har så mange søte oppskrifter og eg gler meg til å prøve dei ut! :)
knit. sock. love. er ei bok med fantastisk mange fine sokkeoppskrifter. Det er lenge sidan eg har strikka sokkar, så kanskje det er på tide?

Eg hadde også lest på ein strikkeblogg om ein stor bokbutikk, Strand Bookstore, som sel både nye og brukte bøker kor du kunne finne mange strikkebøker til halv pris. Ja takk! Denne måtte eg finne! Når eg kom fram til den adressa eg hadde funne på nettet var det dette synet som møtte meg:
Strand Bookstore?
Det viste seg at dei hadde både butikk og boder/bord ute, og eg hadde tydelegvis funne adressa til der bodene stod (ved starten av Central Park) og ikkje butikken :P Men dagen etter klarte eg å finne rett plass som, altså butikken, som låg på 828 Broadway. (dei 2 bileta nedanfor er låna frå Google.no)



Her var det mykje bøker! Med litt hjelp klarte eg å finne fram til strikkebøkene. Det var mange bøker, men det var ikkje alle som var like bra. Igjen, så var det den forskjellen med kva dei i USA tydelegvis likar å strikke vs. kva nordmenn (dvs. meg) likar å strikke. Mange av bøkene såg ut som det skulle vera bra bøker, men når eg opna dei blei eg skuffa, MEN eg kom ut derifrå med to bøker bil ein billig penge! Noko bra må ein jo finne når utvalet er så stort :P


Quick Baby Knits og Chic Knits for Stylish Babies blei med meg heim derifrå. Når du får strikkebøker til 60 kr kan ein ikkje gjere anna enn å vera fornøgd! :) 

Men nok bøker, eg måtte jo kome meg på fleire strikkebutikkar også! Den neste butikken eg prøvde meg på då var Downtown Yarns
Downtown Yarns
Dette viste seg å vera ein liten og koselig butikk
Og eg kunne sjølvsagt ikkje gå heim tomhendt:
Rooosa garn!
Det blei kun med dette garnkjøpet på turen, men då var det bra at det i det minste var fint og rosa! ;)
Eg var også innom to garnbutikkar til, men utan å finne noko. Den eine var liten, den andre stor!


Gotta Knit var ein liten strikkebutikk i 5 etasje. Når eg kom inn der så satt det nokre damer rundt eit bord og strikka. Ho eine som sat der var tydelegvis nybegynnar og blei opplærd i å legge opp masker. Koselig og avslappa stemning :)

School Products
School Products fann eg oppe i 3 etasje og den var stor! Men det var ikkje så mykje garn som passa til midt bruk, men det var jo kjekt å berre gå å sjå på dei ulike garna :)

Ser at dette blei eit noko langt innlegg, men kort oppsummert:
Dette kjøpte eg meg:





Og desse garnbutikkane likte eg best og syns var verkeleg er verdt turen innom:
Downtown Yorn og Purl Soho
Så eigentleg kunne du berre ha scrolla ned og lest oppsumeringa her, i staden for å lese heie innlegget ;) Men det er jo fint om nokon klarar å kome seg gjennom heile innlegget i det minste :P